søndag 26. oktober 2014

Sundag kveld - og snart klar for ei ny veke.

Ein liten statusrapport frå Konglevegen sånn i slutten av oktober: 

1. Den grønne kosegenseren er ferdig. Kjekt med tjukt garn og tjukke pinnar innimellom.
2. Gubben er augeoperet for skjeling, så han er sjukemeldt denne veka.
3. Då kan eg venta meg nydeleg ferdiglaga middag kvar dag!
    (Det gjer eg visst til vanleg og - han kjem først heim).
4. Dei gamle mødrene vore har vore her på middag  og kaffi i dag.
5. På torsdag pakkar eg kofferten. Ut på tur. Minstejenta og syster Jorunn ventar i nord!
6. Eg fann ut at Gubben ligg langt nere på strikke-prioriterings-lista mi.
    Nye sokkar til han er påbegynt. Han har små ønsker.
7. Stripejakken , 6B, veks. Måtte bare ha ein liten sutre-pause.
8. Mykje regn ute denne helga, fint å kose seg inne då.
9. Fine roser til helga.

Kosegenser frå "Rosendal"-boka


Dette var genser nr.7 strikka i 2014.
Alle til meg.

Nye Gubbe-sokkar.
Garn funne i sokkegarn-korga
på Kammerset.

Kjekt med roser!
Og litt frå hagen.
Eg fann Gubben på Kammerset ein dag!
Kanskje han vart inspirert han og?
Godt med fine fargar rundt seg!

Ha ei god arbeidsveke alle saman.
Pass på å ikkje ha det så travelt at du ikkje har tid til ei strikkestund
eller ein koseleg prat med nokon du kjenner.

søndag 19. oktober 2014

Garnkjøp - i smug.

Eg hadde eit nyttårsfortsett dette året : Å ikkje kjøpe meir garn. I ettertid har eg vel tenkt i tillegg: før eg har strikka opp noko av lageret mitt.  Året er ikkje omme, men eg er i grunnen godt fornøyd med innsatsen så langt. Eg har fått brukt opp mykje garn som eg har hatt liggandes. Det har faktisk vore kjekt og inspirerandes å finne fram  gode kombinasjonar av garn og mønster. Det meste av garnet eg har liggandes er jo flott garn, eg har jo kjøpt det for eg likte det og hadde lyst på det. Og det har vore tilfredsstillandes å få brukt opp ein del restar og. Halve nøster - eller endå mindre - ikkje alltid like lett å bruke dei fornuftig. Eg har mykje igjen - eg kan visst fortsetta inn i 2015 og. Vil gjerne få brukt opp endå litt meir.

Men - eg har møtt nokre utfordringar undervegs: Slik som salg på Sandnes garn...... eller ein tur innom Piclesbutikken mens me var i Oslo i sommar........ og blant alle utstillarane på Forbundet Kysten sitt stevne i Oslo. Hadde ikkje forventa å finne garn der! Då klarte eg ikkje stå i mot. Men eg er tilhengar av åpenhet - viktig å kunne seie korleis ein verkeleg har det.  Så - ved alle desse tre tilfella kjøpte eg garn!  Men ikkje når me var  i Praha:-) (Fant ingen garnbutikkar der ...) Så derfor kjem denne "tilståinga" nå.

Glaset som eg samlar 10 kr pr oppbrukt nøste i,  lite eller stort, er blitt ganske fullt! Eg gler meg til opptellinga i jan 2015. Det viser i allefall at eg er på god veg til å minke garnlageret, og det er jo ein bra prestasjon.
Nr.7
Kosegenser frå
"Garnglede i Rosendal"

Strikka i Nepal frå Drops.
Eg likra godt slike jumprar på skulen!

To armar - i ulik lengde!

Garn frå Færøyane.
Trur eg.
Kjøpt blant gamle båtar og sjøulkar!
Vart så glad for å finne garn der!
Vottar er planen for dette.



Fint garn frå Picles.
Kjøpte sommarpresang til jentene mine her,
og då blei det litt til meg og.
Skal strikkast saman med ein tynn Alpakka.

Planen er ein flettegenser.
Eg har nemleg gitt vekk den eg hadde.

Ein liten prøvelapp.
Kan vere det vert litt liknandes.

torsdag 16. oktober 2014

"Blåmandag."

