Magisk morgon Tidlig - før sola får sleppe til. |
Det er helg - og det er laurdag. Gubben er på såkalla "treningstur" med vollyballguttane, og eg regjerer aleine på heimebane. Herlig det og. Kjekt å kose seg litt ekstra med strikketøyet då.
Eg hadde nesten tom strikkekorg. Men nå er eg i gang igjen.... Lett å finne nye nøster som ligger og roper etter meg. "Strikk av meg denne gongen!" Eg har ein jumper, nr.5, på gang - tynt garn og litt komplisert mønster gjer at det tar litt tid. Passar best aleine i sofaen. Nytt bilstrikk er på pinnane - det kan jo ver me snart skal på langtur igjen:-). Sokkar - det er jo snart haust - må ha eit par varme sokkar på hytta då! Filler - kjekke å gje bort - må ha eit lite lager. Kamel - snart jul, dei tre vise mennene er trøtte og treng å kvile seg litt! Teppe til Reise-Guro - skal jo vere ferdig i slutten av mars. Ein påbegynt arm i alpakka - eg er klar for eit stripeprosjekt. Mange kjekke ting, med andre ord. Nok å gjere - og ennå er det masse garn igjen på kammerset! Men jammen har eg slanka garnlageret mitt dette året! Det får me ta ein opptelling på seinare.
Det blei haug på denne strikkekorga. |
3.remse på Reise-Guro sitt teppe. Nesten halvvegs. Teppet består av 5 slike remser. |
Striper er kjekt - og enkelt å strikke i bil. Eg har framleis mykje tynnt ullgarn alà Sisu. Så denne gongen er det varme fargar som skal brukast opp, med litt kontrastfargar. |
Denne skal bli Fårelest - frå "Den blå tråd" på Sortland. Kjøpt på nettet. |
Tjuvstarting på stripejakke. Skal snart fortsetta. |
Kamel-produksjon. Eine pukkelen er klar. Julekrybba skal utvidast. |
Nr.5 ( i årets genserprodusjon) Framstykke, 1 arm og 1/2 bakstykke er ferdig. Det nærmar seg |
Ein smugstrikka prøvelapp. Eg har til og med kjøpt litt garn i smug - i sommar i Oslo. På Pickles. Kjem nok meir om dette i eit eige innlegg. |
Her hadde du mye på gang! Så kjekt å ha litt forskjellig, så kan man strikke etter lyst:) Det teppet kommer til å bli lekkert!
SvarSlettHerlig jeg fant blogg din i dag :-) hyggelige strikkearbeider. Söte sauer!!!Jeg har garnet ROWAN purelife 2,5 nöster restegarn... noen ting strikketöy i arbeid ogsü... nü jeg strikker strömper og votter og mohairgarnet ligger pü sofaen.
SvarSlettGlede med strikke. Kjempeflott reise til Praha, ja riktig fin byen og hyggelig med drikker kaffe eller en öl :-))
Spennende dine strikkearbeider - jeg vil se veldig gjerne.
Jeg sender hilsen deg. (unnskyld min norsk bokstaver er ikke i pc i dag plutselig- jeg vil leter!!!) Viola
Her er det bare å glede seg til ferdige produkter. Den fårelesten har jeg sansen for, likeså det lekre teppet.
SvarSlettGod, ny uke fra Ingunn