tirsdag 16. februar 2016

Fletteteppe - til hyttebruk.

Eg bur ganske nær Sandnes Garn. Det er ofte ein fordel. Dei har ein stor butikk med mykje fint garn. Av og til sel dei ut heile resteposar i ein farge , med både store og små nøster blanda. Garnet er like fint, bare litt ukurrant størrelse på nøstene. Lett å plukke med seg slike posar i passandes farge og kvalitet - til ein billig penge. Det har eg gjort mange gonger.

Ein gong fekk ein blå pose med Duo vere med heim. Det er eit fint garn - blanding av ull og bomull. Alt eg har tenkt eg skal bruke dette garnet til! Forslaga har vore mange, men så har eg ombestemt meg før eg har sett i gang. Det vart liksom ikkje til noko.  Innimellom har eg og irritert meg over denne posen som eg ikkje har brukt opp.  Og så har eg lagt garnet på plass i hylla igjen.... Denne hausten har eg gjort noko med det. Det er ein fantastisk følelse. Nå har garnet blitt til eit fin blått fletteteppe! Ikkje superlangt, men i grunnen akkurat passe. Det skal få bu på hytta.

Nå er det bedre plass i strikkekorga, og mindre i lageret på Kammerset.

Med små nøster vart det mange trådar å feste.

Så langt vart det.
Akkurat passe stort.
Men nederste kanten har ein litt anna blå-tone.....
Det er sånn eg ikkje likar.
Men - dette er jo til hyttebruk.

Flotte beine fletter.
Minner om ein nypløyd jær-åker.



Passar fint her.
Bilde er tatt før teppet var ferdig!

På pinnane - i februar.

Eg har vore flink i det siste. Avslutta mange prosjekt. Då er det kjekt å tusle inn på Kammerset (som ligg vegg i vegg med stova - og med døra ofte åpen!) og finne fram nye prosjekter. Det manglar ikkje  på garn - det er mange korger igjen!

Eit av prosjekta eg har starta på nå er ein Islender  eller Fiskegenser. Eg må jo vere høveleg kledd til seilturen med Malena i sommar. Eg har nemnt før kor lett det er med desse posane på Sandnes garn som dei sel billig. Det lyse garnet er frå ein slik pose. Lyst garn er jo alltid kjekt å ha eit lite lager av...... men ein treng kanskje ikkje 3 slike posar! Godt å bli kvitt noko. Det blåe garnet er nyinnkjøpt. I fjor:-)

Eg er i gang.
Med Peer Gynt -garn.
 Neste prosjekt er ei pute med Mariusmønster. Garnet er  Alpakka - håndlaga i Bolivia. Innkjøpt på Laks & frukt festivalen på Hjelmeland. Nydeleg garn, men eg har bare 100 gr av kvar farge. Litt usikker kor mykje eg treng. Eg strikkar bare framstykket, tenkte å klyppe opp og monterer eit stoff på baksida. Men om eg har mykje garn igjen, må eg kanskje strikke puta to gonger - eller ei pute til! Nydelig og mjukt garn i allefall.

Det ville ikkje la seg krølle ut.....
 Ellers har eg starta på vottar. Håpar det blir ein stor produksjon. Kan vere kjekke å gje vekk i presang. Eg likar å ha liggandes litt presangar, aller helst slike eg har laga sjølv. Plutselig får ein brukt for noko.

Vottane er laga etter boka "Eventyrvottar" frå Vottelauget. Den kan anbefalast. Wenche Roald har laga mønsteret.  Eg har latt meg inspirerer av Monstermønster. Ho har strikka mange par i nydelege fargar.

Neders på mansjettet fekk eg lære meg noko nytt: nemleg latvisk flette. Utruleg kjekt å få til nye tekknikkar. Det stod veldig godt beskrevet i boka.

Blåbærvottar.
Inspirert av "Putte i Blåbærskogen"
av Elsa Beskow.

Ny, arva korg.
Passa perfekt til vottestrikketøy.

Eg har i tillegg fått orden i strikkepinnane mine. Eg har hatt ein liten "kommode" frå Ikea der det er vanskeleg å halde oversikten. Nå har eg kjøpt meg ei nydelig strikkemappe, frå ei kjempeflink håndarbeidsdame. (Ho mestrar det meste på utruleg nydelig vis:-) ) Nå har eg fast plass til alle pinnane, og kan lett sjå om eg manglar nokon.
God lomme utanpå
til alle strikke-duppe-dipper.


Eg likar best trepinnar.
Og alle best dei fargerike.

Tilslutt i strikkekorga fann eg dette. 
Eg har bare 4 rekker igjen. 
Må ta fatt i det og nå. 
Treng restegarnet til nye fine vottepar.  

Domino-strikk er kjekt.

Om igjen - og ein gong til.

