Då har me akkurat landa etter årets gode systerhelg. Denne gong tok me
like godt med oss mennene våre på turen og. Ganske kjekt det og. Ei
hausthelg i Ulsteinvik har blitt fast tradisjon, og det er like kjekt
kvar gong. God prat, gode lange måltid, avslappandes strikkepausar,
shoppingrunde neri Vik, tur i pøsregnet, gudsteneste, båttur i
Sunnmørsskjærgården, lått & løye og endå meire strikk. Me er nok
litt hekta alle tre! Takk til vertskapet for ei fin helg, og
hipp-hurra
for dei to gode systrene mine.
Nå er dei jammen blitt bestemødre begge to.
 |
Ut på tur, aldri sur! Godt å lufta seg litt sjølv om det regnar! |
 |
Gode kompisar på båttur! |
 |
Nå er me klare for tur! Med strikketøyet klart! |
 |
Damene på båttur. |
 |
Flotte haustfargar. |
 |
Dei to yngste systrene. |
 |
Flott båt! |
 |
Godt dei to bestemødrene har ein ung tullete syster som kan holde dei unge! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar