lørdag 28. februar 2015

I strikkekorga - i slutten av februar.

Det er ikkje bare baby-strikk som er på pinnane. Det er altfor lett å starte på nye prosjekter. Men eg likar visst å ha det slik. Det er kjekt å kikke oppi strikkekorga og tenke: kva skal eg strikke på i dag? Kven ropar høgast, tru? Eg har nok strikka opp ein del meter allereie i 2015, og akkurat nå er det dette som er på pinnane! Eg har forresten blitt flink å føre strikkedagbok - her skal alt huskast  og dokumenterast.

Fana-kofta veks.
Ekstra spennandes når fargane trer fram etterkvart!
Eg er ei gang med 2.armen.

Eg strikkar i Kauni

Pinne 2 er ganske tynnt!
Men dette skal bli fine bunadssokkar.
Til ein ung kar!

Håndkleet veks og.
Fekk vere bilstrikk på turen til Bortelid.
Vart litt lenger då.
Treng nok bare ein biltur til,
så er det nok ferdig.

Eg har begynt på nytt tøyseprosjekt.
Sol og regn tar på strikk som får stå ute året rundt.
Gubben truar med demontering til våren.
Då må strikkepinnar og restegarn fram igjen.
Denne gong er eg litt meir ukritisk til fargeval -
må bruke opp det eg har.
Førsteutgåva kan du lese om her.
Det styggaste strikketøyet.
Eg fekk det ikkje til!
Eg har mange røde, gule, oransje nøster type Sissugarn.
Tenkte det kunne bli eit fint teppe.
Men nei! Eg likar det ikkje.
Og eg likar ikkje strikke på stygge ting.
Kort prosess:
Bossdunken neste.
Redda bare strikkepinnen.

Babystrikk for ei vordende mormor!

Eg skal bli mormor! Hurra! Eg har gleda meg til dette lenge - og vore litt "små-sjalu" på systrene mine som har god erfaring allereie. Men nå er det min tur! Til sommaren kjem det ei lita jente - og Eldstejenta skal bli mor! Det blir stort! Me gler oss alle saman. Og det er ein fryd å finna fram tynt fint garn og nydelege fargar og strikka søte små plagg. Eldstejenta er flink med strikkepinnane sjølv, men ho sett pris på at me andre og vil bidra. Og dei to som skal bli tante er og i full gang! Dette blir gildt!
Ein liten gul jakke.
Strikka etter ei gammal oppskrift frå 84 /85.
Kjekt med litt retro.

Eg strikka ein "rumper" - eller ein badedrakt
syns eg det likna mest på.
Litt artig når sånne gamle ting kjem
til heder og verdighet igjen.




Og så held eg på med eit vognteppe
- eller bare eit teppe.
Litt utfordrandes å strikka - ikkje noko system på
på mønsteret i det heile.
Men kjekt arbeid til ei kosestund aleine.

Frukoststrikk.


Andre sida.
Eg strikker rundt og skal klyppa opp etterpå.
Nå er eg omtrent halvvegs.
Skal strikka mønsteret ein gong til.

Når eg kom på å bruke strikkemarkørane for kvar 10.maske
- slik som mønsterarket var delt inn,
gjekk det mykje lettare å følge med på kor eg var.
Nå har eg heile kontrollen.
Men eg må bruke merketusj for å stryke ut det eg har strikka.
Kan lett gå i surr.
Mønsteret fann Eldstejenta
på Ravelry - her.

Ein liten jakke til har eg fått tid til -
i nøstebarn-garn.
Utruleg tynt garn - men blir nok god og varm likevel.
Kjekt med fletter.






mandag 23. februar 2015

Vinterferien 2015.

Ei friveke  er over - me har hatt ein god pause frå kvardagen. Gode avslappandes dagar, både heime og på tur.  Onsdag ettermiddag drog me til fjells, til Bortelid - ei lita li langt borte! Me hadde skiutstyr, strikketøy, tjukk bok, varme kler, og god mat i sekken, og var klare for fine skiturar. Herlig. Ikkje heilt topp ver heile tida, men brukbart. Kjekt å gå tur i lag med gode venner. Tilsaman fekk me gått 45 km på ski - det er me godt fornøyde med. Og utruleg kjekt å gå på ski igjen. Så sjølv om den eine tåa alltid blir blå og hoven, og svetten renn nedover ryggen i motbakkar - så er det verd strevet når me suser nedover bakkane igjen. På eine turen fann me ein liten cafè inni fjellheimen og - det sette ein ekstra spiss på turen! Knallgodt med nysteikte vafler med brunost på tur.

Og dermed var tur nr. 9, 10, og 11 gjennomført. På alle hadde me niste med oss, turkler på og loggen er utført i turboka vår. Godt å ligge litt på pluss-sida.
Kjekt å vere til fjells.
Damene i blått
og røde gubbar.

Eg trur Gubben smugtrener på splitthopp!
Han får det til med ski på beina og!
Eg er visst best med ein fot i lufta!
Hurra for skitur!
Pause.

På toppen av skitrekket!
Like blid som sola.

Åpen cafè midt på fjellet -
i ei lita jakthytte.


To tyske damer selde heimelaga gode kaker
kaffi og kakao
og nysteikte vafler.


Fjell-luksus

Utsikt frå ein gapahuk!
Godt å ha eit mål for rastepausen.

