søndag 8. januar 2017

Årskavalkade for 2016

Nok eit strikkeår er over.
Mange nøster.
Mange kilo.
Mange meter.
Mange prosjekt.
Mange gåver.
Mange ting til huset.
Mange ting til Tordis.
Mange til meg sjølv...


Til saman har eg strikka opp:
10,4 kg garn. 
I kilometer utgjer det: 
25,5 km.
Slike reknestykker kan ein jo gjere på forskjellige måtar.
Eg har sett på kven som har fått alle desse tinga:

Ting & tang til huset eller hytta: 3,3 kg.
Til Tordis: ca 800 gr
Til Gubben: ca 800 gr
til Veslejenta ca 600 gr
Gåver 1,8 kg
Til meg: 1,9 kg
(høyres veldig egoistisk ut dette.
Men eg treng visst alltid så mange nye jumprar...
eller så er det så mykje fint og inspirerandes der ute...)

Det hadde jo vore flott om alt dette var frå det lageret eg allereie har.
Men det greide eg dessverre ikkje.
Kanskje neste år??

Over til årets kategoriar og bilder:

Kva strikka eg mest av i 2016?
Desse har eg strikka 18 par av.
Alle har fått nye heimar,
nå må e
g strikke eit par til meg sjølve og.

Årets beste gåve
Uten tvil desse.
Snøhvit av Wenche Roald

Årets herreplagg
Siden Gubbem ikkje fekk så mange plagg dette året,
må dette vere yndlingsplagget.
Han har brukt den mykje,
og det er jo kjekt.

Årets beste dameplagg
Kjempefin Elinor-jakke av Pinneguri

Årets tregaste strikketøy
Restegarnsprosjekt
Ikkje ferdig ennå.

Årets gladaste sokkepar
Måtte strikke nytt par i år.
Det første paret er veldig godt brukt.
Det har blitt til malesokkar nå.

Minst brukte ting
Desse skulle me ha med oss på telttur i sommar.
Men me kom oss ikkje avgårde...
Godt og varmt å ligge på, tenkte eg.
Kanskje neste år?
 Søtaste modell
Det må vere denne jenta!
Ho er ikkje muykje i ro,
så det er vanskeleg å fange ho på bilder.
Søtt Tordis-strikk
Årets største utfordring
Denne var nok litt komplisert, særleg i stratren.
Mange strikkemarkørar,
og mykje mønsterlesing,
men eit flott resultat.
Liket ekstra godt korleis armane er fint tilpassa

største strikketøy
Dette blei nok størst i omfang.
Fint teppe til hytta.



mest fargerike strikk
Eg blei endeleg ferdig med dette.
Bare ein liten del er strikka ferdig i 2016.
Men fargerikt - det er det.
Årets høgaste strikk
I år var me høgt til fjells - i Dolomittene.
Strikketøyet er alltid med.
Her på 2400 m.o.h.
Høgaste eg har vore!

8 kommentarer:

  1. Du verden kor mykje fint du har hatt på pinnane. Det er nok mange som har glede av dine omsorgsfulle strikkemasker. Fine bilete. Håper det går bra med deg etter fallet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar! Ja, det går veldig bra med meg etter fallet. Eg var nok veldig heldig! Godt å vere tjukk i hodet av og til:-)

      Slett
  2. Gratulere så veldig vakre du har strikkt og masse masse.
    Dolomittene er veldig fint, jeg kjenner :-)) Pustertal "Drei Zinnen" - god ferie du hadde 2016.
    Ha riktig god 2017. Hilsen og klem fra Viola

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for kjempekoselig kommentar! Godt 2017 til deg og!

      Slett
  3. Så mykje fint du har strikka :) Syns det var ein god ide med strikka underlag. Ynskjer deg eit kreativt bloggår.

    SvarSlett
  4. Fargerikt og fint og masse garn som er brukt! Du har jammen vært iherdig, men slik er det gjerne med oss som har med oss bundingen overalt. Ved årets slutt blir det ei bra samling. Lekre votter, og så er jeg litt misunnelig på den Ellinor-jakka! Stasplagg!

    Godt nytt år fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar!

      Slett