lørdag 22. november 2014

Novemberstrikk.

Eg har teke eit dykk ner i strikkekorga for å sjekka kva eg finn der nå i november. Eg trudde ikkje det var så mykje, men jammen fann eg ein god del. Gubben klagar innimellom - han kan ikkje sette seg ner nokon stad - det ligg alltid eit strikketøy i vegen! Ikkje heilt sant då.... Men heldigvis fann eg ikkje så mange gamle ting som ligg og aldri vert ferdige. Nisselua er snart ferdig, stripejakken, nr 6B, er inne i ein god periode - den aukar jevnt og trutt, aranteppe er blitt lenger, adventsmysteriet har gått litt i stå - syns det vart litt kjedelige fargar - trur eg ventar på restegarnet etter stripefesten. Det vert nok eit mjukare skjerf enn det som er på pinnane nå.

I tillegg dumpa ein nydeleg "Nancy"-jakke oppi strikkekorga mi ein dag - eg har fått æra av å klyppe den opp og strikke kantar! Eg håpar nabo-strikkaren vert fornøgd! Og nokre julegryteklutar fann eg - må ta eit tak der ser eg. Kamelen har visst gått i hi - kanskje den vert klar neste år? Og tilslutt fann eg ein ny pose med tynt bomullsgarn - her vert det ny stripefest og håndkle. Må ha noko som er enkelt å strikke - og blir noko nyttig. Til sosiale happeningar. Og så var det visst eit teppe til i kroken..... Må ta tak i det og. Arbeidsledig? Neppe den første tida i allefall.



Ha ei fin strikke-førjuls-tid.

Helg igjen.

Det er allereie helg igjen, og tid for avkobling og andre gjeremål. Jammen går tida fort!

Sist helg var ei særleg interessant helg med veldig kjekt strikkekurs! Flott å vere i lag med andre damer som er like "garngale" som meg. Utruleg inspirerandes å prate med andre strikkedamer, sjå deira prosjekter, kjenne på nye garnsortar, sjå flotte mønster og få nye idear. Kurset med Linda Marveng var flott. Ein kjempeflink designer, glad i fletter, utruleg nøyaktig og flott inspirator. Det handla om strikkedesign. Ho hadde ein grundig gjennomgang av teori - om korleis eit plagg er bygd opp, kva ein bør tenke på førein startar, korleis ein planlegg prosessen undervegs, korleis fellingar skulle vere for å få eit mest muleg perfekt plagg, kva kantar ein skal bruke, korleis skrive ner oppskrifter, og gode tips om ein har lyst å prøve å selge sine eigne design. Me strikka prøvelappar, og eg lærte at eg har undervurtdert bruken av dei. Dei kan vere til god hjelp i prosessen fram til ferdig plagg. Og eg som bare setter i gang å strikke, utan å ha tenkt på alt dette før oppstart. Ikkje løye det av og til går i stå og blir lite brukbart. Her var jammen mange gode tips. Eg er nok ikkje der at eg har tenkt å selge noko design, eg er meir fornøgd med å få til fine, unike plagg som eg eller andre kan ha nytte av. Men kanskje Eldstejenta er der? Uansett var det veldig kjekt å få vere med på kurs!

Me var og innom Strikkecafeen der dei selde garn og utstyr, og fekk plukka med oss litt der og. I tillegg selde dei lodd, og eg vant ei fin bok. Artig. Og eg som ikkje pleier å vinne.

Nå er prøvelappen strikka ferdig, eg har lært meg to nye fletter som skal brukast, og eg er klar for å tenke nøyare gjennom heile prosessen før eg startar  - på en ny jumper! Av Piclesgarnet eg smugkjøpte i sommar. Plutseleg er eg i gang.     


Linda Marveng i midten,
og Eldstejenta til høyre.






Notater - og ein start på designet mitt.


Damer og strikketøy


Ny spennandes flette.

fredag 14. november 2014

Glede meg til helg...