Vårsola varmte litt!
Nydeleg etter mange regndagar!

lørdag 14. februar 2015

Turliv - tur nr. 7 og 8.

Det er jammen godt å ha tatt ein bestemmelse på noko! Då er det mykje lettare å gjennomføra gode fortsett. Feks idèen om å gå 52 turar dette året. Då har me noko som pusher oss, og det trengs av og til. Nå er me over den travlige sjukehus-perioden som me har hatt, og kvardagen er meir normalisert. Kveldane er fortsatt litt mørke, men det går litt bedre an å bruke ettermiddag/kveldar til turar. Me er ikkje glad i asfaltvegar og grusveier, likar oss best i ulendt terreng. Har ein rygg som treng treninga det ulendte gjer.

Denne veka har me greid to turar! Det er kjekt. Den første var ein kveld i veka, me tok føre oss stranda som me er veldig godt kjent på, men gjekk litt lenger. Me tenker oss nemleg at me skal prøva å gå heile strekket frå Tungenes fyr til Ogna eller der omkring. Det vert det jo mange turar av, og me prøver å tenke ut kor det er lett å starte neste gong. Me skal ikkje hoppe over nokre meter, nemleg. Her på Jæren har me jo milevis med strender. Godt terreng å gå i.  6 km på litt over 1 time.

Tur nr.2 denne veka gjekk til Sandnes og småfjella rundt der. Me kjørte til Gramstad, tok vegen oppover til Fjogstadnuten, over fleire kollar og opp til Dalsnuten. Her hadde me ein god rastepause, med kakao, nybakte bollar og appelsin. Og så tilbake til bilen. 5 km på 1,5 time + pause. Denne turen var mykje brattare.

"Steinkjerringa"
På Fjogstadnuten

 


På Dalsnuten.
Her var mange andre folk og.

Folk kler seg jammen forskjellig på tur!
Japanara i kjole og joggesko.
Me hadde fjellsko og Devold
.


Kjekke dyr!


søndag 8. februar 2015

Hyttestrikk.

Måtte jo ha med ein sekk med strikketøy denne helga og. Eit til bilen, eit til TV-titting, pluss eit til..... På denne tida av året vert det jo nokre timar innandørs, og då er strikking god avkobling.
Fana-kofte i Kauni-garn

Bunadssokkar til herre.
Eg har tatt på meg eit oppdrag.

Bilstrikk.
Håndkle.
Vert nok buandes på hytta.

I rute! Tur nr.6 - i veke 6.

Me nådde ein tur til denne helga. Det er godt å kle på seg ullkler, gode luer og vottar, og komme seg ut i vinterdagen. Ofte ser veret litt meir gale ut frå innsida. Men i dag var det heilt stillt ute og 2 grader, då me gjekk frå hytta. Opp i skogen på stien vår, men i dag tok me ein ny vri, og gjekk på nokre kjente og nokre stiar me ikkje hadde trått på før. Kjekt å finna nye ruter. Me fann litt dyrespor undervegs. Artig å følge dei og lure på kven som har tusla føre oss på stien.

Lengde: 7,51 km

Tid: 2 timar

Ver: stille og overskya, litt snø i lufta

Ein fugl hadde nok trippa forbi her.

Revespor

Gladhoppet!

Kånehopp!

Litt niste:
Ein sjokoladebit
og ei halv appelsin til kvar
Då er me i rute. 6 turar på 6 veker. Me gler oss til fortsettelsen. Ikkje alle plassar me kan gå ennå, pga snø rundt om kring. Men det nærmar seg vinterferie - då satsar  me på å prøve ut skia.

lørdag 7. februar 2015

Veke 6 - og tur nr.5. Framleis litt på etterskudd...

Hyttehelg - og god tid for vekas tur. Turkler, niste og endomondo - og så er det bare å rusle avgårde. I dag tok me turen frå hytta og oppover skogen på ein av dei faste rundane våre, men me utvida den litt. Heimturen gjekk over kulturbeiter tilbake til hytta. Veret var ikkje det aller beste, men i samenlikning med  der stormen "Ole" herjar rundt om i landet - då var veret ganske bra. Litt vind, litt sol, litt hagl, men ein fin tur.
Lengde: 6,32 km

Tid:1 t og 40 min

Høgdemeter: 211 moh

Veret:
bygevér, 2 - 3 gr.

Snart klar for tur!

Me fann istappar

Godt å vere ute på tur!

Nokon hadde laga ein Gubbe langs stien.

To rare gubbar - min Gubbe til høgre!



Ei annerledes veke.

Det har vore ei spesiell veke.  3 dagar i Bergen, ambulanseflytur, lange sjukehusgangar, venting, hotell, bybane, mykje strikking, nydeleg vinterver med sol og snø, mange timar saman med mor, på cafè - både aleine og med slektningar,  koseleg besøk av nieser, god hotellfrukost, tid i lag med syster Jorunn, og vellykka hjerteoperasjon for mor. Tilslutt ein dag på jobb, frisørtime og hyttehelg! Utruleg variert veke.

Me hadde spesialfly på veg opp.
Har aldri hatt så eksklusive billettar før.

Frå Bryggen i Bergen.
Eg måtte ha meg ein liten luftetur til byen.
Regnar ikkje alltid i denne byen!


Kveldstid.
Ullrikken (som eit lite rødt lys), månen,
tur over kjerrkegarden, og middag hos eit tantebarn.

Kjekt med cafebesøk med syster Jorunn og niese Elin.