søndag 11. september 2011

Haustens grøde.

I år har hagen fått lite stell. Gubben likte  bedre å vere inne (les: jobba på vaskerommet) denne sesongen. Og eg er visst ikkje så glad i hagearbeid som eg trudde. Men noko klarer heldigvis å vokse uten dagleg og omsorgsfullt stell. Løk er av den sorten. Kvart år puttar me mange småløkar nedi molda om våren - og drar opp store løkar om hausten. Like kjekt kvart år. Og så smakar dei ekstra godt når dei har vakse i vår hage! Aprikoser er ein annan sort som utruleg nok trivst hos oss. Me har eit tre som me lenge trudde var fersken-tre. Men kvart år kom det nokre aprikoser på. I år og. Det er verkeleg kjekt å hauste frå eigen hage!
Gode søte frukter! Med nydeleg farge.

Løk frå "Konglevegen Løkfarm".

Til og med rødløken trivdest!


1 kommentar:

  1. Hallo! Fekk så lyst til å senda deg ei "hyggeleg helsing". Eg kosar meg med å kikka på alt det fine du lagar og er mektig imponert over hagen din som produserer all den fine løken! Superfin blogg!
    Helsing JorunnSB

    SvarSlett