søndag 26. januar 2014

Ein fin sundag.

Godt med ein sundag innimellom. Det er kviledag her i huset. Og jammen kjennest det godt etter takmalinga i går. Tar på nakke og armar med slikt arbeid. Så idag pakka me pikknikk-korga og drog på tur innover Ryfylke - for å sjå om hytta hadde det fint og at ingen store trer var blåst ner i stormane. Lite bilar på vegen, Gubben som sjåfør - og eg  kunne kose meg med strikketøyet. Herlig. Mykje vind i dag og - og kaldt i hytta. Med fyr på peisen og god nistepakke, og tid for ein tur i skogen og over kulturbeiter. Godt å få varmen igjen. Så var det å kjøre heim i blåsten igjen. Kunne godt hatt ei helg på hytta igjen, kjenner me. Alltid godt å komma inn og finne roen og freden. Me gler oss til sesongen startar igjen. Og bilstrikk denne gongen: kvit ribbejumper med variasjonar frå Anette Danielsen i lin og alpakkaull. Nå er ryggen ferdig, og eg har starta på framstykket! Kjekt å strikke.

Langs eit av vatna slo store bølger
 inn og laga flotte isskulpturar i strandkanten
.
Utruleg flott.

God niste framføre ovnen.
Godt med lue på!
 
Terje-genseren passte godt
på ein blåsbortdag som denne.

Hytte-naboen er visst og glad i å strikke.

Allereie vår?
Naboen hadde fullt av tusenfryd i plenen.

Ut på tur! Aldri sur.
Ein liten kvil.
Godt med varme kler.

Vinter-trer.

Gamle steingardar.
Minner frå gammal tid.
Korleis såg her ut før, tru?


Ribbestrikk med variasjonar.

Felle litt her,
og auke litt der = fin struktur.

lørdag 25. januar 2014

Stolt mor!

Eg har tre døtre! Flotte jenter med kvar sine egenskaper og evner. Nokre har dei felles, og noko greier dei på eigenhand. Eg er kjempestolt av dei alle tre! Nå har eldstejenta gjort noko som er litt spesielt! Ho har blitt forfattar. Då ho var liten sa ho at det var det ho skulle. Nå kjem snart den første boka hennar ut, ei syltetøykokebok! Gjett om me er stolte! Me ventar på ei nydeleg bok, med fantastisk mange flotte bilder, som forfattaren sjølv har teke. Og ekstra kjekt er det å leite etter ein kopp, ein duk, eller ei sølvskjei som ho har vore heime og funne. 18.februar kjem boka, på Cappelen Damm. Me gler oss. Imens må me nøye oss med å titte inn på ein forhåndsvisning, og glede oss til resten.

Og vil du ha ein forsmak på innholdet må du klikke her!

Kos deg - og "løp og kjøp"!

torsdag 23. januar 2014

På tide!

Eg har funne fram neste prosjekt som handlar om å fornye og forbetre. Eg starta i fjor på å gjere om denne koselege genseren som eg ikkje var heilt fortruleg med fasongen på. Lett å starte på noko. Men gensaren varmar ikkje mykje der den ligg delt i to i strikkekorga. Mønsteret er litt komplisert, ikkje lett å prate og strikke dette. Det er nok aleine- arbeid. Men nå er eg i gang! Og kva er vel ein betre kombinasjon enn ein fridag, unnagjort tur på stranda, eit oppusningshus-uten-så mange-huslege-gjeremål-for-tida, og ein god sofa på loftet. Snart kjem nok Gubben heim, då blir pinnane bytta ut med malekost. Enn så lenge kosar eg meg:-)

mandag 20. januar 2014

"Eg bare male her..."

Me malar og malar.... Det tar litt tid - og litt krefter. Men det går framover. Nå er snart spisestove-delen av stova ferdig. Manglar kun eit strøk på vinduskarmane. Kjekt å sjå kor lyst det blir. Løye med det - men eg syns det var ganske fint før og. Eg er glad i tre, og levandes materialer. Sterile byggematerialer er nok ikkje noko for oss! Men nå når me studerar veggene på nært hold, ser me at det verkeleg trengtes!  Det er veldig kjekt å ha komme i gang! Me gler oss til møbleringa.Og henga opp bilder på ny, Kanskje er det noko som får ein ny plass. Og i strikkekorga: den gråe jakken har fått ny rygg,  ein smalare denne gongen. Kjekt å avslutta noko.

Nesten ferdig.

1.strøk grunning på vinduet.
Den gamle "lyse" veggen er jammen ikkje lys lenger.

Terrassedøre.
Blir nok fin den og.


Gubben har ofte  litt ekstra krefter igjen,
og har begynt på opplading til årets rosesong.

Litt kjedelig å reparere gammalt strikk.
Ikkje lett å plukke opp igjen sømmane.

Ny og gammal rygg.

Ferdig!

søndag 12. januar 2014

Nytt prosjekt.

