fredag 31. desember 2010

Godt nytt år - og takk for det gamla!

2010 er snart over - om nokre timar er det blitt historie. Litt rart å tenke på, at dagen i dag er historie i morgon. Året har på sett og vis vore spesielt. Me har hatt mange fine og gode opplevelsar, men innimellom har det og vore nokre nertura. (dødsfall, sjukemeldingar, rygg.......)Men me har mykje å vere takknemlege for.  Slik på tampen kan det vere greit med nokre refleksjonar. Kva vil 2011 bringa oss tru? Kva vil gjere desse dagane spesielle? Kva slags opplevelsar frå dette året vil me huske tilbake på?  Det er ikkje alltid dei store opplevelsane som gjer at dagane vert gode. Av og til er det enkle gleder, som eit smil, eller ei oppmuntring som lagar solskinn. Me satsar på at det er flest gode og positive hendingar som festar seg i minnet vårt.
Når eg var liten, var eg opptatt av å ha nyttårsfortsett. Noko eg måtte greie i det nye året. Etterkvart har eg innsett at det ikkje varer så langt ut i januar, før fortsetta er gløymte. Men i år skal eg ha eit fortsett:
  • Å strikke opp ein god del av garnlageret mitt. (Eg seier ikkje alt, men ein god del!)
Så nå har eg hamstra litt ekstra, slik at eg har noko å fylla fritida mi med!
Då vil eg bare seie:
 TAKK FOR DET GAMLA - OG GODT NYTT ÅR TIL ALLE!
Det er snart sommar igjen....

tirsdag 28. desember 2010

Årskavalkade - av stranda.

Som mange av dykk kjenner til, har eg gått mange turar dette året. Den plassen som har blitt besøkt mest, er nok stranda. Lett kupert å gå i dei graskledde dynene - og det har vore kjempegodt for ryggen. Stranda er ein nydeleg plass, ein varierandes plass, og eg har fleire ulike ruter som eg likar å gå. Eg likar best å ta motvinden først, så det er ofta den som bestemmer om eg går sørover eller nordover. Då er det så lett heimatt.... Ein skulle tru at vinden alltid er sterk i eit så åpent landskap, men jammen har me dagar innimellom som er heilt vindstille og. Soloppgangen på stranda er og heilt spesiell. Når lyset får tak over skumringa, då er det fint å vere ute i naturen. Av og til har eg hatt følge på turen, men ofte har eg gått aleine. Fint begge deler. Nå i juleferien tok me skina fatt, og fekk oss to fantastiske turar over "viddene" der nere, 0 meter over havet, og med bølgeskvulp! Ein flott plass!
 Ein vårdag i mai.
 Det første vårtegnet.
 Desse to fekk vere med på tur.
 Flotte, "mjuke" steinar


 Sommarslege lupiner

 Nokon hadde laga eit hjerte.
 Sjølvportrett.
 Flott himmel
 Nyper

 Like innmed sanddynene begynner landbruket.
 Morgon-rødme

 Brettselings-konkurranse.
Gubben på tur! 

 Regn og ruskever. 
Deilig det og!

 Hausttur med den nygifta!
 Soloppgang!
Fantastisk flott. 

 Ein grå dag.
 Månen har ikkje "gått og lagt seg ennå"!
 - 10 kuldegrader ute. 
Ein frisk tur til Sele havn.
 Islagt
 Sele havn
 Morgon-rødme
 Skitur i grasdynene.
Fantastiske vidder.
Nokon hadde laga julehelsing

mandag 27. desember 2010

4.adventsveke - nå er det snart jul.

Nå er jula over oss, det vart jule i år og, sjølv om me aldri rekk alt me tenker på forhånd. Men i år slakka me av litt på krava. Det viktigaste er jo korleis me har det i lag, ikkje kor mange sortar kake me har fyllt boklsane våre med. Dessutan er eg lei av å bake kaker som folka på jobben til Terje kan kose seg med etter jul. Eit lite tilbakeglimt - dei siste førjulsdagane + sjølve julehelga. Fine dagar!

Måndag 20.desember
 Julesokkane er på plass.
Sjølvkomponerte.

Tysdag 21.desember
 Køkjøring på Forus
Eg var grei med gubben
og kjørte midt i rusj-tida til Forus.
Oppdrag: Meir fugemasse til badet. 
Tregte på at eg ikkje hadde strikketøy med.
Her kunne eg ha strikka mykje mens eg kjørte.

Onsdag 22.desember
 Me lagte brente mandler.
Knallgodt.

Torsdag 23. desember
 Juletrepynting av jentene våre.

 Det blei det finaste treet i år og!

Fredag 24.desember
 Det er jul - og pinnekjøttet skal kokast.
God julelukt i heile huset.
 Det snødde heile julekvelden -
og smånissane utforbi fekk seg ny kvit drakt!

Lørdag 25.desember
 Julemiddag hos svoger og svigerinne.
Kjempegod laks stod på menyen.

Sundag 26.desember
Juleselskap hos oss.
Då var resten av slekta samla.
Koldtbord var menyen då.

søndag 19. desember 2010

Mannen som skulle stelle heime.

Kvart år bakar Terje Nordlandslefser. Det har han gjort i ein del år. Den dagen eg går på julebord med jobb, sett han som regel igang. Han likar å ha kjøkkenet for seg sjølv, seier han. Og kvar gong eg kjem heim, ligg pakkane fint og sirlig på benken. Men at det verkeleg er han som bakar, er jo ikkje så lett å vete. Alle spor er nemleg fjerna. Men i år er begivenheten dokumenter! Han allierte seg med Maren som vart kveldens fotograf. Så nå treng me ikkje vere i tvil. Han kan verkeleg bake nydelige nordlandslefser :-)  

 Juleforkle må vere på!  

 Han svingar kjevle i stor fart.
 Rundt skal det vere.
 Klar for steiking.
 Ser bra ut dette.

Det begynner å bli mange. 
Ferdig! 
Frysaren neste!

3.adventsveke

Det nærmar seg stadig jul. Kvar dag finn me noko å henge fingrane i. Men likevel prøver me å ta oss tid til litt avslapping og sosialt samvær med familen og venner. Denne veka har vore ganske sosial: 4 kveldar i lag med gode venner. Ellers har dei nygifte komme  på juleferie, med base på Sandnes. Men me får stadig besøk!

 Måndag 13.desember 
Gubben regjerer på badet. 
Dusjveggen er snart klar.  

Tysdag 14.desember
Eg bakte melkebrød.
Knallgodt! Kom gjerne og smak!

Onsdag 15.desember 
 Det snødde igjen, etter eit par bare og milde dagar.

Torsdag 16.desember 
 Terje fekk ei bake-ri. 
Nordlandslefsene er klare.

Fredag 17.desember 
 Helgearbeid.
Ungane på skulen har 
brodert diamantsting! 
Min jobb: montere dei 28 putene.....

Laurdag 18.desember 
 Juletrehogst på Voll

Sundag 19.desember 
Me har funne ein gammal spark frå barndommen. 
Den blei fin pynt ute med nissar og ei lykt på.