lørdag 27. september 2014

Restefest!

Alpakkagarn er flott garn! God kvalitet - godt og mjukt -  og mange nydelige fargar! Eg har strikka ein del i dette garnet dei siste åra. Det medfører at eg har ei heil korg full av halve alpakkanøster frå litt forskjellige leverandørar. Dei fleste kan sorterast under "yndlingsfargar" - blåe, grønne, turkise og lilla fargar. Eg hadde i allefall 20 forskjellige fargenyansar. Det må jo bare bli ein fargerik stripejakke. Litt prøving og feiling, men eg endte på 3 omgangar av kvar farge - i tilfeldig rekkefølge. Armane skal ikkje vere like. Eg er veldig lite symmetrisk av meg. Likar best når ting "ikkje stemmer" og "provoserer" litt. Men nå er eg i gang - utruleg tilfredstillandes å ta fatt på den eine korga etter den andre frå Kammerset, og bruke opp noko av alt eg har hatt til modning gjennom ei årrekke! Veldig kjekt med striper - ser fort framgang, vanskeleg å legge frå seg. Bare ei stripe til....

Stripe på stripe - 3 omg av kvar farge.
20 ulike nøster gjer flott fargespel.

Godt i gang!

Ulempen med striper er alle trådane som må festast....

Nr. 5

Nr. 5 er ferdig! Jippi! Eg må visst snart utvide klesskapet! Eller leie plass hos Gubben. Endå ein gong har eg fått brukt opp fine nøster som har vore lagra på Kammerset. Dette prosjektet starta eg på i mars, så det har visst tatt si tid. Men nå er det ferdig. Litt spennandes nå på slutten om det var nok garn, men det gjekk akkurat. Alle delane er strikka i ulikt garn og ulik farge. Ryggen vart litt tjukkare enn eg hadde tenkt, men det er godt å vere god og varm bak! Her var det mykje fletting, og då vart det jo ekstra tjukt Men flettene var med 2 rette maskar og 2 vrange masker, så dei vart litt anneledes. Framstykket er strikka av garnet Minstjenta kjøpte i Tallin. Det var nok innsett med noko liknandes lanolin, for eg vart ganske klissete på hendene då eg strikka av det. Og det føltes litt hardt og stikkete. Men eg vaska framstykke då det var ferdig, og følte det vart veldig godt og mjukt. Eg hadde tenkt å ha rustraud rundt kanten, men eg endte opp med ein lime-farge i staden for. Syns det passte like godt. Nå ventar eg bare på kaldare dagar, sånn at eg kan få brukt nr.5.
 
Ferdig modna garn!

Prøvelapp - med to forskjellige turkis-nyansar.
I gang med framstykke.

Ryggen.



Ta-da! Ferdig:-)

Syns det passa like godt med lime til halskanten.

Klar til bruk!

Nr. 1, nr. 2, nr. 3, nr. 4 og nr. 5.
Alle er strikka i 2014.
Litt ensforming fargevalg?
Tvil om yndlingsfargar?


Oppskrifta fann eg i denne boka -
her er mange flotte modellar frå Anette Danielsen.

lørdag 13. september 2014

På pinnane i september.

Magisk morgon
Tidlig  - før sola  får sleppe til.


Det er helg - og det er laurdag. Gubben er på såkalla "treningstur" med vollyballguttane, og eg regjerer aleine på heimebane. Herlig det og. Kjekt å kose seg litt ekstra med strikketøyet då.

Eg hadde nesten tom strikkekorg. Men nå er eg i gang igjen.... Lett å finne nye nøster som ligger og roper etter meg. "Strikk av meg denne gongen!" Eg har ein jumper, nr.5, på gang - tynt garn og litt komplisert mønster gjer at det tar litt tid. Passar best aleine i sofaen. Nytt bilstrikk er på pinnane - det kan jo ver me snart skal på langtur igjen:-). Sokkar - det er jo snart haust - må ha eit par varme sokkar på hytta då! Filler - kjekke å gje bort - må ha eit lite lager. Kamel - snart jul, dei tre vise mennene er trøtte og treng å kvile seg litt! Teppe til Reise-Guro - skal jo vere ferdig i slutten av mars. Ein påbegynt arm  i alpakka - eg er klar for eit stripeprosjekt. Mange kjekke ting,  med andre ord. Nok å gjere - og ennå er det masse garn igjen på kammerset! Men jammen har eg slanka garnlageret mitt dette året! Det får me ta ein opptelling på seinare.


Det blei haug på denne strikkekorga.
3.remse på Reise-Guro sitt teppe.
Nesten halvvegs.
Teppet består av 5 slike remser.


Striper er kjekt - og enkelt å strikke i bil.
Eg har framleis mykje tynnt ullgarn alà Sisu.
Så denne gongen er det
varme fargar som skal brukast opp, med litt kontrastfargar.

Denne skal bli Fårelest -
frå "Den blå tråd" på Sortland.
Kjøpt på nettet.

Tjuvstarting på stripejakke.
Skal snart fortsetta.
Kamel-produksjon.
Eine pukkelen er klar.
Julekrybba skal utvidast.

Nr.5 
( i årets genserprodusjon)
Framstykke, 1 arm og 1/2 bakstykke er ferdig.
Det nærmar seg

Ein smugstrikka prøvelapp.
Eg har til og med kjøpt litt garn i smug - i sommar i Oslo.
På Pickles
.
Kjem nok meir om dette i eit eige innlegg.


onsdag 10. september 2014

Praha - ein flott by!

I helga har me vore på tur. Langhelg i Praha i flott sommarver i september er ikkje å forakte. Det var tid for den annan-kvart-år-turen for Gubben sin jobb. Praha viste seg frå si alle beste side. Mellom 25 - 30 grader i tre dagar er fint - særleg når du veit at det "bøttar" ned med regn heime. Guida tur gjennom serverdigheter som borga og Karlsbrua, lunsj saman med dei 150 andre i reisefølge, smale gater, koselege cafèar, suvenirbutikkar i fleng, gamle bygningar, kvalitetstid saman med Gubben, god prat med gode venner, felles middagar om kvelden, ingen garnbutikkar, litt nye kler, mange krystallbutikkar med ganske mykje stygt i, mykje trasking, og ein rask prøvetur på ein sagway! Ei flott helg!


På flyet ner - her delte dei ut varme,
våte vaskeklutar før måltidet!


Turistar.
Ein titt innom den jødiske kjerkegården.

Ei bru full av hengelåsar.
Symboliserer visst håp om lykkelige samliv.


Karlsbrua

På cafè med strikketøy.
Me hadde rekord med 3 gonger på cafè på ein dag!
Uvanleg til å vere oss.

Opplæring i sagway

Dette gjekk jo bra!

Eg fekk meg nytt forkle -
"spesial made for me!"



Litt strikking vart det - to klutar!

Eg greide å finna ein flott vase -
innimellom alt det slipte krystallet.
Denne likte eg!


Kanskje ein ide til hekkane heime?



Flott kveldslys.