lørdag 30. april 2011

Heime igjen.

"Lille Blå" har flytta heim igjen. Livet i storbyen er over for denne gong. Oppdraget med å frakte utstyr som studenten skulle bruke til å finna restar etter isbrear, var ein artig opplevelse. Mykje trafikk, nye lydar, piggdekkavgift, parkeringslapp i ruta......... mange nye inntrykk. Men nå er" Lille Blå" heime igjen, og kan nyte rolege dagar med hevdalukt, eigen plass i gårdsrommet og ein god dose øvelseskjøring med "veslejenta". Velkommen heim igjen!

 I kø for å komme over fjorden!

 Litt liten blant dei store.
 Vel heime i gårdsrommet.
Her venta gubben med sommarsko.
Men jammen hadde "Mørke Blå" tatt  
seg til rette og lånt parkeringsplassen.

mandag 25. april 2011

Nepaltepper

Nokre vårprosjekter er blitt avslutta.
Nepalteppene er ferdige. 
Trådane er festa, teppene vaska, og klare for ein tur ut i verden
 Veien blir til mens ein går:
Dette teppet blei påbegynt i fjor ein gong.
Nå er det ferdig, litt mindre enn opprinnelig  planlagt.
Men akkurat passe til å varme ein nyfødd baby i Nepal.


 Teppe nr. 2: Dette har eg strikka nå i vår, av restegarn.
Dominostrikk og sterke fargar.
Det skal og få ein ny heim i Nepal.
Nå får eg bare kjøpe ein Norges-pakke,
og sende det avgårde til Bergen  - til teppeJorunn.

søndag 24. april 2011

Påskefeiring.

Påsken i år har vore FANTASTISK. Me fekk knallflott sommarver heile ferieveka, noko som me sett stor pris på. Gode , late dagar på hytta, med turgåing, godt over 20 grader i solveggen, eggkokte bål, venner på besøk, strikketøy, lesestoff, påskegodt... Fine ingrediensar for avslappandes dagar! Nå har me hatt nokre dagar heme og, i lag med jentene våre. Kjekt det og! Og snart innhentar kvardagane oss igjen, med dei vanlege aktivitetane. Men det er snart 17.mai og sommarferie!
 Sjøsetting av båten på Fister
.
Utsikt frå ein av turane.
Påskabuketten vart i år plukka i hagen!
Me fann masse påskeliljer utforbi.
Ut på tur - med nye sitteunderlag i påskefargar!
Godt med litt mat på tur.
Eit kunstverk frå i fjor.
Strikkepause i solkroken
Ein flott vedstabel!
Gubben på tur!
Båttur - Terje & Tormod
Begge med bursdag 22.juni
Topptur på Halsnøy. Eikefjellet.
Eggkoking i sjøkanten
Strikking og ein god prat!

lørdag 16. april 2011

God påske.

 Det er palmelørdag - det er snart tid for påskeferie. Bilen er pakka med mureskeier, hyller, solbærbusk, strikketøy, båten står klar på hengaren, me har pakka turkler og påskegodt! Me er klare for Randøy og gode hyttedagar. Bare oss to eldste i huset. Litt rart det og. Dei nygifte frå i fjor skal til Sirdal, mellom-Guro skal tilbringa påsken på Mc.Donald , og minstejenta er dratt på busstur til Tallin. Nå gler me oss til ein påske med knallver, med eggkoking, besøk av gode venner og kaffipausar i solveggen. Imens kan me ta ein titt på påskegreina mi, som var julegrein ved forrige høgtid. Nå er den ferdig dekorert.
Kjekt å strikka småe påskeegg.
Fort gjekk det og!
 Saman med dei småe påskekyllingane
som vart kjøpt på julemessa i Gand.

God påske til dokke alle!
Snart er det sommar!

tirsdag 12. april 2011

Solstikk!

Mannen i huset har fått solstikk! Det hender han får det. Ca to gonger i året går han i kjelleren og finn noko nerfrossent. Noko  blå-svart som gjer gode minner frå sommaren. Så bruker han litt tid på kjøkkenet, med koking og varming av glass, og plutselig er kjøkkenbenken full av fine glas med solstikk! Knallgodt syltetøy, som særleg han og Matilde er 
 begeistra for.
Denne veka vart desse laga!

lørdag 9. april 2011

Våren e komt!

Det er vår, det er laurdag, det er fint ver ute! Nytt kamera har flytta inn til oss, me  satsar på eit langvarig forhold denne gongen. Ein liten rusletur i hagen kan dokumenterast med fine bilder! Godt å sjå at jammen spirer det og gror ute. Hagen vår ligg litt nordvendt på denne tida av året, og derfor kjem våren  litt seinare her enn hos naboane. Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Men om sommaren skin sola til seine kvelden, med solnedgangane i havet. Flott her då og!

 Det gamle bordet utfor unngangsdøra
er fint å sette vårblomar på.
Hurra!
Endeleg blomstrar julerosa mi.
Den har stått i jorda i fleire år utan blomst.
 Krokusar.
Fint med blomar på bare kvistar.
Flotte spirer.
Dei blåe ballane er i ferd med å titte opp.
Aprikostreetrt er i ferd med å sprette ut.
Det står godt og lunt like ved huset.


Grasløken er komt godt i gang!
 Den røde julerosa står og i blomst! 
Kjekt!
 Gode venner kom på besøk på fredagskvelden
og hadde  med flotte tulipanar.
 Roser til helga.
Tilslutt litt strikk - påskeegg.
Drops design si oppskrift!
Garnet kjøpte eg på Island for nokre år si!
Litt av garnlageret, med andre ord.

Ha ei fortsatt fin helg!

torsdag 7. april 2011

Unntakstilstand!

Det går litt trått på bloggen for tida! Eg har nemleg ødelagt kameraet vårt. Det nye fine speilreflekskameraet! At det går an! Men ein liten luftetur ut av hånda mi og rett i flisegolvet i kjellaren, var ikkje noko det likte! Eg har fått låne døtrene sine apparat innimellom. "Ver forsiktig, mor!" seier dei då. Men litt forsikringspengar har ankomt, nytt apparat er bestilt, så plutselig er eg tilbake med forhåpentleg fine vårbilder. Imens får me nøye oss med å nyta dei nye spirene som tittar fram ute, med bare augene!


Eit minne frå ein kveldstur på stranda, tatt med mobilen!