Stripe på stripe - og litt tommare i restekorga! Det er ein fin kombinasjon. Denne gongen var det det tjukkaste bomullsgarnet som er ekspedert - og blitt til eit stripete håndkle. Ikkje så stort som fjorårets badehåndkle, men stort nok til å bruke etter ein dusj. Eg har hovedsakelig strikka på dette ved bilkjøring, ja når Gubben er sjåfør, vel å merke! Godt å bruke den tida og til noko. Striper er fint - då skjer det noko samtidig som eg ikkje treng å kikke ner heile tida. For mykje mønster og svingete vegar passar ikkje særleg god saman! Nå er håndkleet klar for hyttebruk!
 |
Det var bare påbegynte nøster, nokre fekk eg brukt heilt opp, mens andre har eg ein liten rest av ennå. Må nok legge opp til eit til.... |
|
 |
Fin brettekant. |
Flott måte å bruke restegarnet på!
SvarSlett