søndag 25. januar 2015

Oppdateringar

Det er sundag - det er på tide med ein liten oppdatering. Eg har hatt ei fredeleg helg - rådd grunnen aleine her i huset. Gubben har vore på Hallelujaseminar for karar, eg måtte nøye meg med eit lite hurrarop frå sofakroken då eg fekk fjernsynet til å virke på eigenhånd! Ikkje lett når ting vert for avanserte! Uansett - god til til strikking, og ulike oppdateringar. Eg er visst glad i dokumentasjon og oppsummering, i allefall i heimen. Og så likar eg bøker, både slike eg kan lage, bloggbøker, feks, eller fotobøker, eller feriedagbøker..... Kjekt å vite kva som er gjort og korleis det går. Kva hendte undervegs? Eller ei strikkebok eller to i posten. Det lyser opp i kvardagen!

Feriedagboka er i ferd med å ta form.
Me har skrevet dagbok kvar
sommarferie sidan
1982, trur eg.
Kladdar på turen,
eller skriv rett inn på data,
og limer inn heime.
Litt treg i år...


Juleboka -
Med kjekke hilsener og bilder
frå jula.

Ny bloggbok.
Nr 5 i rekka.
Betsilt frå www.blog2print.com

Turprosjektet eg og Gubben har starta på, har måtta kvile denne helga. Godt me har god tid til å nå målet vårt om dei 52 turane. I stadenfor har eg hatt to "bonusturar" - flotte turar aleine på stranda i vind og blåst. I allefall på fredag: då letta eg nesten i motvinden. Men herlig. 5 km kvar tur - gjer godt for heile kroppen.
Mange flotte bølger i dag!

Ut på tur!
Selfi på stranda!
 Og oppi strikkekorga, kva finn me der, tru? Litt forskjellig! Eit teppe nærmar seg ferdig - alltid kjekt når noko vert fullført. Ellers litt småting, og litt småe kler...... kjempekjekt å strikke.

Struktur-teppet.
Held på med blonden nå.
Vottar med Shetlandsgarn.
Men eg har feilberekna garnet.
Trudde eg greide par nr. 2 og.
Men eg har ikkje nok!
Så eg har bestilt påfyll frå Shetland.
Må jo gjere ferdig ....
Resteprosjekt - håndkle i bomull!
Herlig med stripefest!

Lettvindt strikk.


Kauninøstene mine skal bli til ein fargerik
Fana-genser eller kofte.
Har ikkje bestemt meg ennå,
 men eg har bestilt myntknappar.
Må kanskje vere kofte då?
Eg vil nok vise igjen i denne!

Litt hemmeleg strikk.
Må nok fortelle meir om dette seinare.

Det raude passar nok best i einerom

fredag 23. januar 2015

Januar-jakke.

Eit prosjekt er avslutta! Hurra! Den gode mjuke jakken som eg starta på i slutten av 2014, er ferdig. Med mjukt garn, det nye Tweed frå Sandnes, og tjukke pinnar - så gjekk det ganske fort. Eg har som vanleg fleire ting på pinnane, og då vert det jo ikkje nistrikking på bare det eine. Litt sid, ein liten sving i livet, og med innfelte lommar. Pasasar til både korte skjørt og bukser. Kjekt å få den ferdig mens det ennå er kaldt.
På bildet ser det ut som den
henger litt rat ved lommane.
Eller at det vart ein skygge.
Men eg tru det er synsbedrag.

Eg strikka med rund hals.
oppskrifta hadde V-hals



Smiil!

torsdag 22. januar 2015

Råndåsen rundt.

Gubben har fått seg ny hobby! I sommar investerte han i Go-pro kamera, og har si den tid kost seg med å dokumentera ulike ting. Roturar, gåturar, Galdhøpiggen, grunnlovskonvoien.... Det siste tilskuddet i filmmappa vart turen til Randåsen. Sjå innlegget nedanfor og bli med på tur! Dessverre har han ei litt tøysete kone, ho kjem ikkje alltid på at grimasar og krumspring blir festa på film. Ho har tenkt å prøve å slutte med det:-)


Randåsen 18 01 15

Snøen daler lett og fin......

Det er lite snø i Rogaland. Enkelte år har me hatt nokre store snøfall, men dei siste åra har vore triste. Eg likar godt snøen. Det er kjekt på jobb når det er snø, ungane får utfalde seg på ein annan måte. Og det er kjekt å kunne ta seg ein skitur rundt husene her og. Eit år hadde me ein flott skitur på stranda! Me har lest at Rogaland eigentleg ikkje har vinter, for gjennomsnitttemperaturen er for høg. Litt trist.... Her kjem eit lite minne frå ein flott snørik dag  - i 2011.


Ikkje lett å sjå at dette er 0 meter over havet.

Fasinerandes med havet like ved.

Eldstejenta var med på tur.

Men - då får me lage snøfall inne. Eller iallefall snøkrystallar i lange banar! Eg kjøpte med Sandnes Garn sitt julehefte, og her fann eg oppskrift på fine og enkle snøkrystallar. Eg greide å hekle utan oppskrift då den første var unnagjort! Eg likar når eg huskar korleis me skal gjere det etter kort tid.
Først hekla eg tre små og tre store  (i litt tjukkare garn). Men her ein dag vart eg sittandes så lenge på sjukehuset med mi sjuke mor at då vart det produsert mange fleire. Eg måtte faktisk innom ein garnbutikk på veg til sjukehuset - for eg hadde gløymt strikketøyet. ( Ops! Eg kjøpte eit nøste! Men det var livsnødvendig!)

