søndag 5. august 2012

På gjenngrodde stier.

Hardanger - og Tørvikbygd er min "barndoms dal". Her har eg feriert i mange, lange og gode sommarferiar då eg var barn. Her bur slekta - her er det fremdeles godt å vere. I sommar har eg hatt meg ein tur på gjenngrodde stiar. Då eg var liten var eg alltid minst. Mange gonger hadde det sine fordelar, men når storfamilien ville på fjelltur til Nuten, var eg alltid for liten! Det vart som regel ein lang og kjedeleg dag der venting på fjellfolket var det me gjorde. Det var nemleg ein lang og bratt tur  - og  dei trudde ikkje eg ville greie det. Ein gong fekk eg vere med, men då var det bare far og eg som tutla oss opp etter fjellet. Men i sommar var det min tur! Ein fantastisk dag,  med skodde, sol, utruleg planteflora, spennandes steinformasjonar, snøfenner, 775 høgdemeter å gå, kjempegod matpakke og fjellvatn å drikke. Ein god følelse å gjere noko ein har hatt lyst til lenge!


Her kjem slekta mi frå! Ein flott plass!

På stølen. Her var farmor budeie.

Godt friskt fjellvatn!

Gubben er steingal -
han "måtte" fiksa alle dei vardane som hadde rast ner.

Godt å ver på tur.
Stavar og vardar - gode hjelpemidler
.

To gode venner - koser seg med flotte matpakkar!

Issoleie - ein nydeleg fjellblomst!

Hurra!
På toppen av Tørvikanuten, 1028 m.o.h

Plutselig sprakk skylaget opp, og sola skein!
Fantastisk!


Tørvikbygd  - i fugleperspektiv.


Heimturen frå Hardanger gjekk gjennom Morell-land!
Fantastisk.
Me måtte stoppe rett som det var.
Me har hatt ein del bilturar i sommar -
det resulterte i mange oppvaskklutar!

12 stk - nokre har allerede fått nye heimar.

2 kommentarer:

  1. Dette var nok ein fin tur, og så kjekt å kjenne på røttene sine. Litt av ein kluteproduksjon du har hatt, og mange har nok blitt glade over å få ein slik;)

    SvarSlett
  2. Kjekt å mimre, og kjekt å skape nye minne. Fine bilde frå barndomsparadiset ditt Tone!
    Ikkje vanskeleg å sjå at du og Terje har det fint på tur ilag!:) Rut:)

    SvarSlett