onsdag 18. juni 2014

Feriestrikk.

Det er på tide å pakke. Me skal jo på ferie. Då er det jo mange ting som det er kjekt å ha med seg. Men noko av det viktigaste for meg når me skal ut på tur, er  å ha strikketøy. Det må planleggast nøye. Eg har mange kriterier for utvelging: Me skal pakke i koffert denne gong, og då er det viktig å ikkje fylle opp heile plassen med garn.  Kan jo vere at me finn noko fint på turen som me må ha plass til heim igjen. Det er  og greit at det er litt lite slik at eg har arbeid ei stund. Bomull er fint å strikke i om sommaren, så vert det ikkje så varmt. Og eg må ha nok garn til heile ferien. Mange hensyn å ta, med andre ord. I år har eg jo eit garnslankings-prosjekt: eg kjøper ikkje nytt garn - eg strikkar bare av det som allereie finns på Kammerset. Så då måtte eg leite litt i korger og posar for å finne passandes feriestrikk. Eg har ikkje sett igang med noko store, spennandes greier, men ting eg har tenkt på og planlagt tidligare.  I sommar kjem det til å handle ein del om Gryteklutar! Veldig kjekt å ha til presangar. Eg har strikka nokre få par før. Eg har ganske mykje bomullsgarn, og fann ei koseleg Drops-oppskrift før jul med engle-gryteklutar. Garnet kjøpte eg mens det ennå var 2013. Så då passar det å tenke på jula i juli! Litt tynnare bomull blanda med lin fann eg og - det kan passe til fille-strikk på flyet. Og garn innkjøpt for to år si på Kreta, blir kraftige gryteklutar i Senja-mønster. Så nå kan ferien bare starte:-)

Julestrikk
Fine nøster fått av Veslejenta.


Bommullsgarn kjøpt på Kreta.
80 gram i kvart nøste.
Det er heilt gresk for meg kva det står på lappen.....
(hahaha)

Blir ganske tjukke og gode.
Skal ikkje brenne oss på fingrane då.

God strikkesommarferie ønskes til alle strikkeglade.

søndag 15. juni 2014

Båtliv.

Seinare i sommar skal me ut på tur igjen. Då skal me ta gamlebåten "Malene" med oss på kjøretur. Forbundet "Kysten" - som er eit forbund for gamle sjøulkar som er glad i gamle båtar - skal ha landsstevne i Oslo. Med ein stor konvoi av store og små båtar innover Oslo-fjorden. Og mykje liv og røre i havneområdet i Bjørevika. Og dette skal me vere med på. Me skal dra båten etter oss til Oslo for å ro litt i fjorden saman med mange andre båtar. Det kan bli ein artig opplevelse. Det er Gubben som er prosjektleiar og reiseledar for turen. Og syklistane frå Ålgård skal vere med - utan sykkel denne gong. Overnatting skal skje i fint strøk - på Bygdøy bed&breakfast (eller var det Skaugum det heite....?) .

Etterpå overtar eg regien - eg vil nemleg på Galhøgpiggen. Det er eit mål eg har hatt lenge. Så nå når eg har blitt 50 + litt til, er det på tide og gjere alvor av det. Etter Oslo går turen oppover landet, til Lom og fjella omkring. Og søndag 20.juli har me tenkt oss opp på Norges høgaste fjell! Eg gler meg - eg har allereie fått meg kart. Eldstejenta jobbar i Kartverket og gav meg eit til bursdagen. Me satsar på fint ver den dagen. Uansett - eg reiser ikkje heim før eg har vore på toppen!

Men når ein skal ut på "lang og strabasiøs" rotur, må ein jo ha utstyret i orden. Så Gubben har bestilt nye sitteputer til båten. To avlange som roarane skal sitte på - dei skal festast på toftene med borrelås, og tre runde til passasjerane. Nå er dei ferdige, strikka av restane etter "Terje-genseren". Måtte riktignok kjøpe inn litt ekstra garn for å fullføre prosjektet. Men godt å få bruke opp noko av det som allereie finns i huset. Og nye strikke-spare-pengar kan stappast på glaset mitt!

Ferdig!

Den eine puta måtte eg bruke blått i,
det var nemleg tomt for grønt.
Vendestrikk - enkel og greit å strikke.
Og trådane skal ikkje festast -
dei blir til fine frynser ved toving.
Tørking på eit varmt golv.
Ser bedre ut nå.
Blei fine og flate på midten.


Dei firkanta strikka eg i dominostrikk.
Likar jo godt den teknikken.
Jammen ikkje mykje garn igjen.
Eg måtte finne noko ekstra i
ei av korgene på Kammerset.


Klar for eit bad!

