søndag 31. august 2014

Ein fin sundag!

Det er siste dagen i august - ein fin dag for å vere på tur! Etter ein koseleg venninnekveld i går, var det herlig å trekke i treningskler like etter frukost. Veret var fint - knallblå himmel og sol - og ein morgontur på stranda frista! Nådde akkurat ein god dusj før eg gjekk i kyrkja. Godt å vere der og! Så bar det ut på tur! Kjøretur med mor - til Byrkjedalstunet. Her fekk me nydeleg sundagsmiddag med karamellpudding til dessert! Vart gode og mette då. Her var det faktisk litt regn. På heimveg tok me  ein avstikkar opp til Giljastølen. Her var me mykje som barn. Mor si syster hadde hytte her, så me parkerte bilen og rusla innover ein fin grusveg - til me kunne sjå hytta. Flott tur - i haustfjellet. Ikkje regn her. Frafjord fekk og besøk av oss denne ettermiddagen, og her var mor guide. Viste kor tipp-tipp-tipp-oldefar Bjødna-Tore kom frå. Kjekt å sjå. Så kjørte me heim at - og begge var enige om at det hadde  vore ein fin dag :-)

Flott langs havet!

Lite bølger på Sele i dag.

Deilig i morgonsola!

Flotte sjøhus.


Ut på tur!

Rossavatnet på Giljastølen.

fredag 29. august 2014

Teppefryd!

"Sjå kva eg har lagt!"
Yndlingssetningen i fam. Skår
Eg er inne i ein god stim. Gjere-ferdig-stimen! Endå eit strikk er ferdig - og dette vart riktig stort før eg gav meg. Stripeteppe alà Arne & Carlos. Utruleg kjekt å strikke - det skjer mykje undervegs, nye fargar, nye kombinasjonar, og mange oppbrukte nøster . Veldig kjekt å bli kvitt ein del av nøstene som var på lager, som bare låg der til ingen nytte.  For kva  kan ein vel bruke halv nøster til - i ulike fargar?  Jo, teppe var ein fin ting! Eg hadde mange smånøster i haugen min - brukte opp ca 40 stk. Det vart fine 400 kroner i strikkekrukka mi. 10 kr pr. nøste! Kunne tru me budde i eit kjøleskap her i huset, det har blitt mange tepper etterkvart. Men me har jo ei hytte, og eit eldhus/ hagestove. Godt med eit varmt teppe der og.
Eg valgte å bruke fargar som gjekk i blå, grønt og lilla - med ulike nyansar, samt ein del kvit, beige, brunt som kontrastfargar. Alt er ikkje samme garnsort, men sånn nokonlunde same tjukkelse. Innimellom det andre garnet viste det ikkje forskjell. Rundt kanten hekla eg ein omgang fastmaskar og ein omgang med picoter. Blei ein fin avslutning, og skjulte dei ujevne kantane som kjem når du bytter garn ofte.
I sommar hadde me mange lange kjøreturar, då var teppet perfekt bilstrikketøy. Passa like godt inne i tunellar som ute på landevegen. Eg treng ikkje kikke ner så mykje når det går i riller. Nå er det ferdig - eg har allereie lyst å strikke eit til. Eg har mange nøster i rødt, gult, oransje, grått...... litt varmare fargar. Men først må eg nok ta fram regnbueteppe nr. 2 i domino.

Eit tilbakeblikk - eg er i gang!

Det veks - fine inspirerandes fargar!
Eg er kjempeglad i desse blåe, grønne, lilla fargane.



Heilt ferdig!


Kanten rundt.
Blåe picoter.

tirsdag 26. august 2014

Nr 4 er ferdig.

Eg har hatt eit prosjekt på pinnane ei stund, sidan april. Nå er eg ferdig. Det vart den 4.genseren frå garnlageret dette året. Dette garnet er i  tillegg oppreksgarn. Det er dessverre ikkja alle påbegynte prosjekt som vert ferdige. Nokre endar opp litt anderledes enn eg hadde tenkt, og då mister eg ofte motivasjonen. Men eg er ikkje redd for å rekke opp. Eg gjer heller det enn å irritere meg over at det ikkje vart vellykka. Så denne gongen vart den 4.jumperen laga av oppreksgarn. Men vart fin og god og varm likevel.

Den første oppstarten.
Fine fletter på kanten.
 
Så langt, men ikkje lenger.
Var ikkje fornøgd med fellingar til hals og armar.

Frå den ein til den andre.
Ferdig!