Eg har holdt på med med ein flettegenser til meg sjølv ei stund. Starta nok for ca 1 år sidan. Inspirert av kurs i fjor haust med Linda Marveng og alle hennar intrikate flettemønster.  Oppskrifta har eg dikta sjølv, det vil sei: sett i saman ulike fletter på min måte. Men det har gått utruleg tregt. Eg likar veldig godt flettestrikk, har ikkje forstått heilt kvifor dette strikket gjekk i snegletempo. Men eg har ikkje vore heilt fornøgd. Ikkje alltid like lett å stole på eigen ide, var dette den beste løysinga? Er det nok maskar? Er fargen grei? Mange ting ein kan lure på. Eg har nok lurt mest på masketalet, syns den var litt smal. Kan jo ikkje ha eit pølseskinn....... Så når eg begynte å drøyme om denne genseren om natta (eg drøymte at eg spurte forskjellige venninner om kva eg skulle gjer.... dei sa rekk opp!), var det eigentleg bare å sette igang. Ein ny start. Eg likar ikkje så veldig godt å rekke opp, men eg likar ennå
dårligare å gjere ferdig ting eg ikkje er fornøyd med.


Hit, men ikkje lenger.

Dette holmønsteret var litt "dillete" å strikka.
Nå tar eg ein ny versjon - perlestrikk.

Ein ny start,
med mønsteret notert ner  etterkvart.
Blir nok bra tilslutt.
Eg strikkar i Pickles garn.
Merino Tweed og Pure Thin Alpakka.
Dobbelt garn på pinne 4,5.



Nå har eg starta på ny, ikkje heilt likt mønster på sidefelta, men flettene er like. 

Ein ny start - det skal ikkje gå så tregt denne gongen!

søndag 14. februar 2016

Båtryer

Eg er ferdig med båtryene. Nr.1 har tatt lang tid, eg hadde ein kjempelang pause midt i. Nr.2 vart unnagjort på 3 veker. Eg har brukt tjukt garn som Fritidsgarn og liknandes, og pinne nr. 5,5. Mange halve nøster er oppbrukt, mange ulike fargar, men det meste i jordfargar. Strikketøyet vart stort etterkvart, og eg fekk litt tendensar til vondt i armane. Godt å vere ferdig. Eg har strikka snorer til å knytte ryene saman med, slik at dei blir lettare å ta med.

Nå kan me gleda oss til sommaren, pakka sekken og dra på oppdagelsestur med gamle Malene. Me skal iallefall ikkje fryse.

Nr.2 er ferdig.
Gubben sin fekk blått og grønt
blant alle jordfargane.

Mange meter tråd er oppbrukt.
Eg har brukt opp over 1 kg garn på kvar.
Tommare i restekorga!

Nokre ruter måtte ha striper.
Eg hadde ikkje nok garn i ein farge.

Fine snorer


Klare for ut på tur!

tirsdag 9. februar 2016

Putefest og januarstrikk.

Det har blitt tid til litt strikking i det siste og. Etter travle dagar på jobb er det godt å slappe av med strikket om kvelden. To puter er ferdige, så nå kan me ha putefest. Garnet fann eg på kammerset, så nå har det i allefall minka litt der inne. Litt i overkant av 400 gram.... ikkje så enormt akkurat.

Den gråe puta er strikka i Safir frå Gjesdal. Det er restana etter fletteteppe til Reisejenta. Eg har funne mykje insperasjon på Pinterest.com, og ei slik pute fann eg der. Kjekt å prøve ut nye mønster.


 

Den lilla puta er og inspirert frå Pinterest. Den fekk store ruter. Her var det Peer Gynt-restar som blei oppbrukt. Ganske greit med ca 200 gr av ein sort. Då er det akkurat nok til ei pute.


 

Ellers har eg strikka på gamle prosjekt. Eg har holdt på med ei båtrye/tjukt teppe - ei stund. Nå er det eine ferdig, og nr.2 er på pinnane. Gubben har planlagt "sjørøvertokt" i Blindleia til sommaren, eller rettare: seiltur med Gamle Malena. Då blir det teltliv på Gubben og Gamla. Og når me er så "gamle" er det godt å ha noko varmt å ligga på. Dette blir overmadrass til luftmadrassane. Eller ei rye til å ha over kjølige sommarbein på seiltur. Eller god å sitte på. Mange muligheter altså.
Denne er mi:
Litt jentete med lilla!

Eg har fått brukt opp mange smånøster.
Av og til var der ikkje nok,
og eg måtte lage litt striper.


Her er Gubben si.
Eg manglar 2 1/2 rad - 10 ruter.
Han får blått innslag blant jordfargane.
Og så er det det blåe fletteteppet. 
Det nærmar seg  bunnen av garnposen, så då er eg nok snart ferdig. 
Det skal få bu på hytta. 
Passa perfekt til den gamle sofaen der inne.

 


Eg syns eg har gjort ein god jobb for å nå botnen av strikkekorga!