torsdag 29. august 2013

Ei ny tid!

Etter nesten ein måned utan blogginnlegg er det jammen på tide å finne fram pc-en og komme igang. Utruleg så fort slike seinsommarveker kan gå, utan at ein får gjort det ein vanlegvis gjer.

Me er komne til eit "vegkryss" denne hausten. Det er nesten som ei ny tid. Nå er det bare oss to halvgamle som har fast adresse her i huset: minstejenta har og flytta ut. Det blei litt tomt og stille i heimen..... Sist helg hadde me ein fantastisk flott kjøretur nordover Vestlandet  til Nordfjord Folkehøgskule. Eit nydeleg ver, i nydeleg natur - gjorde turen til ein flott opplevelse. Fullpakka bil, med turutstyr, dyne, støvlar, strikketøy, kassar og boksar - det er mykje som skal vere med når ein skal vere vekke i nesten eit år. Skulen låg flott til, omkransa av fjell og fjord, og året skal brukast til å vere mykje på tur. Heimturen gjekk litt lenger inne i landet, over fjell og fjordar, og like ned til hytta vår på Randøy. Her fekk me plukka med oss 34 kg med plommer før me reiste igjen. Og så fann me ei heil korg med kantareller på den  hemmelege plassen vår!

Ein slik kjøretur kan brukast til så mangt, men ein pose garn er alltid god å ha i slike tilfeller. Eg starta på endå eit teppe, klarte ikkje la vere. Restegarnet frå forrige regnbueteppe låg klart til å bli tatt i bruk. Innimellom er det veldig godt å omgje seg med gode, sterke fargar - det gjer godt humør og inspirasjon.  Ellers går det framover med "Lun genser" frå Pickles, nå er det bare armane som gjenstår. Blir nok ferdig til kulden kjem. 

Her pakkast det!


Mora fekk plass i baksetet ein del av turen!
Det var fint.
Heimover fekk eg sitte framme!

Skulen låg fint til, med utsikt til fjell og fjord.
Litt annerledes enn heime.

Heivegen tok me over fjella,
og var innom stavkjerka i Vik i Sogn.
Flott byggverk.

Nytt byggverk, den nye store Hardangerfjordbrua!
Rask og flott måte å krysse fjorden på.

Smal og svingete veg langs Sørfjorden
- sjølvsagt bak nokre bobilar!

Bilstrikking - i flotte fargar!
Ganske herlig å ta fatt på restegarn!

Plommehausten på hytta var stor i år - ny rekord!
34 kg blåe plommer.

Blir enorme mengdar syltetøy av dette.
Har heldigvis klart å gje vekk nokre posar!

Godt eg har ein sterk mann!
Det var tungt å bære!
Og så ei flott korg med kantarell!


Det blei kveld før me var heime.

Litt strikk:
Min "lune genser"


Regnbuestripene går på skrå denne gongen.
Håpar dei viser litt betre etterkvart,
slik at det ikkje bare ser rotete ut.

To tepper i produksjon:
Sånn går det med "Nuten"

1 kommentar:

  1. Vi har også kjørt jentene våre til folkehøyskole, den eldste til Karmøy og den yngste til Skjeberg. Det blir nok et fint skoleår.
    Lekre tepper du strikker! Dominostrikk har jeg aldri prøvd, men der satte du meg på tanken. Tror jeg har ei bok om det, ulest inntil nå.
    Skulle gjerne hatt noen av plommene dine. Plommesylte er bare så godt.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett