søndag 26. august 2012

Hyttetur!

Ei fin hausthelg på hytta er over, og me har samla nye krefter til ei ny arbeidsveke. Gubben og eg på tur, det er slik det ofta er for tida. Men me koser oss i lag, så det går fint. Soppturen som me hadde på lørdagskvelden var overveldanes. Me greide nemleg å fylle opp heile korga! Fantastisk.  Kor me fant dei? Nei, det er hemmeleg. Ellers: strikking, ein del skulearbeid, tur i skogen, god mat  og koseleg prat med naboane. Ei god hyttehelg!

Flott på sjøen.




Lyngen var nydeleg!

Terje røykte aure, som vart kjempegod lunsj.

Utruleg mykje kantarell på ein plass!!

Fin fangst.

Eplehausten vår! Kunne vore større!

Fin fangst 2.

søndag 19. august 2012

"Gladgul"-teppe er ferdig.

Så var det over. Trådane er klypt vekk, pinnane utslitt og restegarnet lagt tilbake i rett korg. Nesten litt vemodig å avslutta sommarens STORE strikkeprosjekt. Eg har strikka i "190" denne sommaren - bare måtte få ferdig teppe til eldstejenta til 25-års dagen hennar. I går kveld var det ferdig, fekk til og med tid til ein rask omgang i vaskemaskinen  for lett toving, eller luning som det og kan kallast. I dag var det overlevering - det passa godt inn i den gul-brune leiligheten på Tjelta!






tirsdag 14. august 2012

Hurra for eldstejenta!

Gratulera med dagen, Matilde! Tenk halvegs til 50! Nå er du visst vaksen. Me gler oss til ein koseleg middag heime på dagen din, og til bursdagsfest for heile slekta på sundag!
Du er ei super jente/dame, me er stolte og glade for den fina eldstejenta vår! Strikkar meir enn mor di, og pussar og snekkrar like mykje som far din!! Knallbra.
Lykke til i ny jobb og ny leilighet.
Kjempeglad i deg:-) 



 



Foto: Matilde

Foto : Matilde

søndag 5. august 2012

På gjenngrodde stier.

Hardanger - og Tørvikbygd er min "barndoms dal". Her har eg feriert i mange, lange og gode sommarferiar då eg var barn. Her bur slekta - her er det fremdeles godt å vere. I sommar har eg hatt meg ein tur på gjenngrodde stiar. Då eg var liten var eg alltid minst. Mange gonger hadde det sine fordelar, men når storfamilien ville på fjelltur til Nuten, var eg alltid for liten! Det vart som regel ein lang og kjedeleg dag der venting på fjellfolket var det me gjorde. Det var nemleg ein lang og bratt tur  - og  dei trudde ikkje eg ville greie det. Ein gong fekk eg vere med, men då var det bare far og eg som tutla oss opp etter fjellet. Men i sommar var det min tur! Ein fantastisk dag,  med skodde, sol, utruleg planteflora, spennandes steinformasjonar, snøfenner, 775 høgdemeter å gå, kjempegod matpakke og fjellvatn å drikke. Ein god følelse å gjere noko ein har hatt lyst til lenge!


Her kjem slekta mi frå! Ein flott plass!

På stølen. Her var farmor budeie.

Godt friskt fjellvatn!

Gubben er steingal -
han "måtte" fiksa alle dei vardane som hadde rast ner.

Godt å ver på tur.
Stavar og vardar - gode hjelpemidler
.

To gode venner - koser seg med flotte matpakkar!

Issoleie - ein nydeleg fjellblomst!

Hurra!
På toppen av Tørvikanuten, 1028 m.o.h

Plutselig sprakk skylaget opp, og sola skein!
Fantastisk!


Tørvikbygd  - i fugleperspektiv.


Heimturen frå Hardanger gjekk gjennom Morell-land!
Fantastisk.
Me måtte stoppe rett som det var.
Me har hatt ein del bilturar i sommar -
det resulterte i mange oppvaskklutar!

12 stk - nokre har allerede fått nye heimar.