mandag 17. mars 2014

Restegarn og garnslanking.

Kvardagen er i ferd med å normalisere seg. Jobb, middag, kaffikos med avis, strikk og frukt i sofaen, og diverse aktivitetar på kveldstid. Me er så og seie ferdige med malinga i denne runde. Dvs - eg er heilt ferdig. Gubben har ei trapp igjen. Så nå er det herlig å finne roen innimellom med strikketøyet igjen. Me kosar oss i den nye stova, og har funne nye plassar til både nokre møbler og bilder. Kjekt å ommøblere litt.
 
Ein liten titt i strikkekorga viser at det er ikkje så mange påbegynte spøt for tida. Eg har jo nokre langtidsprosjekt, tre tepper er under produksjon, men det eine nærmar seg toppen, så det har eg tatt fram igjen. Må få det ferdig nå snart. Regnbue-restegarn-teppe er ikkje så stort ennå, men plutselig ein dag er det lengre! Og det siste teppe - til Reise-Guro- skal vere ferdig til 25 års dagen hennar. Ho fyller snart 24 nå i mars........ litt god tid, med andre ord.

Domino X 2

Strukturteppe i grått.

Ellers har eg hatt både ein jakke og ein jumper på pinnane ei stund. Danskejakken er endeleg ferdig - blei kjempegod - tynn og lett, kjenner nesten ikkje at den er på. Eg er godt fornøyd med resultatet. Herlig med fargar. Litt tynt garn, kjente det særleg på slutten då eg bare strikka med det gråe garnet. Litt vanskeleg å få fine kantar. Men nå er det ferdig! Hurra!

Ferdig!

Kjøpte fine knappar og i København.
Den kvite genseren i ull/lin -  i dobbelt garn, nærmar seg og slutten. Eg er godt i gang med raglansfellinga. Den ser jo ut som eit pølseskinn, men det er jo ribbestrikk, det strekker seg heldigvis ut ved bruk. Blir nok bra den og :-) Lingarnet har eg hatt liggandes to - tre år på kammerset, så det er godt å få det brukt. Eg suplerte med ulgarnet - før jul.

Kjekk å strikka, mønsteret er frå Annette Danielsen.
Når ein nærmar seg slutten på fleire prosjekt, må ein jo tenke vidare og legge planar for framtida. Kva skal eg nå gripe fatt i tru? Eg likar godt å rusle inn på Kammerset og trekke ut litt korger, kikke på nydeleg garn og planlegge. Eg fann ei fin oppskrift i Anette Danielsen si bok: Østen for solen. Her var rygg, framstykke og armar strikka i ulike fargar og struktur. Dette passte meg. Eg fekk for nokre år sidan ein stor fin bunt med blått garn frå Tallinn av Minstejenta. Eg har ikkje fått brukt den ennå. Nå fann eg fram diverse andre restar og sette saman ein brukbar kombinasjon. Dobbelt tråd av to tynne garn gjer eit fint fargespel. Så nå blir det ennå ein jumper - i blå/turkise fargar. Syns det var kjempelurt å bruke ulike garn - då får eg jammen slanka lageret mitt litt og.

Herlige fargar.
Mine fargar.

Den rustrøde skal brukast til halskant.

Måtte strikke prøvelapp,
slik som Eldstejenta er så flink til.

I gang.
Tenker dette blir framstykket.
Strikka av Tallingarnet.

Sånn skal den bli!
 Kanskje utfordringen vidare må bli - kor mange gensrar klarer eg å strikke av garnlagaret mitt? Eg greier nok ein del til! Men treng eg så mange då? Neppe. Men med eit kjøpefritt år på kler og passar det fint å strikke seg noko nytt. Det kostar jo ikkje noko ekstra!

søndag 9. mars 2014

Ein fin sundag!

Ein fin sundag er snart over. Det har vore kjempegodt med ein fridag. Så i går kveld vart dagen planlagt, med tur til Bjødnaliå og besøk på Hå gamle Prestegård.Me pakka med oss kjempegod mat, tok fram bilstrikket og turkler og drog i veg. Det var lenge si me hadde vore her. Gjekk der ein del då ungane var små. Sola titta fram då me var klare for å finne fram nistepakken, så det passte jo fint. Herlig å vere på tur igjen. Me må jammen vere flinke å bruke fine fridagar utover våren til turar, aller helst opp på ein fjelltopp. Det likar eg aller best. På Prestegården såg me ein utstilling, før me kjørte nerom Madland havn og såg på bølgene - og åt opp resten av nista! Ein god og avslappandes sundag. ( Og etterpå blei det rydding av Kammerset, og oppheng av litt ting på kjøkkenet).

Gubben på tur.

Herlig med rennandes vatn.

Fin sveis.

God mat høyrar med.
Restar frå i går og gode tortillalefser med fyll.
Og Kvikk-lunsj til Gubben.


Flott gammal prestegard.

Nydelig dør,
skulle gjerne hatt den heime.

Utsikt frå løa, der utstillingen hang.

Fasinerandes bølger.
Best frå bilvinduet.

Furet, værbitt......



torsdag 6. mars 2014

Allereie mars?

Eg trur me har vore i hi i vinter. Det kjennest iallefall litt slik. Full fart heim frå jobb, sluke middag - og på med malekleda. Me har brukt mange timar, mykje maling, og mest av alt kost oss med arbeidet. Men det har tatt tid og ein del krefter. Kjenner at det er godt å finne senga når kvelden kjem sigandes. Det gjer godt å få til noko, og vere fornøyd etterpå med både innsatsen og resultatet. Nå er vegger og tak ferdige, i både stove, kjøkken, gang 1.etasje og gang 3.etasje. Det øverste trappa er snart klar, og den nederste trappa har nokre malingsstrøk igjen ennå. Men ellers minkar det veldig. Nye gardiner er komne på plass, møbler er tatt fram og bildene skal snart opp på veggen. Me har benytta anledningen til å rydde litt i skuffer og skap, og prøver å ikkje sette på plass igjen ting me ikkje likar så godt lenger, eller som er utslitt. Godt å rydde litt.

Litt putle-arbeid.

Av og til er det praktisk å vere lågast i familien.
Då kan eg nemleg balansera
sånn nokonlunde oppå kjøkkenbenken
uten å bøye hodet så mykje.


Innimellom strøka har me og vore på vinterferie med masse snø, kjøpt ny bil, ("store Blå"), og vore med på ein kjempevellykka boklansering for Eldstejenta si  bok -   "Syltetøy året rundt" .Nydeleg bok! Kan anbefalast.
Stor og flott bok. (og jente:-) )

Nydelege smaksprøvar

Bøkene gjekk verkeleg unna!
Det var mange som ville kjøpe.

Og nå kan ho finnast i mange bokhandlara.

Men andre ting har visst blitt sett litt på vent. Ikkje like godt å vere på topp på alle frontar heile tida. Bloggen har stillna litt, og faktisk strikkepinnane og. Ikkje like mykje tid igjen til det. Men nå er me i gang igjen.
Einaste ferdige prosjekt i det siste -
varm shorts til Minstejenta.

Ein liten smakebit frå den "nye" stova vår.
Nymalt vitrinskap


Nye gardiner.
Heilt tynne og lette.

Dei gamle gav eg bort på Finn.no

Grå trapp.

Frå kjøkkenet.
Gråe liftgardiner der.