 Ein nyttig lærdom: 
Gå aldri ein plass utan spøtet. 
Det kan vere at dagen skal brukast til venting! 

Utruleg så lang tid alt må ta ein slik plass. Men med eit nøste i fanget, fann eg roen! Ikkje lett å seie korleis det hadde gått hvis ikkje.... Eg kan bli ganske rastlaus.

Eg brukte garnet Tove frå Sandnes garn, kokte opp melis og vatn som eg dyppa dei oppi etterpå, spente dei opp med nåler på ei gummimatte, og vips - så var dei klare for oppheng i stova. Dei store skal få vere med på skulen og pynte opp i klasserommet. Kjekt og raskt prosjekt.

Ventetid = produksjonstid

Denne er hekla i fritidsgarn.
Samme mønster, blir bare større.

Kan jo brukast til pynt på eit vinterbord og!

Klare for oppstramming og forming.





Klare til oppheng.





Det snør, det snør, tiddelibom...

søndag 18. januar 2015

Nydelig januarsundag i veke 3

Det er sundag,  og det er tid for tur. I dag vart  det ein nydeleg dag etter mange stormfulle dagar. Me tok oss fri frå andre forpliktelsar, pakka sekken og var klare for å dra, då me fekk ein telefon. Gode turvenner lurte på om me ville på tur i dag og! Så då gjekk turen via Ålgård for å hente passasjerar til baksetet, før me drog til ferja på Lauvvik. Hytta var målet, for å sjekke litt etter alle stormane, og ta turen til Randåsen. Her har me vore mange gonger før, men ikkje i midten av januar og med snø på fjellet. Men dagen vart aldeles nydeleg! Heilt stille, knallsol - det var bare ein fantastisk dag. God nistemat hadde me med, og kaffi på kanna! Og strikketøy i solveggen tilslutt, før me trilla heim igjen. Takk for ein flott dag og ein flott tur!

Lengde: 5,89 km

Tid: 3 timar med ein god pause på toppen.
 
Høydemeter: 367 meter
 
Ver: nydelig sol og 0 - -2grader.
 
Godt å vere her igjen.
Bare synd det var ein kortur.
 
Me har ein fantastisk hytteutsikt.


Ut på tur -
opp gjennom skogen.
 
 
På toppen fann me tjernet islagt.
Det var sjeldant syn.

 

  
 
På toppen!


Godt i sekken!

Ikkje lett å ta "hoppet" på eit
snødekt stuuuup!


Gubben greide det!

 
Tilbake på hytta var det godt å nyte
nokre solstråler i hytteveggen
.


Og ha ei lita strikkestund
før sola gjekk ner!

Så var dagen nesten over -
det var på tide å dra heim.
Takk for ein flott dag!

 

søndag 11. januar 2015

Veke 2 - og ut på tur.

Ei fin helg er snart over - og heldigvis fann me tid for vekas tur. Kan ikkje ligge litt etter allerede så tidleg på året. Men helga har vore travel, med både utskriving av ei gammal mor frå sjukehuset, 90-års dag for den andra gamla morå, og "stormen Nina" blåsandes ute. Men i dag hadde me ledig frå morgonen av, og pakka niste og tursekk og drog innover i landet. Håpte på litt mindre vind her enn ute me kysten.

Me drog til Gramstad som ligg like utanfor Sandnes. Her har me gått mykje frå me var småe.  Kubbetjønn var eit ynda turmål på 60- og 70-talet. Nå tok me gamlevegen innover, ikkje den nye grusvegen som passar for barnevogner og rullestolar. Det vart litt kort, så me tok likegodt vegen vidare opp til Bjørndalsnuten. Flott topptur, årets første. Ein del vind, ein del sorpe, ein del snø og hagl, men - me kom oss til topps. Her var det ganske blåsandes. Men utruleg kjekt å komma seg opp på ein topp. Det gjer god mestringsfølelse. Men ein liten rastepause - med litt fotografering (av splithoppet)  - tok me oss tid til i ly av varden! Her skal me gå fleire gonger - i varmare ver.

Lengde: 6 km

Tid: 2t og 20 min.

Høgdemeter: totalt vart det 725m. 
Det gjekk ein del opp og ner.

Ver: Overskya og mest opphold, 
men innimellom kom det
litt solglimt og haglskurar.

Klar for start frå Gramstad.
Gubben kosar seg med Go-Pro-kamera undervegs.

Hit - eller dit ...
Jatakk, begge deler!

Ved Kubbetjønn hang ei fin slengdisse.
Den måtte sjølvsagt prøvast.

Litt snø innimellom tuene.

Sol, hagl, vind!
Flott å vere ute.

På toppen!
Bjørndalsnuten - 362 meter høg.

"Gubbehoppet".
Vanskelig å halde balansen pga mykje vind.
 

Nista:
Litt sjokolade og mandarin