Nå er eg klar! Til ein sommar med mykje bading. Til varme dagar der det er deilig å slenge seg i sjøen og symje litt. Skuleferien nærmar seg med stormskritt. Bare 5 arbeidsdagar igjen før me kan ta ein god og lang pause. I allefall dette året - det er jo uvisst kva framtida vil bringe når det gjeld feriar og arbeidstid. Enn så lenge kan me jo nyte dagane.

Eg har avslutta badehåndkleet mitt. Nå trur eg det var langt nok, til å ikkje ta for stor plass i kofferten - og til å få rundt meg når badet er over. Eg er litt spent på korleis det funkar i bruk. Suger det til seg nok vatn? Eg har det i vaskemaskinen akkurat nå, det har nok liten sugeeffekt før det er vaska. Falmar dette prosjektet like mykje ute i sola, slik som sykkelen og stolpen gjorde? Blir eg full av "riller" om eg legg meg på det når eg solar meg? Me får sjå utover sommaren. Så nå har eg spart nye 230 kr i spareglaset mitt - kjekt å bruke opp restegarn. Eg puttar nemleg på 10 kr pr oppbrukt nøste - stort eller lite. Det kan bli ein fin sum av det når året er omme.

Nå skal håndkleet få vere med ut i verden - me skal ha oss ein hopp-på-tur til Kroatia. Reiser allereie på lørdag! Me gler oss til gode varme dagar, bading, god mat, god tid, gode turar - på leigesykkel eller til fots, eller i leigebil. Me gler oss til gode opplevelsar,  bare Gubben og eg på tur!

Kjekt med striper



Sommarlektyren er klar!
Går an å sole seg når ein har
lesestoff eller eit strikk tilgjengeleg.

Ta plass!

søndag 1. juni 2014

Snart klar for badeliv.

Sommaren nærmar seg med stormskritt - og det er jo ein herlig tid. Noko av det eg sett  pris på med gode varme sommardagar er å få bada litt. Det er herleg å slenge seg i vatnet - eller å entre det på ein fin og forsiktig måte (slik som eg gjer) - og å få symje litt. Eg er nok litt treg til å starte badesesongen - eg er vel ikkje akkurat den som hoppar uti når gradestokken viser langt under 20 grader. Men begynner det å nærme seg 20-talet - då er eg ganske ivrig. I år er eg snart ekstra klar for badesesongen - eg held nemleg på å strikke meg eit eige badehandkle. Nytt sprøtt prosjekt! Jada - eg veit det. Men eg kunne ikkje la ver! Året er jo prega av garnslanking og bruk av allereie innkjøpt garn - og noko måtte eg bruke alt det fine, litt tjukke bomullsgarnet som eg har liggandes, til. Mange av nøstene var sjølvsagt påbegynte, og då er det ikkje alltid lett å finne noko fornuftig å bruke dei til. Då er det jo aldri nok likevel. Så - inspireret av Arne & Carlos sitt hageteppe ( som eg og strikkar på), blei det ein smalare variant i bomull. Nå er det tre veker igjen til ferie - eg har strikka i 1 1/2 veke - eg er over halvvegs - det kan gå å få ferdig mitt eige stripete badehandkle. Prosjektet kan anbefalast - kjekt å strikke striper - kjekt å bruke restegarn!
Ein pose garn  -
det meste med ca 22 - 23 m strikkefasthet
på pinne nr. 3 1/2


Stripe på stripe .....
i fine blåe-grønne-og-lilla-fargar.
Balanse-kunst.
Desse nøstene har eg igjen.
Trur det blir akkurat nok.






Bursdag og hytteliv.

Nok ei flott helg er over - det har vore ein fantastisk flott vår når det gjelder finver dette året. Solfylte, varme helger - gode dagar som gjer ny energi til kvardagane. Denne helga var ekstra lang - starta på onsdag kveld! Då var bil og tilhengar ferdigpakka og me kunne dra ut på tur. Torsdag var Kr.Himmelfartsdag - og min bursdag! Kjekt å bli eit år eldre. Nå koser eg meg med eigne bursdagar og - før likte eg betre å feire resten av familien enn meg sjøl! Fredag var ein "midt-i-mellom-dag" - fri den og. Og så laurdag og sundag då. Dei egentlige fridagane. Kjekt å vere på hytta igjen - med gode venner på besøk, god mat, gode samtalar, kakefest i anledning den store dagen, tilskuar til sykkelrittet "Tour de Fjords", handletur,  gode lange strikkepausar, rusletur langs sjøen og bestiging av ein topp, god naboprat, Gubbe-dugnad under hytta - og sykkeltur rundt øya! Me trives veldig godt her inne i Ryfylke.

Frukost i det fri for 51-åringen!

Strandnellikar i hagen

Kjekt med besøk!

Kakefest!

Rusletur langs sjøen.

Flott med hundekjeks.

Sjølfi på toppen av Randåsen.

Godt med tepper og poncho.
Litt kaldt om kvelden.
Men ute må me sitte likevel!