tirsdag 28. juni 2011

Ferdig!

Da-da! Nepalteppe nr. 3 er ferdig! Herlig å festa tråda, rydda nøster og strikkepinnar på plass. Garnlageret av restegarn har minka litt, men det er nok garn til nokre tepper til. Men først må dei to andre teppene bli ferdige! Nå håpar eg dette kan varma ein liten baby i Nepal!

Fargerikt!

søndag 26. juni 2011

Sommar-sundag i Kongleveien.

Nydelig sundags-morgon, fint sommarver, frukost ute på graset, humlesus, strikketøy og kaffikopp,  fotoseanse i hagen, papirbryllup for dei "nygifte", oppdateringar frå kina-Guro, øvelseskjøring med veslejenta og ellers god  avslapping. Deilig med ferie!

Strikketøy og kaffikopp - ein god start på dagen.
Gubben slappar av! Han er ikkje ofta å sjå i denne posituren!
"Lille Blå" på tur.

Nydelig hortensia i hagen.

Ein einsam grasløk-blomst.

Eg (eller gubben) har laga nytt steinbed denne sommaren

Fargerikt og flott.

Posering i hagen for jubilantane, me har utedo for tida!

tirsdag 21. juni 2011

Gratulera med dagen

Hipp hurra for faren vår! Han vert 48 år i dag! Gratulera så mykje med dagen. Me er kjempeglad i deg! Me håpar du får ein fantastisk flott dag . I kveld vert det selskap saman med gode venner!
Du er veldig glad i å gå på tur!

Frå Randåsen

Godt med ein kvil på steinbenken.

Der som ingen skulle tru...........

Ein god kvil.


Flott fyr i bunad



søndag 19. juni 2011

Ferietid og strikketid i juni!

Ein liten titt i strikkekorgene viser at juni - slik som  mai - kan oppsummerast i eit ord: DOMINO! Ulempen med slike prosjekter er at dei ofte blir store, eg kjem liksom ikkje på så mykje anna enn tepper å strikke! Og då tar ting litt tid. Men dei har iallefall blitt større! Så målet for denne sommaren er å fullføre desse teppene. Heldigvis har eg lærarferie! Den starta på fredag! Neste gong eg skal på jobb er 15.august. Fantastisk! Så nå blir det tid til både strikking, litt husarbeid, maling av diverse småmøbler, luking i hagen, og feriering!

Hytte-domino. Skal bli eit godt og varmt sengeteppe!

Oppdraget i Kari-klubben: Sjøen og stranda er ferdig.

Nå har marehalmen og strandnellikane begynt å titta fram.

Nepalteppe - dei likar best å få fargerike tepper til babyane sine.


Ha ein fantastisk sommar alle i saman!

fredag 17. juni 2011

Minner frå 90-talet!

Ein gong på 90-talet  var eg ganske flink til å sy.  I allefall ivrig! Sette igang  fleire store prosjekter, blant anna eit  stort picknikk-teppe og sengetepper til småjentene mine. Eg hadde og planar om eit flott dobbelt sengeteppe som passa til dei gule og blå veggen på hytte-soverommet. Kjøpte tøy, skar ruter og sette i gang. Men så stansa heile syprosjektet opp.  For 2 år sidan fann eg rutene fram igjen, og sydde dei saman til eit stort teppe. Men siste rest vart ikkje ferdig nå heller. Men hipp Hurra: Nå er teppet heilt ferdig! Hurra! Litt umoderne i fargevalget, kommenterte jentene, men heilt moderne då eg kjøpte stoffet! Nå kan me dra på picknikk igjen, det forrige er utslitt. Hytte-soveommet ventar på eit anna sengeteppe - domino i jordfargar! Ting tar tid, men bare ein er litt uthaldanes, kan  plutselig eit prosjekt bli ferdig.



mandag 13. juni 2011

Pinsen.

Så var pinsen over, og gode dagar på hytta er allerede minner. Eg og gubben drog inn aleine, med bilen full av det me likar å halde på med: mureskeier, malekostar og strikketøy! Ettekvart fekk me jentebesøk, 4 flotte jenter ankom hytta sjøvegen, med båt fra byen til Judaberg. Faren var matros på Randøy-skuta. Dei 4 feira tidleg ferie - heldige dei! Ellers plukka med ein del natur. Har tenkt å prøve meg litt på fargeplanting til sommaren. Pors, blåbærlyng, ryllik og bjørk. Kan bli fine gule /grønne/ gråe fargar av det = nye strikkeprosjekter!

Nymalt tresetar! Den turkise perioden er over.  Eg har malt inne.                       


 

Den gamle hylla etter oldemor har og fått ny farge.
Gubben har malt ute.

Kjekt med jentebesøk

Gode hyttesko. Akkurat passelige med tøflene oppi!

Ein haug med jenter!

Blåbær og pors

Kveldskos rundt grua.
Og strikkinga, korleis går det med den? Ulempen med domino-strikk er at eg har sett i gang litt store prosjekter. Då tar ting litt lenger tid før  dei er ferdige. Men plutselig er trådane festa, og teppene ferdige. Følg med, følg med!

søndag 5. juni 2011

Fargevandring i hyttehagen.

Me har hatt flotte dagar på hytta. Sommaren kom saman med oss. Og då er det herleg å rusle rundt i hagen og sjå på det som spirer og gror. Litt meir for kvar gong. Nå kan me gled oss til sommar med blåbær og markjordbær, og til eplehausten som ser ut til å bli stor!


Strandnellikar

Iris

Stikkelsbær


Ville lupiner. Nydelige!

Gule iris - klare til å sprette ut.

Ser ut til å bli masse epler.

Akkeleier

Me har masse bittekonvallar. Og Matilde: den er giftig.

Litt bestemoraktig hage.

Nydelig fargespel

Rhododendron

Syrin

torsdag 2. juni 2011

Hage-engel!

Eg har vore på kurs. Sykurs! Det er lenge sidan sist! Denne gong var det mi gode, kreative venninne Kari som var læremeister! Ho har designa nokre flotte langbeinte englar, og denne gongen var det hage-engel som vart produsert. Nå er den endeleg  ferdig. Eg var litt treg med avslutningen. Men kjekt å prøve noko nytt!