mandag 30. mars 2015

Påske - og litt turliv igjen.

Me ligg visst litt etter.... Eller i allefall slik eg trudde og forventa det skulle bli utover våren. Ikkje like lett å komme seg ut på tur i lag når mange andre ting og opptar tida. Eg har hatt mange bonusturar, enten aleine eller i lag med andre enn Gubben. Men litt av poenget er at me er saman på tur! Fellesskapet, fine opplevelsar i lag ....... det er viktig å ha ein felles hobby eller aktivitet har eg lest, nå når ungane er vaksne og flytta ut!

Men nå er det påskeferie, og då greier me forhåpentleg å hanke inn nokre turar. Tur nr.14 gjekk på ei ny øy i Ryfylke. Børøy, naboøya til vår, den me sitt og kikkar ut på frå gode hyttemåltid, den me ror langs i stille morgonstunder, eller den med alle hyttene og lite bilveg, eller som me oppdaga nå - den med alle trillebårene. Her var mange småvegar mellom hyttene, så me greide å gå i 4,5 km. Då var me stort sett innom alle vegane. Her er 1 gard, ca 50 hytter, fleire store parkeringsplassar - og ein haug med trillebårer som folk brukar til å frakte baggasje til hyttene sine.

Lett å bere børene sine her på Børøy - med andre ord. 
Frå nå av: nytt namn på øya - Trille-Børøy.

På tur i skogen.
Kjekt å gå tur med gode venner.

Lagringsplass.
Klar til neste gong

tirsdag 24. mars 2015

Vognteppe.

Eg har strikka ferdig vognteppe. Eldstejenta hadde ønske om eit Snøfnugg-teppe av Ann Myhre, og då var det kjekt å få lov å strikke det. Oppskrift vart kjøpt på Ravelry og rødt og kvitt babygarn. Eit kjekt prosjekt, som krevde litt ekstra tålmodigheit. Det var ikkje vanskeleg, men eg sleit litt i begynnelsen å finne rytmen og ein god måte å lese mønsteret. Men ein pose strikkemarkørar vart redningen. Med ein markør for kvar 10.maske, kunne eg strikke ei og ei rute om gongen, og då hadde eg god kontroll. Eg strikka mønsteret rundt og klypte opp etterpå. Langs kantane strikka eg vrangborder. Over sårkantane sydde eg på eit fint band. Nå er teppe klart til den Gullungen!

Eg strikkte kantane før eg klypte opp.

Klar ferdig klypp!
Kjekt å gjere ting ferdig!
Eg strikka modellar for Sandnes Garn i ungdommen.
Måtte ofte klyppe opp for montering då.
Det var kjempegod læring.

Ferdig!


Mønsterrapporten på 80 omgangar vart strikka 2 gonger.
Alle dei store snøfnugga er ulike.
Innimellom er det mange like småe snøfnugg.
Ingen omgangar er like .
Ingen system  som kunne gjentas.
Men jammen vart det  fint.

Baksida.

søndag 22. mars 2015

Tullestrikk og "galskap"!

Eg er visst litt sprø! Nå prøver eg igjen. Snakk om å bruke opp garn - og tid på ein ufornuftig måte! Men kanskje det kan muntre opp nokon? Eller forarge..... (men det håpar eg ikkje.)

Lyktestolpen "min" - den som står på tomta vår og som eg har okkupert - har hatt eit godt og varmt trekk nå i 2 år. Men det er ganske utruleg for ein slitasje som regn og sola kan gjere. Nå var stolpen falma, skitten og ekkel - ikkje noko pryd for nabolaget med andre ord. Gubben trua med demontering, noko som "sjokkerte" meg først, men sidan gav meg ein ny ide! Ein gong til? Jo, eg har meir restegarn....... Dessutan har eg fått mange positive reaksjonar på tøyset mitt. Enkelte legg til og med spaserturen sin om stolpen min! Ny attraksjon, altså!

1.utgåven

På lørdag måtte stolpen gje tapt. Gubben kom med kniven, og den rotna nesten i hendene hans. Skikkeleg morkent strikketøy! Litt trøttandes at det ikkje varer lenger. Øverste del heng ennå igjen - det gjekk ikkje an å dra det nedover stolpen. Må nok opp med stigen ein dag.


Til og med eføyethar gjort stolpen til sin.

Skikkelig ekkelt strikk.