Ein åpning framme eller bak -
eg er ikkje sikker på kva veg eg vil bruke den.

tirsdag 19. august 2014

Strikking - overalt.

Eg likar å strikke! Kanskje ikkje ein nyhet. Men ofta har eg eit strikketøy i sekken eller veska, det kan jo hende eg får bruk for det. Eg likar rett og slett ikkje å bare sitte rett opp og ner utan å gjere noko. Det syns eg er misbruk av tid. Det er herlig avslappandes og utfordrandes med eit strikketøy i hendene. I sommar fekk det vere med til fjells! Heilt til topps på Galdhøgpiggen. Og til sjøs - i Malena-robåten. Og i Hjelmelandsheia - på fjelltur. Og i på stranda i Kroatia. Herlig å ha ein hobby som ein kan kose seg med overalt. Men eg kan og la vere å strikke - i kjekke sosiale kveldar for eksempel.

På toppen av Galdhøpiggen.

På tokt i Oslofjorden.
Godt med eit strikketøy.

På landstreff i Oslo.
Godt med ein strikkepause i sola.

Til fjells.

Liggandes på stranda.
Går godt å strikke ligandes og.

Men kanskje betre sittandes.
Og jammen hadde Syster Rønnaug og
strikketøyet med på fjelltur.

mandag 18. august 2014

Oppstart - og nytt år!

Godt nytt år!
Litt rart å seie det i august, men det er nå slik me reknar det likevel. Nytt skuleår - og oppstart av alle aktivitetar igjen. Eg er i gang på jobb, hektiske dagar - med ny timeplan, nye rutinar, nye fagplanar og skulebøker, men med dei same kjekke elevane. Godt å sjå dei igjen.  
Innimellom vart det tid til litt anna og, -  litt strikking må eg alltid ha. Det er god avkobling og avstressing.
I sommar har eg begynt å gjere ferdig litt påbegynte arbeid, og det minkar i strikkekorga. Herlig. Tenkte eg skulle prøve å ha færre arbeid i gang på ein gong, men veldig fristandes å begynna på nye ting.
Eit nytt stripehåndkle er ferdig - og litt mindre restegarn i bomullskorga:-)




mandag 4. august 2014

Grunnlovsfeiring.

Det er 200 års jubileum i Norge i år. Me syns det var på sin plass å markere det:-). Så ein del av ferien vart på ein måte vårt eige  Grunnlovsjubileum. Kanskje eit litt sprøtt påfunn, det å dra Gamlebåten rundt heile sørlandskysten på ei tralle, men ein kjekk opplevelse. Me var på rotur i Blindleia, og me var med i konvoien som kom  inn Oslofjorden,  i lag med mange andre gamle båtar og sjøulkar. Me hadde omvisning i Eidsvollbygningen,  me overnatta på Brimi Fjellstugu i Brimiland og gjekk på fjelltur til Galdhøpiggen. Det var ein flott måte å marker og sette pris på det flotte landet vårt! Artige opplevelsar, som var både lærerike og interessante. Mange inntrykk - og utruleg mange flotte bilder frå desse dagane. Spennandes å sjå kva andre folk er opptatt av og brenner for, kva dei liker å bruke fritida si til. Spennandes møte mellom gammalt og nytt.


På gamle trakter:
Me overnatta på Justøya,
her har eg vore mykje som barn.

Rotur i Blindleia ved Lillesand.
Flott sørlandsnatur.


Sjøsetting av "Malena" på Bygdøy,
ved Frammuseet.

Damene på tur!
Strikketøyet er alltid med!

Kjekt å sjå havna frå sjøsida.

Mennene måtte ro mest.

Men eg måtte steppe inn for Tromeptisten!
Viktig med brei beinførsel!!
Det var flott å sjå alle båtane som kom mot oss.
Ein viktig del av Norges historie var samla her.


Me helste dei velkommen innover med kornett-spel.
Tormod spele "Mellom bakkar og berg",
"Gamle dampen".
"Dei gamle fjell i syninga" ...
Flott opplevelse.

Det var laga eit flott "monument" med mange årer, frå heile landet.

Mangfaldet var stort.

Me hadde bryggeplass i Akerselva.
Ny og gammal tid møtes.

Strikkepause.

"Enigheden" var og på plass.



Eidsvolls-bygningen.

Det var her det skjedde.

Eg fekk vere med dei stolte karane.
Brimi Fjellstugu.
Ein fantastisk plass, med nydeleg mat

Forfriskandes morgonbad.