onsdag 15. april 2009

Påskeferien!

Ja så var påsken over for denne gong! Rart kor fort slike fridagar går! Men me hadde ein fin påske, nokre dagar var me heime, og nokre dagar var me på hytta! Matilde var heime frå Bergen, og det er alltid koselig! Veret var ganske bra, ein del sol, varmt i lufta, heile 18 grader den eine dagen !!

På hytta likar me å stelle med litt av kvart, Terje likar godt å grave litt ute, så han sette igang med eit nytt prosjekt, nemlig grave ut for ein støypt platting framfor grua - med skifer på ! Som me har samla på mange turar i skogen! Me likar å gå på tur, og eg likar å slappe av med eit kjekt strikketøy! Maren kosar seg på trampolinen! Denne gong sydde ho og ein kjole! Ellers hadde me besøk denne påska, av hyttefolk frå Gullingen! Koselig! Me begynte og på eit oppussingsprosjekt! Nokre gamle jærstolar som Terje har funne, skal bli malte og få nytt sete! Det gamle flettverket måtte av, men jammen vart det dekorativt når me lagte nøster av det!

Ellers er det kjekt å vere ute i naturen og sjå kor fint det spirer og gror! Det er like fantastisk kvar vår, når det nye livet kjem fram! Kvitveisen blomstra, tulipanar og påskeliljer, og bjørka spratt meir og meir for kvar dag! Fantastisk!