lørdag 7. april 2012

Påskeharetid!

Påskeharane har hatt ein fin påske. Nydeleg solskinn, tur i skogen,  bål og eggkoking, gjøyming av påskeegg, og koselege hyttekveldar. Etterkvart vart den minste og ferdig!  Eg har jammen kost meg med dette prosjektet. Var litt treg i starten, tenkte dette ikkje var noko for meg, men dei var kjempekjekke å strikke. Likte godt at heile kroppen blei strikka saman, det vart ein god fasong på dei då. Den minste er strikka rett etter oppskrifta, i finullgarn og pinne nr. 2,5. Nr.2 blei strikka i Fritidsgarn på pinne nr.4,5. Til den største brukte eg dobbel Easy og pinne nr.8. Genseren strikka eg på pinne nr.9.Ganske tjukt. Eg likar nok best tynnare prosjekt!  Men eg har fulgt oppskrifta, både med masketall og antall omgangar.

Godt i solveggen.

Nokon måtte passe påskeegget!

Gubben fann sitt egg.

Veslejenta

Eggkoking

Veslejenta i "påskeharedrakten" sin.
Den er ganske imponerandes - ho har strikt den sjølv!
For nokre å rsidan.

Kjekt med påsketur!

I nydeleg ryfylke-natur.

Minstemann - ei søt påskejente!

fredag 30. mars 2012

Hurra for Guro!

Gratulera så mykje med 22-års dagen din, Guro! Nå er du ganske vaksen! Me er jammen heldige som får ha deg i huset ennå. Men neste år kjem me til Presten Soles vei i bursdagsselskap. Du er ei flott jente, me er kjempeglad i deg. Stolt av deg;-)

To gode venner

Kjekt å fiska makrell

Jule-Guro

Ville-Guro - i tomannsjumperen på hytta

Godt med dansk soft-is!

torsdag 29. mars 2012

Strikkelyst

Ungane på skulen er ferdige med strikketøya sine. Dei har visst stor iver og entusiansme! Mange flotte produkt har blitt produsert, og både ugler, selar, sommarfuglar, lommetroll, bamsar og kattar har sett dagens lys. Nå ventar ungane  spent på å få arbeida sine med heim. Interessa har nok vore litt varierandes, men dei alle fleste likte dette kjempegodt. Og eg er kjempestolt av det me har fått til. Tålmodighet har dei og vist, med 2 lærarhender og 34 elevhender i kvar gruppe, blei det nok litt venting. Men det gjekk bra! Nå har me tatt fram hammar og sag , Kjekt det og! Det er utruleg kjekt å jobbe med ungar som gleder seg over å skape noko  med hendene og bruke sine kreative sider. Travelt - men inspirerandes! Eg har ein flott jobb!


Til og med ein elefant blei strikka - av ein gutt!









tirsdag 27. mars 2012

Påskeklare typar.

Nå er dei klare, to av påskeharane. Minstemann heng framleis på pinnane. Kanskje den får sjå påskelyset? Dei to andre er allereie blitt gode venner, og me kan nok venta oss litt av kvart i påsken. Gubben syns nok det var eit sprøtt prosjekt til å begynna med, men jammen har han skifta meining når han blei kjent med dei. Nå har han to gode kammeratar til å gjere koselege påsketing med - båttur, tur i skogen, steike pinnebrød i grua... Og me håpar sjølvsagt at dei har noko med påskeegga å gjere. Så me gler oss til hyttepåsken på Randøy! Imens me ventar kan me nyte våren i hagen! Nydelege dagar for tida, når bare tåka letter.


Tre gode venner
 
Kjekt å klatre i trær!

Sjå, me har blå himmel!

Vår i hagen

Flott og lilla.

lørdag 17. mars 2012

Sprøtt prosjekt.

Tjukke pinnar - ein pose tjukt dobbelt feilgarn frå Sandnes Garn, (Kjekt å bu like ved ein garnfabrikk!), ein ide om noko morsomt i hyttepåsken - og vips der var eg i gang med  eit nytt prosjekt. Litt løye må ein jo ha i ein travel kvardag! Lurer på kva Arne & Carlos ville sagt om dei såg gigantutgåva av deira søte lille påskehare:-) Tåspissen passa perfekt til min fot!


fredag 16. mars 2012

Meir domino!

Domino er smittsomt. Det har eg nemnt på før. Morå mi har og latt seg smitte!. Det syns eg er kjekt. Nå har ho strikka eit nydeleg teppe i varme fargar. Noko av det som fasinerer med dette strikkeriet,  er at me begynner i eit hjørne og arbeider oss ut derifrå. Resultatet veit ein ikkje noko om før teppet er ferdig. Det er  i prosessen underveis me bestemmer fargane. Og resultatet denne gongen vart og nydeleg! Bare sjå sjølv.

.

onsdag 14. mars 2012

Vaksen

Gratulera så mykje med 18 års dagen din, Maren. Tenk nå er minstejenta vaksen. Litt skummelt.... Me håpar du får ein flott dag. Lykke til med oppkjøringa som nå kan skje, sidan du er blitt vaksen! Kjempeglad i deg, og stolt av deg! Du er ei super jente:-)


Glad - Maren

Sporty Maren

To gode venner