tirsdag 19. juni 2012

Fleire sprøe prosjekter!

Å sende gubben ut på tur ein kveldsstund aleine, kan vere risikabelt. Ikkje lett å vite kva han kjem heim med då. Denne gong var det ein gammal tre-seilbåt i heller dårleg forfatning. Men for ein som liker godt gammalt treverk, båtnagler, sjøliv og utfordringar - kan dette vere eit spennandes prosjekt. Mange arbeidstimar og mykje ny lærdom ligg framforbi, eller kanskje vert det eit bidrag til St.Hans-bålet neste år. Men kanskje kan ein gammal draum om ein stille tur på sjøen i solnedgangen bli realisert. Tida vil vise! I mellomtida er det bare å gå igang med sandpapiret og lakk-kosten;-)

Flott gammalt seil!

Skips-eigaren!

Dette ser litt "geipe" ut:

4 årer - her må det muskelkraft
til om ikkje seilet skal brukast!
Kanskje det vert bodybuilding i samme rennet?

søndag 17. juni 2012

Glimt frå Randøy.

Gubben og eg er på hyttetur. Ei finfin helg, sjølv om regnet har ausa ner. Gode prosjekter, avislesing, ei stor skål nye Fisterjordbær, tur i skogen, ei hånd full av markjordbær og hekleri og strikkeri. Synd me må heim igjen idag...... Her finn me verkeleg freden og roen! Men om nokre veker er me her igjen - klare for sommarferie!


Bakskjerm-nett til strikka-sykkelen!

Flotte fargar!

Eg heklar til krampa tar meg.
Heklemusklane er ikkje like velutvikla som strikkemusklane.

Ein fargeklatt i hyttehagen!

søndag 10. juni 2012

Sykkelen - del 3

Sykkelen er begynt å bli ullen! Baggasjebrettet og gaffelen er ferdig , så nå har eg ikkje så mykje igjen. Eg har begynt på skjermane, og funne eit fint mønster frå Nederland på hekla nett til bakskjermen. I dag har eg sete ute i sola og sydd på remsene. Nokre har spurt kva som skjer om sykkelen blir våt. Ikkje så mykje, den ser bare litt forkommen ut. Og så tørkar den i sola!  Kva ellers har eg på pinnane? Ein blå jumper med hus og mønster på, ein  blågrå flette-jakke med glitter alà eldstejenta  - og det gule glad-teppet.

Ein fargeklatt i hagen!


Gaffelen er klar!

Ikkje mykje metall igjen nå!

onsdag 6. juni 2012

Kammerset!

Kammerset er ferdig! Og namnet er klart: Frå nå av heiter rommet mitt KAMMERSET! Den siste veka har eg kost meg der inne, med klargjering, rydding, hiving, stryking av fine stoff, sortering av garn, strikkepinnar, trådsneller, knappar, mønster og hobbybøker. Jammen klarte eg å fylle opp mange av dei ledige hyllene, og jammen hadde eg mykje meir garn enn eg trudde. Men utruleg kjekt å få samla alt og lage eit fint og koseleg rom. Eg kan lett trivast her. Og det beste av alt - nå treng eg ikkje å rydde opp og pakke vekk eit prosjekt som er i gang. Nå kan eg bare lukke døra, så er det ingen som ser det! Og har du lyst på ein titt - kom på besøk!

Heldigvis bur eg ilag med ein snill handy-mann!

Eg fant mykje rart på min vandring gjennom huset etter poser og korger med garn.

Alt fekk plass i hylla!

Dei gamle glansbildene mine har komt til heder og verdighet.
Eg har spart på dei i årevis, nå kjøpte eg ei stor ramme og putta nokre inn i.
Ganske flott - og med mange gode minner.

Nokre av dei var ganske slitte etter at små
barnehender har studert dei utallige gonger.

Detalj frå hylla.

Eit gammalt prosjekt dukka opp: eit strikka sengeteppe i tynn, tynn tråd og pinne nr.2
Ska tru om dette vert ferdig ein gong?

Klart til eit nytt domino-teppe.

Norges-glass er fine til oppbevaring.
Eg manglar ei hylle dei kan stå på.


Fine fargar.
Boksane er ikkje så veldig store,
men eg fann mange fine småstoff i "roteboksen" min.

Nydelige fargar

Noko fint til jul?

Nok eit gammat prosjekt dukka opp:
resultatet frå eit kurs i brodering med maskin.
Dette bør bli ferdig om ikkje så lenge!