mandag 5. april 2010

Ferietid er strikketid!

I feriane har eg som regel litt ekstra tid til å kose meg med eit strikketøy! I år klarte eg å avslutta nokre strikkeprosjekt mens me var på hytta! Det er ein god følelse å festa alle trådane, rulle saman strikkepinnen og gje produktet til ein glad mottakar! Nå nærmar det seg skikkelig botnen i strikkekorga! Men nye idear er på veg! Og garnlageret ropar etter å bli brukt! Så det kriblar allereie etter å begynna på noko nytt!
"Lommetøfler" i plommetreet.
Det vart 4 par!Maren si kvite flettetjakke vart ferdig!Og ho vart hoppandes glad for den!
Terje fekk nye sokkar!
Det var faktisk det fyrste paret eg har strikka til han!
På tide - etter 25 år som mann og kone!

1 kommentar:

  1. Du er berre kjempeflinke, eg er imponert over resultata du tryllar fram.. Det såg ut som dokke hadde hatt ei herleg påske! Flott hytteplass dokke har, me har sakna vår litt denne påska, men har kosa oss med heimepåske og besøk.. Snakkast snarleg?:) God jobbstart imorgon! Klemrut:)

    SvarSlett