Strikkestolpen må gje tapt.....
Ikkje mykje som minner om våren 2013 her.....

Koste han seg tru, med å ta ner stolpen?!
Bare vent - den som ler sist......

Men - eg er i gang med ny stolpe! Denne gong er det ikkje bare dei blåe-lilla-grønne-gråe nøstene som blir brukte, no tar eg litt ukritisk i haugen, og får unna mange smånøster som er til liten nytte. Kan bli mange tiara i spareglaset mitt dette. Så snart går lyktestolpen min ei ny og lysandes framtid i møte.

Ja til eit fargerikt fellesskap!

Har visst nokre meter igjen...
Får satse på lange bilturar snart.

Ein gong til!

Alle gode ting er tre, heiter det. Kan vere mykje sant i det. Me har tre flotte jenter ..... og nå har eg strikka teppe til den tredje av dei. Dette teppet har eg i tillegg strikka for tredje gong! Første utgåve havna her i huset, det er snart utslete av frossne ungdommar som likte å sitte under eit teppe! Nr.2 fekk Veslejenta med seg på folkehøgskulen i fjor. Det varma godt der. Nå er det Reisejenta sin tur. Nå er hennar teppe ferdig. Samme teppe, men i grått denne gongen. Blei fint det og.

Dette har vore eit langtidsprosjekt, slik som tepper bruker å bli. Eg starta i 2014, like etter jul - og er ferdig nå. Mesteparten vart dermed strikka i fjor, eg hadde bare ei av remsene igjen + blondekantane langs kortsidene. Men eg reknar det med i årets produksjon, sidan det er ferdig nå. 1,65 kg Safirgarn frå Gjestal - det vart ein del tiara i sparekrukka mi det.

Reisejenta fyller snart 25 år, og då passar det med eit heimestrikka teppe i gåve. Ho veit om presangen, og godkjent resultatet undervegs. Nå gjennstår det bare å pakka det inn og overrekke gåva neste søndag i selskap!

Her er heile tepppe.
Må visst dampe det litt.

Kjekt mønster i strukturstrikk.
To typar remser.

Fin blondekant

Kan bli godt og varmt i sofakroken
- eller ute på terrassen.

Her er teppe som Eldstejenta fekk.
Fint og fargerikt.

Og her er Minstejenta sitt teppet.
Samme mønster som nå, bare i ubleika garn.

mandag 16. mars 2015

Klar til bruk!

Stripe på stripe - og litt  tommare i restekorga! Det er ein fin kombinasjon. Denne gongen var det det tjukkaste bomullsgarnet som er ekspedert - og blitt til eit stripete håndkle. Ikkje så stort som fjorårets badehåndkle, men stort nok til å bruke etter ein dusj. Eg har hovedsakelig strikka på dette ved bilkjøring, ja når Gubben er sjåfør, vel å merke! Godt å bruke den tida og til noko. Striper er fint - då skjer det noko samtidig som eg ikkje treng å kikke ner heile tida. For mykje mønster  og svingete vegar passar ikkje særleg god saman! Nå er håndkleet klar for hyttebruk!
Det var bare påbegynte nøster,
nokre fekk eg brukt heilt opp,
mens andre har eg ein liten rest av ennå.
Må nok legge opp til eit til....


Fin brettekant.

søndag 15. mars 2015

Vinterturliv med tur nr. 12 og 13.

Vekene fyk avgårde, og det er allereie langt uti mars. Me har ikkje greid å få oss ein tur kvar veke, iallefall ikkje i lag. Gubben har vore to helger på tømmerhogst, så då går nå tida. Men me er jo eigentleg i rute. Veke 11 - og tur nr. 12 og 13  blei unnagjort. 2 dagar på ski. I tillegg har eg meg nokre bonusturar! Godt å lufte seg litt på eigenhånd og.

Men nå har me vore på tur. Vintertur. Heime er det fint og vårleg - det har faktisk ikkje vore nokre dagar med snø her på Jæren denne "vinteren". Det liknar mest på haust. Men me er glad i snøen - likar godt å gå litt på ski. Me har mange gonger tenkt me skulle pakke sekken og gå inn til ei av turisthyttene som ligg i fjellheimen nærmast oss. Og denne helga passte det å gjennomføre ein slik tur. Strålandes sol, gode vermeldingar, god tid, god mat i sekken - det vart ei fin helg.