Me har starta på eit nytt prosjekt. Eit felles prosjekt, Gubben og eg. Det er han som er prosjektleiar og fagansvarleg, eg bidreg med abeidskraft, rydding og å halde hjula igang. Det er stova som skal pussast opp! Me har mykje panel, me likte det godt då me bygde i 1992. Etterkvart har både vegger og tak inntatt ein gulare glød enn  det me likar. Så etter å ha grua oss og tenkt og planlagt lenge, og "prøvemalt" på hytta, så sette me igang. Tormod Turleiar sette fart i oss, slik at det blei ein "Flying start". Han stilte med muskelkraft og var med og tømte stua og fekk stillas på plass. Me har nemleg nesten 4 meter høgde under taket, i den eine delen av stova. Så då me pakka jula ner, fortsette me bare å pakke ner resten av stova og . Eske og  småmøbler blei plassert på gjesterommet, pianoet havna på Kammertset, og dei store møblene står under plast i stova ennå. Må vekk dei og når golvet skal pussast og lakkast. Jaja, ein ting om gongen. Nå er det høge taket nesten ferdigmalt, det går jo greit når me først setter i gang.

Og strikkinga:
eg slappar litt av innimellom
og strikker nokre omgangar så fort eg kan. 
Pakking av stova

Det blei mange esker.

Ser ut som ein byggeplass.

Då var me i gang!
Den rosa stripa kom fram då Gubben
fjerna den flotte tapetborda som stod der.
Heile stova var gammalrosa i 1992.
Nå blir det kvitt.

Det blir jammen stor forskjell!

Balansekunst - må holde meg fast i taket!

Synd å vere inne når veret er fint ute....

Kammermusikk på Kammerset!
Utruleg kva som får plass her.

Noko av pyntetinga vaglar seg oppå strikkehylla!

Møblene er stabla saman.
Spisebordet blei plutseleg arbeidsbord.

To strøk er ferdigmalt.
I morgon skal me male det siste.
For på tysdag kjem Sterke-Tormod igjen.
Då skal stillaset vekk.

søndag 5. januar 2014

På pinnane i januar.

Pinnane her i huset blir sjelden kalde. Det er alltid kjekt å begynna på nye ting. Og så er det jo viktig å ha eit strikk som passar til ulike situasjonar. Noko passar definitivt best for ein kveld heime aleine i sofaen. Nokre passar best i bilen, eller samman med andre i sosiale lag. Noko kan vere litt kjedeleg å strikke, og då er det lurt å bare ha det tilgjegeleg, så blir eg nødt til å strikke på det. Strikkekorga er ikkje tom, det ligg ennå nokre prosjekter igjen der. Men dei blir nok ferdige dei og. Ein dag. Akkurat nå er det desse tinga som er på pinnane.

Eg strikkar ny rygg til den gråe flettejakken.
Den første blei altfor vid.

Nytt prosjekt av eit lingarn som har
låge  på Kammerset i fleire år.
Eg kjøpte litt nytt ullgarn - i romjula.
Og nå blir det ein fin genser av Anette Danielsen

Gryteklutar.
Danskejakken.
Det går framover.


Lua for "Prinsessen på erten".
Dette strikket passa best for
aleinetid.
Å strikke biser var litt vanskelig, særleg den første.

fredag 3. januar 2014

Siste og første.

Godt nytt år til dokker alle! 
Å runde eit årsskifte, innbyr alltid til oppsummeringar.  Å gjere ferdig strikketøy kan jo og kallast ei oppsummering. I løpet av denne juleferien hadde eg tenkt å få avslutte litt av innholdet i strikkekorga. Og aller helst begynne på noko nytt! Jammen godt eg er lærar og har lang ferie!  Og jammen greide eg det.To prosjekt er ferdige, og der er blitt betre plass i korga.  Første mann ute - eller fjorårets siste prosjekt - blei den lilla alpakka flettejakken. Tynt garn og tynne pinnar, tar lett litt tid då. Men når  alle trådane er  festa, gløymer ein gjerne det kjedelige og nyt synet av eit ferdigstrikt produkt. Gler meg til å ta i bruk jakken. Det første avslutta prosjektet i året 2014 , var "Terjegenseren". Her var både garn og pinnar tjukke. Så då går det unna i ein fart. Då eg var nesten ferdig, måtte jo Gubben prøve den på. Men eg hadde vore raus med omgangane, så det var blitt for sid. Då var det bare kort prosess - opprekking av heile raglandsfellinga. Men Gubben var hjelpsom, og snart kunne eg starte på bærestykket på ny. Nå er jumperen ferdig, og Gubben er klar for ein rotur. Bare synd at båten er stua litt langt vekk og ikkje klar for ein vintertur!

Ps. Fann forresten eit tips på Facebook - der er ein del strikkedamer "der ute" som har samme prosjekt som meg, nemleg å "slanke" garnlageret sitt. Artig! I tilleg sparar dei 10 kr pr oppstrikka nøste. Kan lett bli ein fin pengesum ut av det. Til nytt garn, feks, eller ein tur ut i verden? Eg slenger meg på den, eg og!
God januarstrikk.

Fletter i Alpakka.

Varmar til og med på augene!
Ganske praktisk

Fornøgd Gubbe!
Står klar med nytt ausekar.

Sjøulken.
Kan vere det blir litt varmt å ro i denne!
I allfall på sommarstid.
Putta ikkje oppi full pott for "Terjegenseren"
Noko var jo strikka i 2013
.
Er spent på kor fullt glaset blir.