Helgene er som regel gode avbrekk frå kvardagane. Då er det ofte tid til å gjere kjekke ting me ikkje får tid til iellers i veka. Og jammen har eg hatt mange fine helger utover hausten. Men denne helga gler eg meg litt ekstra til. Eg skal på strikkekurs med Eldstejenta. Det vert arrangert strikkehelg i Stavanger denne helga, med ei rekke forskjellige kurs. Eg og Eldstejenta har meldt oss på Strikkedesign med Linda Marveng. Passa for viderekomne og avanserte strikkere! Så spørs det om eg passar inn der då.... Eldstejenta gjer det definitivt! Ho lagar eigne design og er flink til dette. Sjå gjerne hennar blogg. Her er masse inspirasjon! Men uansett har eg mykje å læra, eg trur det blir ei flott helg! Og så er det kjekt å treffa andre som har den same hobbyen og lidenskapen som ein sjølv. Då føler ein seg ikkje så sær lenger. Andre er kanskje til og med "verre".

Klar for kurs.

Innimellom skal me på vennebesøk og på Speidarfest! Gler meg til det og:-)

mandag 10. november 2014

November-strikk.

Me er allereie langt ut i november. Jammen går tida fort. Nokre dagar er travle, andre mindre hektiske. Men alltid har eg tid til nokre rundar på pinnane. Det er avstressandes og avslappandes. Eg treng den daglige dosen, blir lett litt rastlaus utan. Eg har ennå fleire prosjekt på gang, og planlegg stadig nye strikk. Målet er ikkje å bare ha eit strikketøy, men av og til gapar eg over litt mange på ein gong. Men - noko for ei kvar tid og einkvar anledning, er viktig.

Eg har forresten begynt på mitt første mysteri-strikk. Eg har aldri slengt meg på sånt før, men ein gong må jo vere den første.  Eg følger Adventstidas store strikkemysterie. På Facebook. Det skal bli eit skjerf i hønsestrikk. Ganske spennandes, og artig å sjå kor forskjellig folk løyser ei slik oppgåve. 
Ellers: Gubben har fått seg eit nytt sokkepar, remse nr. 4 er avslutta på teppet til Reise-jenta, og genser nr.6 B aukar jamnt og trutt.

Til helga skal eg på strikkekurs - med Eldstejenta. Eg gler meg. Nå skal eg læra meg å designe eigne modellar, å rekne ut masketal ol. Sikkert nyttig, så slepp eg og bom-strikke fleire gonger.  Må strikke ein yndlings-prøvelapp før det. Lurer litt på kva då eg skal velge?

Nye Gubbe-sokkar

Nr.6 B

Eg fann ei påbegynt langnisselue i korga.
Ska tru om den blir ferdig før jul?

Kamel-strikkinga har stansa opp.
Skal bli ein kamel til juøekrybba mi.
Det nærmar seg advent - må vere ferdig då.

Mitt advent-mysterie.
Strikkar i Kauni opg finull-garn.

Teppe-produksjon.
Siste remse er på pinnane.


søndag 2. november 2014

Vestlandshelg.


Ei fin helg er over, eg har vore på tur. Ein tur til Veslejenta og syster Jorunn på Sunnmøre stod på programmet. Veldig kjekt, med mykje strikking, lått og løye, gode samtalar, tur til fjells i snøen,  cafebesøk, shopping, kjøretur med ferjer, tur til Devold-museet med mange flotte butikkar med sportsutstyr. Mykje fint som me kan ønske oss.
På tur i Volda!
Ut på tur!
Tilslutt kom me opp til snøen.
Den eine dagen var det snø på fjellet,
neste dag var det 17 grader ute.....

Merkeleg ver.

Kjekt å treffa "Lille Blå" igjen!
Den lever studentliv i Volda!

Jorunn hadde flotte blomar i hagen ennå!
Men jordbærblomster i nov?
Ganske spesielt.


Årets første (h)juleverksted!
Og ny julekopp!

Godt å få på piggdekk,
med onkelhjelp.

Og så var det på tide å dra heim.
Over skyene er himmelen alltid blå.