Me starta frå Ådneram, øverst i Sirdalen, lørdag føremiddag. Målet var Taumevatn turisthytte, ca 12 km lenger inne. Strålandes sol og ganske bra føre, det blei ein flott tur innover. Litt skareføre var det, men det blei bedre jo lenger innover og oppover me kom. Mange andre var og ute på tur i dag, nokre vart nok lokka av vaffesalget som dei hadde på hytta. Me fekk god tid til å nyte sola i hytteveggen, og kose oss med strikketøy og lesestoff i hytta. Her var ein del folk, mange med ganske små ungar. Det er imponerandes når både ungane og baggasje må sitta i pulk!

Det er kjekt å vere på tur med Gubben. Det er reine husmorferien. Han både bærer all maten, lagar den fint til og serverer den. I tillegg ordnar han med oppvasken (eg bare tørker). Han diskar og opp med flotte matpakkar. Kan det bli betre?

Om kvelden blåste det veldig opp, men det var heldigvis ikkje så mykje laussnø som kunne fyke rundt. Så då me vakna søndag morgon var det framleis ein del vind, men klar og god sikt, slik at heimturen kunne gå greit. Litt støle og stive - kjenner det i "plogemusklane", men med gode minner om ein fin tur til fjells.
Ut på tur!

Det er mykje snø i fjellet i år.
Dette er eit skilt i vanleg størrelse!

Framme ved hytta.
Taumevatnhytta ligg på ca 800 moh

Vinterfjell.

Gubben hadde laga kjempegod niste!

Strikkepause i solveggen.

Snart kveld.

Litt snøføyk før sola forsvant.






Nydelig biffmiddag med kantarell og løk.
Og rotmos frå pakke!

Litt grønnsaker fekk og vere med i sekken.

Gubben var godt forberedt til tur.
Han hadde nemleg laga seg ein mjølblanding
som han laga kjempegodt brød av på morgenkvisten.

Andre hyttebuara blei nesten misunnelege.

Smakte veldig godt med ost og syltetøy på.

Klare for heimtur.
Litt meir vind i dag.

Godt med gode kler.

Ikkje vanskeleg å finne vegen
Når løypa var så godt kvista.

Takk for turen, Terje! Det var ein flott tur!
Neste tur vert kanskje meir vårleg?!

fredag 13. mars 2015

Eg gjer opp!

Eg klare det ikkje lenger! 
Kva då?
 Å la vere å kjøpe nytt garn.  

Eg gjer opp nyttårsfortsettet mitt. 

Eg hadde tenkt at 2015 skulle vere eit år utan nyinnkjøp til Kammerset. Ikkje meir garn i år. Men det går ikkje lenger. Eg har allereie kjøpt litt nytt garn for å strikka til den nye babyen som kjem til sommaren.  Men då vert grensene litt viska litt ut. Lett å kjøpa litt meir når ein førtse er i gang. Og eg har allereie kjøpt litt garn i smug. Det skapar dårleg samvittighet, og det likar eg ikkje. Eg storkosar meg med strikketøyet - og det har eg tenkt å fortsette med. Det øydeleg litt av gleda med Fortsettet mitt. Så frå nå av gjeld måtehald. Det er eit godt ord. Måtehald. Det passar for dei fleste områda i livet. Ikkje for mykje, ikkje for lite.  Dessutan  finns det så utruleg mykje fint der ute, både mønster og garn.

Men - eg har framleis ein plan om å minke ner på garnelageret mitt. Eg har framleis tenkt å vise fram tomme korger i årskavalkaden. Og eg har allereie strikka opp mykje garn. Så eg er på rett veg. Målet er å ikkje ha så mykje liggandes.

Men eg hadde ein tur til Bergen etter nyttår. Der fann eg ein fin strikkebutikk. Med masse flott garn. Noko fekk vere med heim. Ein ny genser er på planleggingsstadiet.

Ein tur til garnutsalget for Sandnes Garn  resulterete i garn til ein Kjørepose til babyen - og nokre lyseblåe nøster til ein nydelig sommargenser - til meg.

Jaja. Sånn gjekk det!

Nydelig garn frå Rowan.

Nydelig genser i fint garn på tilbud.
Får kanskje begynt på den til sommaren.

Eldstejenta har lagt inn bestilling på kjørepose.
Gleder meg.