lørdag 25. april 2015

Strikke-liv

Det går framover i strikkekorga - det er framleis godt å ta seg ein pause med pinnane innimellom. Når dagane er travle på jobb, er det ofte eg ikkje har så enormt mykje overskudd når eg kjem heim. Men ein runde med strikkepinnane er aldri feil. Akkurat nå har eg rett og slett ikkje så mange prosjekter på pinnane. Det er herleg å få ferdig litt ting. Eg har akkurat avslutta eit par bunadsstrømper til ein staut kar. Det er kjekt arbeid. Men både pinnar og garn var tynne, så det tok litt tid. Men nå er dei ferdige, og ventar på å bli levert.

Kjekt oppdrag
 Og eit mormor-strikk. Eg strikkar kjørepose til babyen. Denne blir nok god og varm når dei skal ut på kjøretur.
Fine fletteliknandes striper.
 Ellers har eg starta på ein lyseblå sommargenser i bommull og lin. Bolen er glattstrikka og armane har holmønster. Ein fin kombinasjon.
Sommarjumper

Eg har lært meg "magic loop".
Kjekt med filmsnuttar på You-tube.
Det fungerte fint.

Og så har eg tatt fram dette igjen.
Blir visst eit evighetsprosjekt dette her.

søndag 19. april 2015

Veke 16 - og tur nr.21.

Ein nydelig sundag - god tid - det måtte bare bli tur i dag! Me har jo starta på å gå langs heile kyststripa vår på Jæren og er godt i gang. I dag parkerte me på parkeringsplassen til Regestranda, og gjekk sørover til Vigdel. Turen var merka med fine blåe merker. Lett å finna fram. Me gjekk heilt bort til sjøhuset der me stansa sist! Kan ikkje sluntre unna nokre meter! Rett skal vere rett. Nydeleg ver, det blei godt og varmt etterkvart, vottane og hua blei liggandes i sekken heile turen! God mat i sekken, god pause i sola - det vart ein strålandes dag!
 9,54 km - 2,5 t på tur! 
Me har nå gått nesten 4 mil her ute langs havet. 
Det er godt å bruke kroppen!
Me likar oss godt i lag, me to.

Me nærmar oss Ølberg.
Her bada me mykje som barn


Godt med ein kvil i solbakken!



Ei lysande framtid - versjon 2.

Eg er ferdig. Igjen! Nok eit tulleprosjekt er avslutta. 2 år sidan forrige gong. Ein ny lysandes ullstolpe er på plass i Konglevegen. Til glede eller forargelse? Mest glede, trur eg. Mens eg stod ute i sol og vind og monterte strikkeriet på plass, kom fleire av naboane med kommentarar. Han eine lurte til og med om nokon hadde fjerna den gamle, e-verket feks. "Eg likar den stolpen, då er det så lett å forklare vegen til meg! Det var jammen godt du strikka ein ny!" Kjekt å få slike kommentarar.

Eg har brukt ca 2 mnd på prosjektet, og garn type Smart og Per Gynt. Denne gong har eg vore litt ukritisk i fargevalg - dermed vart stolpen ennå meir fargerik. Eg trengte litt Gubbe-hjelp for å få "pølsa" heilt til topps, likar meg ikkje så godt øverst i stigen.

Eg er spent på korleis det går denne gongen med fargane i sola. Sist starta falme-prosessen ganske fort. Eg håpar på lenger levetid nå. Dersom denne blir like falma som den første, har eg bestemt meg for eit 3.forsøk. Men då skal eg bare bruke akryl-garn! Tenkte at sånn plastikk-greier kanskje held betre på fargen? Er det nokon som har erfaring med den type garn? Eg får begynne å samle - har ikkje vore ivrig brukar av garn som ikkje er av naturmaterialer.
5 meter strikk
Ja til fine fargar!


Klar, ferdig, sy!

Stor konsentrasjon.

Det var ein kald og blåsandes dag,
sjølv om sola skein.
Blei ganske kald av å stå lenge i ro.


Måtte dra strikket så langt ner eg kunne,
slik at eg slapp å ha armane så høgt opp i lufta.
Må tenke på arbeidsstillingar og HMS.


Klar til uttrekk.




Lykken er:
Å ha sin eigen
heimestrikka lyktestolpe!

Den gamle stolpen.
Skikkelig falma.

Godt med Gubbe-hjelp.


Ferdig!
Klar for 2 nye år.
Minst.

mandag 6. april 2015

Langs havet. Tur nr. 20

Me drog frå hytta ganske tidleg i dag. Derfor kunne me bruke ettermiddagen på tur heime. Det er flott å gå langs havet. I dag gjekk me ein strekning me ikkje har gått før. Me kjørte til Hellestø og parkerte der. Og tok beina fatt nordover til Vigdel. Her gjekk me over knausar, utmark og etterkvart merka sti. Totalt vart det 6,3 km i dag og. Me fann og Steinansiktet  - som er ein attraksjon mange oppsøker. Ganske rart korleis ein stein kan sjå ut!