Etter nokre veker med kjekk stipete restefest - er "festen" brått over.

Eg har kost meg dei siste vekene der stripejakken , Nr.6,  har tatt form. Det viser så godt framgangen, når ein stadig bytter farge. Stripe på stripe,  og bare ei stripe til .... Eg har målt mange gonger undervegs, syns kanskje heile prosjektet såg litt smalt ut, men funne ut at "jo, det passar nok heilt perfekt!" Rett før avslutning prøvte eg jakka på igjen - og fann ut at dette "pølseskinnet" kjem eg nok ikkje til å bruke. Det vart for smalt. Treng jo ikkje vise fram alle bulkane mine!  Irriterandes å ikkje sjå det før nå! Men det er ikkje alltid like lett å sjå korleis det kjem til å passe.
Så langt!


Hm!
Kva gjer eg nå?
Skal eg bare gøyme heile stripekorga innerst på Kammerset og prøve å gløyme heile prosjektet?
Eg gjorde faktisk det - i 1 dag. 
Men eg likar ikkje å gje opp. Korga er stadig full av alpakka-garn.
Eg startar på nytt!
Så nå er eg i gang igjen - blir nok ferdig ein dag, kanskje ikkje like fort som nr. 6 A.


Nr. 6 B


Eg har ikkje rekt jakken opp igjen ennå, men skal gjere det. Trur eg. Eller strikke siste rest - og finne ein tynn mottakar som er glad i striper.

Imens - god stripehaust!

Haustferien 2014.

Haustferien er unnagjort - og som vanleg er det godt med ein pause frå kvardags-travelheita.  Denne gongen og var me klare for hytteferie. Syster Jorunn frå Ulsteinvik og svoger, kom på besøk, og me hadde flotte dagar i lag - i regn og vind. Men ut på tur kvar dag, og med gode måltid, lange  strikkepausar, godt drøs og lått & løye - så vart det ein utruleg god ferie.

Gubben kan dessverre ikkje skilte med like mykje ferie som eg har, så han måtte vere heime og jobbe litt lenger. Men han kom innover så fort han kunne. Med råtten makrell og båthengaren på slep. Han var klar for hummerfangst. Og i år vart det rekord-fangst: 6 stk + mange krabbar. Ein måtte uti igjen - det var ein rognhummar. I fjor fekk me ingen. Så me kunne kose oss med sjømat fleire dagar.

Me hadde og sjeldant besøk denne gongen: ein nøtteskrikar var stadig å sjå utfor hytta. Ein flott og sjeldan fugl! Det er kjekt å studere dyre- og fugleliv her inne. Tilslutt måtte båten  på land, og klargjerast for vinterlagring.

"Raud som ein kokt hummar!"

Foring av nøtteskrikar.
Fekk brukt den nye fugleboka
for å finne namnet på den.

Me fann og ein del kantarell.

Pompel og Pilt!

Kveldslys.

Morgonstemning.

Fine haustfargar


Fin fangst.

mandag 6. oktober 2014

Prinsessen på erten.

Eg er ferdig med ei ny lue. Garn og mønster kjøpte eg i Køvenhavn for eit år sidan, på jentetur i lag med Siri. Me var innom Sommerfuglen, og her var det mykje fint. Blant anna fekk dette garnet bli med heim. Litt tidkrevandes har det vore, det har jo tatt nesten 1 år! Men eg har jo strikka andre masker innimellom.... Tynt garn, ein heil haug med biser, der eg plukka opp maskar på baksida med ein ekstra pinne, og strikka maskane på dei to pinnane saman igjen. Men nå er lua ferdig! Kalde haustdagar kan komma. Men akkurat for tida ser det ut til å bli lenge til! 18 grader i helga. Rart i oktober.

Finn Schøl-vasen kan brukast til så mangt!

Erta er på plass!

fredag 3. oktober 2014

Roturer med Malena 2014

GJESTEBLOGGING :-) (Terje)

Denne sesongen har det blitt mange kjekke ro-turer med "Malena".
Alle sammen med gode venner. Mange har fått testet ut /frisket opp rokunnskapene sine.
Og jeg har kost meg masse på disse turene. Takk til alle som har vært (matros) med på tur.
Det har blitt tid til drøs og strandhogg med kaffe m.m. :-)
Båten har svart til forventningene og gitt meg stor glede og avkobling fra den vanlige hverdagen .
Jeg har rodd godt over 10 mil, og vært både på sjø og "land", ferskvann og fjord. 
Ryfylke, Jæren, Sørlandet og Oslofjorden.
Dette kan det fort bli mere av .....



