onsdag 10. juni 2009

Pilå mi!

Pilå mi vokse! Gjett om eg er stolt av dei to trenå mine som eg fletta på pilkurs i vår! Kjekt å laga, og kjekt når dei "vakna" til live! Eg er flink å vatne dei, og eg håpar dei vil overleve sommaren - sjølv om eg ikkje er heime heile tida! Tviler på at me har plass til dei i ein feriepakka bil! Så eg må nok godsnakka med jentene mine om ein vatne-avtale!! Til og med Terje er imponert over prosjektet!







Gode greie!

torsdag 4. juni 2009

Roma!

Me har vore i Roma! Det var ein fantastisk tur - og ein fantastisk by! 30 varmegrader kvar dag, mykje spennandes å sjå på, god mat og feiring av sølvbryllup på forhånd! Me budde like ved den fantastiske Trevi-fontenen, var i Peters-kjerka + oppe i tårnet! Me var i colluseum, Spansketrappa, innom mange flotte kyrkjer, kjørte buss rundt omkring i Roma og var på mange cafè-besøk! + litt shopping! Kjekt å vere på tur bare oss to!

Her er hotellet vårt!

Trevi-fontenen! Her var det fullt av folk til alle tider!
Ein fantastisk fontene!

Kjekt å gå på restaurant!
Italiensk pasta måtte me prøve!


Peters-kyrkja! Eit storslått byggverk!
"Litt" større enn Bore-kyrkja!


Inne i kyrkja.


På markedet Campo de`Fiore!
Ein fargerik opplevelse!


Ein idè til inngangsdøra heime?

Frå Colluseum!

5-seter som var utvida til 8-seter!
Nok eit godt tips!
Mykje artig å sjå i ein storby!

Hurra!


Matilde og Aleksander har forlova seg! Hurra! Me fekk den koselege telefonen her ein dag, og gledar oss over hendinga! Så nå går det visst mot bryllup neste sommar! Me gler oss allereie!!