Ut på tur!

Me fekk testa klatrekunstene våre.
Mange kjekke knausar å klatra på.

Steinbra type!
Eg prøvte å kitla han litt.
Men han trakk ikkje på smilebåndet likevel.
Vårteikn.

Me fann ein lun vegg å nyte
kaffien og appelsina i.
Småe auge..... dei forsvann visst i påsken:-)


søndag 5. april 2015

Endå ein påsketur.

1.påskedag - aleine på hytta, ungdommane har reist heim. Då fann me fram joggesko og turkler og kjørte til Fister.  Me hadde Skjekkjeåsen som turmål i dag. Me har tatt denne runden fleire gonger før, men det gjer ingenting. Ein god del oppover, god utsikt, niste på toppen,  bratt ner igjen - og 6,3 km totalt! Ein god avslutning på påskeferien. Då var tur nr.19 unnagjort. I morgon dreg me heim.



Påskestrikk

Når eg skal på påskeferie, må eg ha sekken full av garn. Riktignok har dei to butikkar med garnutsalg her inne på bygda, så det treng ikkje å bli krise. Den eine - ein blomsterbutikk, har masse fint alpakkagarn. Men eg likar å ha med det eg treng - og sånn vart det i år og. Eit  par undervegs-prosjekt har blitt avslutta, eller vokse ein del. Det er jo alltid kjekt. I år vart desse tinga med på hytteferien:

Eg hadde bestilt flotte knappar frå Fat & Fe.
Gamle 2-øringar.
Desse er minner frå ein barndom på 70-talet!

Det vart reine pengeplasseringen, dette:-)

Ferdig!
Kjem til å lysa opp på gråe dagar i denne!

Eg kom over nokre garnnøster i bommull og lin.
Skal bli ein fin sommargenser med hullmønstrete armar.
Vart TV-strikk i påsken dette.
Ei lita baby-lue er ferdig.
Høyrer eigentleg til den jhakken eg strikka for litt sida.
Skal bli spennandes å sjå om det passar.
Syns denne såg litt liten ut.

Eg har vore ivrig med bunadsstrømpene.
Tynne pinnar og litt hardt garn gjer at eg vert litt sår i hendene.
Men kjekt å få dei ferdige snart.

            
Babystrikk.
Kjørepose til å ha i bilsetet.
Blir nok godt og varmt.
  





Påske-turliv i Ryfylke

Det er herlig med ferie. Det er alltid godt med eit avbrekk frå dei vanlige rutinane. Kvardagane er og fine, men det er noko ekstra med feriedagar. Og feriedagar på hytta vår i Ryfylke er ekstra gode, særleg når været slår til og. Denne påsken har me hatt stort sett fint ver. Nydelege dagar, men litt kaldt i lufta. Men fine dagar til å gå på tur. Me har brukt både føtene og skia. Kjekt begge deler.

Første skitur gjekk til Bjødnabu på Hjelmeland. Her var utruleg mykje snø i år. Denne ettermiddagsturen vart på 8 km.



Løypetråkker

Flott urørt vinternatur.

God niste
 Ekstra kjekt er det å komma seg opp på ein topp på ski, og suse nedover bakkane igjen etterpå - på fint silkeføre. Det fekk me jammen oppleva denne påsken. Nattlandsnuten i Suldal,  på 965 moh, var toppmål skjærtorsdag. Ein fantastisk tur. Då me gjekk opp var det ikkje så mange som hadde gått føre oss, så snøen var ny og fin og med lite spor! Fantastisk påskefjell! Det var blåsandes på toppen, men då er det godt med ekstra kler i sekken.



Flott vinternatur
Nesten på toppen!

Godt med litt nistemat på toppen

Hurra!
Ein til topp i år!
Etterkvart traff med gode venner i sporet!
Med superraske briller!
Då fekk me ein rastepause til!
Herlig:-)

Siste pause - og tid for litt soling.
Må utnytte dagen og sola godt!

Siste skitur gjekk og til Bjødnabu - og lenger inn på fjellet enn forrige tur. Nydeleg ver, variert terreng, og god niste i sekken. Ein vellykka tur med andre ord.
Me blir jammen varme av
mange oppoverbakkar.
Då må litt kler av.

Herlig turliv.
Eg fekk meg ein blåveis denne ferien og -
(fekk ein i juleferien og)
Denne gong var det ein skistav på ville vegar.

Påskefjell.


I tillegg rusla me langs sjøen ein dag - ilag med dei unge som kom på hyttebesøk! Kjekt å vere i lag med ungdommar.



Kvitveisen var allereie på plass.
Herlig vårteikn.

Lysande soler.
Nå er tur nr. 15, 16, 17 og 18 unnagjort! 
Me er godt i gang 
- den varme våren er i anmarsj 
- me satsar på mange fine turar vidare og!