søndag 29. januar 2012

Mannen som skulle stelle heime - del 4

"Blåstikk."
Han styrer med litt av kvart, den gubben min. Ein av tinga han meiner det er bare han som gjer - er syltetøylaging! (Eg tar meg av det friske, rørte, nydelege jordbær- og bringebærsyltetøya som me koser oss med i spesielle anledningar). Så eg kan vere enig i at det er bare han som koker syltetøy her i huset. Og så eldstejenta då, som er innom av og til, og som koker 52 sortar i løpet av eit år! Så kven som er inspirert av kven - ikkje lett å seie. "Solstikk" har vore ein slagar her i huset i årevis. Men kva gjer ein når ein ikkje har nok solbærbuskar i hagen (me må plante fleire:-)) , og ikkje finn solbær på butikken? Jo, då puttar ein noko anna blått oppi  Denne gong vart det blåbær som blei følgesvennnen til stikkelsbæra + litt sitronsaft (slik eldstejenta har lært han).God blanding, friskt og godt, gav passe blå tenner - og passa godt på brie-osten til frukost.

Sjølvportrett av ein glad syltetøygubbe!

"Blåstikk"


torsdag 26. januar 2012

Smittefare

Strikking kan lett smitte, og særleg domino-strikk. For nokre år sida vart eg smitta, og i ettertid  har eg faktisk klart å smitte nokon videre. Det er artig, syns eg. Det er jo  kjekt når andre setter pris på og syns det ser spennandes ut, det ein driver med. To kollegaer har strikka dominoteppe, mor og gamlesyster mi er i gang, og her ein kveld hadde me dominokurs i misjonsforeningen. Eg trur fleire av dei lot seg smitte. Til og med då eg låg på sjukehuset med ryggvondt, var der to sjukepleiara som blei fasinert og ville prøve seg:-)  Eg har laga ei lita oppskrift på korleis ein strikker desse artige rutene, så nå kan du bare finne garn og pinnar og settje igang. All slags garn går an. Restegarn kan vere fint, men det er lurt at det er i omtrent samme tjukkelse. Eg er veldig glad i Pt2-garn/ Finull (frå Husfliden) Det finns i ufatteleg mange flotte fargenyansar. Godt å strikke av - passe tjukt Pinne nr. 3 passar og godt.. Men fleire av Nepal-teppene mine har eg strikka i garn som Smart (frå Sandnes Garn) og liknandes typar. Då vert rutene litt større og kraftigare.


Legg opp 41 m. Eg pleier å strikke rutene i rettstrikk. Masketalet er egentleg ikkje så viktig, men det må vere eit oddetal. Det må vere 3 maskar til felling på midten, med like mange masker på kvar side. (= oddetal. Feks. 19 + 3 + 19). Me feller bare på annankvar omg.

Strikk 1 omgang.  Dette er vranga av arbeidet. På neste omg feller me for 1.gong. Strikk 19 maskar , løft 1 m rett av pinnen, str 2 m saman, løft den lause m over , dvs du har fellt to maskar. Strikk dei siste 19 maskane. Str 1 omg utan å felle - vrangsida.
På neste omg: str 18, løft 1 m rett av, str 2 sammen, løft den lause m over, str dei siste 18 m. Neste omg: str utan å felle. Fortsett slik med 1 m mindre på kvar side til du har 3 m igjen.  Ta  1 m laust av, str 2 m sammen og løft den lause m over. Riv av tråden, og begynn på ein ny lapp.



Lappen bøyer seg fint på midten.

1.lapp er ferdig.


Neste lapp skal strikkast til høyre for den første lappen.
Legg opp 21 m, plukk opp 20 m langs lapp nr.1.
Eg pleier å strikka maskane opp i "klumpane".

Så fortsett ein som på første lapp. 1.omg  strikkes rett (vrangsida).
2.omg: 19 m rett, felling, 19 m rett, osv....

Neste lapp tar form.

Lapp nr.2 er ferdig. Eg pleier ofte å strikke heile den første rekka  før eg begynner på neste. Til dei store teppene mine bruker eg 12 X 18 ruter. Rute nr 2 ser faktisk litt større ut enn nr. 1, men det jamner seg ut etterkvart som strikketøyet veks.

Når ein er klar for neste rekke, plukker ein opp 20 m,
og legg opp 21 m videre på pinnen.
Strikk 1 omg rett (vrangsida). Strikk denne lappen på samme måte.
Alle fellingane må gå same vegen, då kan ein strikke alle lappane samen
og ein slepp og sy dei saman til slutt,




Lapp 3 er ferdig. Nå er ein allereie godt i gang!
Neste lapp skal strikkast slik at ein plukker opp maskar frå både den blå og den rosa lappen.
Eg pleier å strikke opp 20 m frå kvar lapp + 1 i midten = 41 m.