14.mai
Ved Hundvåg sammen med Torstein
20.mai
Ims - Ådnøy
sammen med Gaute


27.Mai  
Hommersåk - Usken
sammen med Geir Ove
2.Juni
Lutsivannet (Hogstad - Fatlia)
sammen med  eldstejenta Matilde 


11.Juni
Ims - Ådnøy
sammen med minstejenta Maren

 2.Juli
Bru - Lineholmen
sammen med Tone


9.Juli
Svankevika ved badedammen(Stavanger) - Vågen (4.4km)
sammen med Tormod
Grunnlovskonvoien som skulle til Oslo var ankommet Stavanger.
Vi fikk se flere gamle, flotte båter (og folk)
Prøving av nye T-skjorter og flagg på båten hørte med.
 Nå skal vi snart til Oslo :-) Fikk en makrell på returen :-)
 
 


SOMMERFERIE 2014

Så var ferien startet. Vi koblet båten bak på bilen og dro sørover.

Vi overnattet på Justøy camping en natt,
og fikk oss en fin ro-tur i Blindleia i flott sommervær.


Rastepause i blindleia
Litt køkjøring(roing) på det smaleste i Blindleia




Vi fortsatte videre mot Oslo, og var innom Helgeroa hvor vi  besøkte familen Hildal-Lund
Koselig besøk og ungene fikk prøve båten.

Teodor med Iver på fanget
Johanna

GRUNNLOVSKONVOI OSLO 17.Juli
Så var det tiden kommet for å delta i Grunnlovskonvoien siste etappe inn Olsofjorden til Bjørevika.Vi sjøsatte ved Fram-museet og fikk fortøye trygt sammen med andre gamle båter.
En flott tur , og Tormod hadde med Kornetten og spilte for de som seilte forbi.
Roturen gikk sammen med Siri , Tormod og Sara  + meg og Tone fra Bygdøy til Bjørevika via Aker Brygge og Rådhuskaia før vi traff konvoien med flere hundre gamle båter, og avsluttet turen med å fortøye ved oprean i Akerselva.
Malenna lå trygt sammen med Fram.
Tone slapper av på kaikanten i Akerselva
med Barecode byggene i bakgrunnen
, etter turen over fjorden.

Det ble totalt 9.8 km på Oslo-fjorden t/r




Tormod spilte for alle båtene som passerte oss på fjorden.
Vi fikk god respons både med klapp og rop + blåsing i fløyta.

Etter konvoien dro vi en tur til Galdhøpiggen, og mens vi var der,
ble båten passet på av Ole  (sammen med mor Bjørg og far Kjetil) i Oslo .
Den fikk stå trygt der til vi hentet den .
Tror det var på sommerens varmeste dag. 

Så dro vi hjemmover og inn til hytta på Randøy  og "Malena" fulgte med oss .
Her fikk vi oss to flotte turer .
En Morgentur  og en badetur / kveldstur .


28.August
Rotur fra Hana til Holmavika i Gandsfjorden
sammen med Storebror Svein 

 4.September
Rotur fra Hommersåk til Usken
sammen med Eldstejenta Matilde


11. SeptemberRotur på Frøylandsvannet
sammen med Ivar.


17.September
Rotur fra Sele til Feistein
sammen med Geir Ove .
Tok kaffepausen i Sele havn etter ferdig tur,
da vi ble litt sjøsyke av bølger og dønninger.
Fisket noen makreller også.

 22. September
Årets siste tur gikk fra Hommersåk via Usken til Lauvåsvågen 
sammen med Gaute .

Her var det flotte sjøhus og fint miljø.
Det ble en fin avslutning på sesongen.
Hjemtur i kveldsola.



Nå er båten plassert trygt innendørs for vinteren.

Skal se om Malena kan få seg mast  og seil til neste sesong :-)
Den som følger med vil få se :-)

Hilsen Terje ( Kaptein)