søndag 31. mars 2013

Påsken 2013

Ein fantastisk påske er snart over - me har hatt ein utruleg strålandes ferie! Solskinn frå knallblå himmel kvar einaste dag - det gjer jammen godt! Me har samla nye krefter  - nå kan me gyve laus på nye oppgåver utover våren! I år har me vore på hytta i 10 dagar - det er lenge sidan me har unnt oss ein så lang luksus-påske. Og så det veret.....  Rett og slett STRÅLANDES!! Lange dagar ute i sola, skiturar med appelsin og kvikklunsj i ei snøfonn, hyttebesøk på Gullingen, rusleturar langs sjøen, handletur til Hjelmeland, ein utruleg stillhet omkring oss, sovepose-soling på terrassen, beising av innvendige hytteveggar, god mat, besøk av gode turvenner, ny skitur, ny rusletur langs sjøen, endå meir god mat........ og ikkje minst gode strikkepausar. Sekken var full denne gong og av mange nøster, og jammen greide eg å av slutta to prosjekt! Det ein vart påbegynt i fjor sommar.Godt å kunne fullføra noko.

Skiturist

To gode venner på tur!
Legg merke til pannebåndet - det forsvant dessverre på fjellet....


Hytta har med åra blitt veldig mørk.
Nå sette me i gang med litt beis
earbeid.
Me starta på hemsen - og fekk beisa både vegger og tak der.
Forskellen vart stor!

Lys og fin tv-krok
På tur til Hjelmen (207 m.o.h)
To "elegante" damer!


Kosestund i sola på terrassen -
med påskekrim

Hals nr 2 er ferdig.
Eg har endå meir alpakka-restar.....
Sommartoppen frå i fjor - det går mot lysare tder.

Påske - me er klare for besøk av gjester.


Kaffi og strikk i solkråa - og teppe over beina.
Godt med ferie
.

Ut på tur - dei lilla damene og gubbane.
God niste!


Det veks - strikketøyet med ei lysandes framtid.
Nå manglar eg bare eit par meter....

Gjennsynsglede:
Vennene frå i fjor.


Blindpassasjer på skitur:
Minstemann lurte seg med i sekken!

På hyttebesøk - då må me ha blomar med!
1.påskedag fekk me med oss gudsteneste i Hjelmeland kyrkje.

Der var det ei nydeleg altertavle.
Fantastiske fargar
.

søndag 17. mars 2013

Å!

Siste bokstav i alfabetet - og tid for nytt innlegg igjen. Skal bli godt å lage innlegg med vanlege overskrifter igjen! Kjekt med noko som utfordrar, men  det kvardagslege er og fint! Så nå kan eg snart fortelja om sykkelturen til Provance i sommar..... Men først ein liten titt i strikkeposane. Dei er det mange av. Eg har eigentleg vore flink i vinter til å gripe fatt i gamle påbegynte prosjekt, det minkar kraftig på det som bare ligg og ikkje blir ferdig. Litt nye prosjekt er sjølvsagt påbegynte, og eg har tatt ein titt i garnhylla mi og begynt å bruke noko av alt det fine som ligg her! Kjekt å endeleg gjere noko av det eg har tenkt på lenge. Nyheter som kan nemnast:: Eg har vore hos Prikka og kjøpt nytt garn - nå skal eg og Gubben matche med liknandes jakkar! Det blir flott!

Eg likar ikkje plastposar.
Tøyposar er mykje koseligara!

Eldstejenta sin design på strikkenett.
Sanne ord:-)

Nytt herlig garn!


Eg er i gang!
Både med bolen og armen!
Kjekt og inspirerandes.

Fin flette:-)

Jondalssokk - innkjøpt i sommar i Hardanger

Garnslankings-prosjekt nr. 1:
Stort sitteunderlag til solstolen min.
Godt å sitte på noko varmt når ein søv middag i sola.

Skal tovast!


Garnslankings-prosjekt nr. 2:
Hals i lilla Alpakka
.
Tenker denne vert ferdig i påsken!

Garnslankings-prosjekt nr.3:
Mitt hemmelege lange prosjekt!
Skal nok lysa godt opp!


Minner frå ein sommar:
Det er snart sol og varme igjen!
Sommartopp i bomull.

Fint mønster!
Yngstejenta sitt prosjekt!
Kjekt når jentene mine og likar å strikke


Flott mønsterbord øverst!
Heldige han som får denne!


fredag 8. mars 2013

Øyeblikk

Plutseleg kom øyeblikket for den store loddtrekkinga av strikkeboka.  Med Gubben som trekkemester blei det ein rettferdig og verdig utvelging. Den heldige vinnaren blei:
Så nå manglar eg bare ei adresse, så kan boka postast og få ein ny eigar!
Takk til alle som tittar innom bloggen! Koseleg med kommentarar og:-)

Klar til trekking.

Ikkje noko juks her!

The winner is: Edny
Edny: send adressa di


Neste gong: siste innlegg av alfabetet!
Gode tips til nye utfordringar mottas gjerne:-)

Æg ao vil ha!

Eller:  eg og vil ha! som me som ikkje er fullblods jærbuara seier. Gubbejakken er ferdig, og eg er veldig godt fornøgd med arbeidet. Det er Gubben og! Ikkje kvart år han får ny jakke:-) Så fornøgd er eg at eg og vil ha ein matchandes. Min skal vere litt lysare, og vere innsvinga i livet. Men dei same fine flettene på armane og ribbestrikka bol! Nå er ny bestilling på lyst Isager-garn sendt, og så kan eg glede meg til nye fine ubrukte garnnøster! "Prikka" skal snart få besøk.

Heilt ferdige!Herlig!

Passe godt til sofakos.

Den fine fletta på arne går like opp til halskanten.
Fin effekt.
Eg har og strikka "Kjapt herresett" til Gubben!
Godt og varmt på kalde dagar.
Enten kan ein ha det slik.....

eller slik:-)

lørdag 2. mars 2013

Zett på maken!

Eg har eit kjempefint arbeidsrom - eller Kammers som eg likar å kalla det. Der har eg samla alt av garn og tøy og trådsneller og nåler og hobbybøker og strikkekorger og strikkepinnar og....... Av og til går eg inn her og koser meg med å ta i nøster, bla i bøker og begynna å planleggja litt på neste prosjekt! Eg er visst heilt hekta på garn og pinnar og slikt. Men ein dag då eg satt og bladde i bøker, så fann eg jammen to like! Zett på maken! Det er ikkje nødvendig å ha to av same sorten.
 Så nå vil eg gjerne gje den eine vekk. 
Boka heiter "Maske for maske" og inneheld mange fine og mønstrete modellar for ungdom og vaksne. Mykje arbeid på ein del av dei, men eg såg eit godt tips her ein dag. Lisbeth på Lissi Design på Jærhagen hadde strikka ei flott pute der ho brukte deler av mønsterborder for ein jumper! Det kan nok desse modellane og brukast til. Og til inspirasjon til eigne kreasjonar! Så legg igjen ein kommentar nedanfor om du er interessert. Dersom det melder seg mange ivrige strikkara - trekk eg lodd! Eg er ekspert på loddtrekning! Det kan nesten brukast til alt - og i mange livssituasjonar. Her er det ingen forpliktelsar - bare ein liten kommentar!

Dobbel glede som kan delast!

Flotte modellar!


Her er fine reinsdyr.

 Mykje funksjonelt rot!
Eller mange ting på gang!
Flotte garnnøster ligg i kø og ventar på å bli til fine ting!

Då klarte eg Z-en. Nå nærmar dette prosjektet seg slutten! Tre bokstavar igjen!