Lapp 4 kan startast på.
Etterkvart ver det vanskeleg å legge strikketøyet i frå seg. Skal bare strikke ein lapp til......
Lykke til - eg håper fleire lar seg smitte. Send ein liten kommentar dersom du og vert hekta!

søndag 22. januar 2012

Strikking i januar.

Det er fremdeles mørketid ute. Her innerst i Konglevegen har ikkje sola fått sleppa til ennå. Men i dag var det likevel ein nydeleg sundag, med tur på stranda i nydeleg sol og utrulege mengdar med andre folk - og kjempekoseleg ettermiddagsbesøk hos ei god venninne. Med strikketøy sjølvsagt! Men kva finn me i strikkekorga denne måneden? Jo, litt forskjellig. Det flotte garnet eg kjøpte i Paris er påbegynt: det skal bli ein enkel jakke med fargerike knappar. Aran-genseren er under arbeid - som frukoststrikk. Det gule teppet veks sakte, og eit par nydelege vintarvottar er påbegynte. Mønsteret har eg  funne på ein koseleg strikkeblogg som eg pleier å titte innom. I tillegg har eg såvidt begynt på ein kvit genser av Anette Danielsen, i lin/ull-garn . Blir fin, trur eg. Eit prosjekt er avslutta - hua til gubben!
God og varm på toppen -viktig når ein speler wordfeud

1 arm + litt av nr. 2 + påbegynt bol.
Oppskrifta er på fransk - så det blir rein dikting underveis!

Nydeleg fargespel i garnet.

Arangenser - eg har kopiert av mønsteret etter ein genser som mellom-Guro hadde kjøpt!
Kjekt å "dikte" litt sjølv.

Flott vottemønster, funnen her.

Nytt "sytråd"-prosjekt

Gult er kult!

søndag 15. januar 2012

Ferdig!

Endeleg er danskejakke ferdig! Det tok si tid. Særleg med alle dei trådane å feste. 150 trådar på kvar arm - i eit garn som minnar om sytråd! Men eg er godt fornøgd med resultatet. Nå gler eg meg til å ta den i bruk. Ellers har veka vore brukt til ein del spel - me er blitt hekta på Wordfeud. Det er travelt å ha mange motspelara og klara å lage fine ord, tenka taktikk, og prøva og vinna over feks ein norsklektor! Men det er artig.  Tar med eit bilde frå ei lita bake-ri som kom over meg på lørdag. Det er dessverre ikkje så ofte sånne rier kjem, så det gjeld å kosa seg ekstra når me har noko ferskt bakverk i huset. Kanskje det skulle vere eit nyttårsfortsett - eller februarfortsett - det å baka oftare.

Ferdig!
Og opphengt i garderobehylla mi som eg er så glad i.
Gjennbruk er tingen.

Knappar i ulik farge.
Heimelaga polarbrød!
Knallgodt med ost og syltetøy på.

søndag 8. januar 2012

Nyårs-strikk

Nytt år =  nytt strikk:-)  Første ferdige strikketøy vart eit lite lyseblått sokkepar - til ein nyfødt liten gutt i familien. Eg er blitt "gammle-tante- Tone".  Koseleg! Ellers har eg begynt på ein av julegåvene  som gubben fekk. To garnnøster til ny hue fann han i ein av pakkane.. Han held på med "eksteme makeover" for tida, og treng noko nytt på toppen og. Han er i ferd med å få eit nytt syn på verden. Og eg får ein sånn fin og rynkefri mann:-) Han er ganske fargerik rundt augene for tida. 

 
Dette blir bra, etter oppskrift funnet på Ravelry.

lørdag 7. januar 2012

Nytt år - nye strikketøy.

2012 er godt i gang, det har allereie gått ei veke. Jula er rydda ut, julegjestene er reiste - og kvardagen har begynt.  Dei siste dagane har eg laga til nye strikketøy. Aldri har eg vel begynt på så mange på ein gong! 55 små strikketøy er nå klare for svette, ivrige 9-åringar. Det blir spennandes å komma igang. Første oppdrag er å strikka sommarfuglar. Så får me sjå koss det utviklar seg. Ellers har eg begynt å feste trådar på danskejakken... kan lett ta litt tid.

Tilbud på Sparkjøp. Mange fine fargar.

Fargerikt.



Fine armar - med mange festetrådar.