onsdag 20. mai 2009

Konfirmasjon!


Me har hatt konfirmasjon i huset! Tenk, Maren minstejente har blitt vaksen, så godt som! Me hadde ein fantastisk flott dag, med kjempefint ver, ein nydelig konfirmant som strålte heile dagen, god mat, elggryte som kokken Tom frå Kvinlog lagte, gode kaker og kjekke og artige talar og sangar! Me er takknemlige for å ha tre flotte ungdommar i familien, og ei stor og god slekt som me kan feire ilag med!



Gratulera med dagen, Maren!



Søstrene hadde laga ein morsom tale på rim!




Maren og besteforeldrene!

Heila selskapet samla!

Me er visst ein sprø familie!

På àn igjen!

Då var det på tide med eit nytt innlegg, eg har visst ikkje vore så flink til dette som eg hadde forventa! Tida går, og har visst prioritert andre ting! Men kanskje det blir betre i framtida? Det er jo litt kjekt å ha ein blogg der ein kan lufta ting og tang som skjer i kvardagen! Det nærmar seg iallefall sommar, det er nydelig ute nå, så det gjeld å nyta dagane og leva i nuet!

onsdag 15. april 2009

Påskeferien!

Ja så var påsken over for denne gong! Rart kor fort slike fridagar går! Men me hadde ein fin påske, nokre dagar var me heime, og nokre dagar var me på hytta! Matilde var heime frå Bergen, og det er alltid koselig! Veret var ganske bra, ein del sol, varmt i lufta, heile 18 grader den eine dagen !!

På hytta likar me å stelle med litt av kvart, Terje likar godt å grave litt ute, så han sette igang med eit nytt prosjekt, nemlig grave ut for ein støypt platting framfor grua - med skifer på ! Som me har samla på mange turar i skogen! Me likar å gå på tur, og eg likar å slappe av med eit kjekt strikketøy! Maren kosar seg på trampolinen! Denne gong sydde ho og ein kjole! Ellers hadde me besøk denne påska, av hyttefolk frå Gullingen! Koselig! Me begynte og på eit oppussingsprosjekt! Nokre gamle jærstolar som Terje har funne, skal bli malte og få nytt sete! Det gamle flettverket måtte av, men jammen vart det dekorativt når me lagte nøster av det!

Ellers er det kjekt å vere ute i naturen og sjå kor fint det spirer og gror! Det er like fantastisk kvar vår, når det nye livet kjem fram! Kvitveisen blomstra, tulipanar og påskeliljer, og bjørka spratt meir og meir for kvar dag! Fantastisk!














onsdag 25. mars 2009

Gratulera med dagen!

Mi kjære søster, Jorunn Ingrid, har blitt 50 år! Me reiste til Ulsteinvik i helga for å vere med på feiringa! Det var veldig kjekt! Kjekk helg, med koselig fest og mykje god mat!


torsdag 19. mars 2009

Pilefletting 1 !

Eg har vore på pilkurs! Igjen!
Det er jammen kjekt å laga noko med hendene! Denne gong var det frisk pil me fletta med, og to fine, spennandes trær fekk vere med meg heim! Desse skal spire, og bli eit flott innslag i hagen! Eg gler meg! Og lurer på om det blir vellykka! Dei treng mykje vatn heile sesongen, så eg må nok alliera meg med jentene innimellom slik at dei ikkje tørker inn, eller ta trea med på tur og ferie....... Spørs kva som er mest praktisk!
I allefall - pil er kjekt!!

Japansk øye



fredag 6. mars 2009

Ferdig!

Eit nytt strikkeprosjekt er ferdig! Guro ønska seg Marius-genser, og då må jo bare mora gå i gang med pinnane! Så etter ein flott vinterferie med rikelig tid til å strikka, vart prosjektet avslutta igår kveld, ca kl. 24.00! Må bare, bare MÅ gjer det ferdig! Ein god følelse!!


torsdag 5. mars 2009

Vinterferien 2009

Så var vinterferien over for denne gong, og kvardagen har vendt tilbake til oss! Men me har hatt flotte feriedagar! I år fekk me vere med ein gjeng frå Sandnes på hyttetur til Ådneram, og det vart veldig kjekke dagar! Mykje nysnø, gode måltid, godt drøs og sosialt samvær, god tid til lange skiturar - både på bortoverski og i slalombakken, var ingredienser for desse dagane! Og god tid til strikketøy! Guro sin Marius-genser nærmar seg ferdig! Veret var også flott, fjellet viste seg frå si finaste side på fredagen! Bare sjå sjølv! Eg som hadde smørefrie ski hadde super gli heile veka, mens enkelte andre sleit enten med klabbar eller bakglatte ski! Så smørefrie er tingen! Maren var og godt fornøgd med turen! Når 7 jenter deler eit 6-mannsrom må det jo bare bli kjekt! Me blir gjerna med neste år og! Me gler oss allerede!

På toppen av fjelltrekket! Fantastisk!!


Det klabba litt ......


Maren og Margaret



Vinterfjell!


Rastepause!


Ved Ånenstølen.



Klar for slalombakken!



Ådneram Turiststasjon