tirsdag 1. juli 2014

30 år - og perlebryllup

I går var det 30 år sidan eg vart Fru Skår. (trudde egenteg det var svigermor som var det, men...) Den 30.juni 1984 gifta eg meg med kjærasten min gjennom 5 år! Altså - me har vore eit par i 35 år. Høyres steingammalt ut! Og i fjor feira med 50 års dag..... Ja - me begynte tidleg!  Me var 16 1/2 år! Men utruleg nok - det var eit godt valg den gongen - og det er det framleis.

Ganske søte -
og anna hårfarge enn i dag, begge to!

Nydelig brudebukett!
Eg hadde nok valgt lik i dag og!
Kort frå naboen -
dei meinte eg hadde vore gift før!
Utkledde for karneval på speidaren,
i lag med barndomsvenninna mi Ingvild.
Me har hatt 30 gode år i lag, opplevd mykje, fått 3 flotte, nydelege, kloke jenter, to svigersøner + ein kjærast inn i familien, fått mange gode venner, vore på mange turar i lag, reist til nye plassar, bestege nokre fjelltoppar..... og sikkert vore litt uenige og sinte innimellom. Men me trivst utruleg godt i lag, koser oss med  mange kjekke aktivitetar.
Frukost på stranda i Kroatia.
Bryllupsdagen hugsar eg som ein flott dag! "Det var så kjekt at eg kan godt gjere det ein gong til," sa eg om kvelden! det vart heldigvis ikkje slik. Sola skein, me hadde laga innbydelsar og bordkort sjølve, me plukka markblomster til pynt i kyrkja, dikta sang - og eg hadde sydd brudekjolen min sjølv. Hadde nok tenkt å kjøpe eller leige ein, men eg fann ingen eg likte. Så då måtte eg gjere ein innsats sjølv. Tøy vart innkjøpt, og mønster. Mor formante meg om å ikkje sette i gang med å klyppe kjolen utan at ho var til stades, men det måtte eg jo sjølvsagt gjere! Det gjekk godt! Kjolen vart fin - slik eg ville ha den, utan mykje blonder og tyll og dill og dall. Eg likte betre det litt enkle.
Eg hadde brodert bordkort!

Den heimesydde kjolen.
Tekkelig og tilknappa!

Eg hadde fått slådde knappar!
Ekstra flott!
I alle desse åra har kjolen hengt i skapet på loftet. Ungane har ikkje fått leike seg så mykje med den, tenkte vel kanskje den kunne komme i bruk igjen seinare. Når jentene var små ville dei gjerne gifte seg i mors brudekjole. Ei av jentene sa ein gong: "Må eg bruke den?" Og heldigvis må ingen det. Men litt artig å ha kjole hengandes då.

I mange år var den for liten, men i år var den plutseleg passeleg. Så då fekk den komme fram i lyset igjen. Den vart vaska, den lukta ganske innestengt, og eg hadde eit lite håp om å lure med meg Gubben og ta nye brudebilder! Me bur nær dei flotte Jærstrendene, og på bryllupsdagen i går kledde me oss ut - eg i kjolen, og han i min fars bryllupsdress! - og kjørte til stranda. Veslejenta var med som fotograf!  Eg fann dessverre ikkje igjen det fine diademet eg hadde på hodet i 1984, så ein stråhatt gjorde nytta! Barføtt i sanden, med vind i hår og hatt, og lått og løye! "Me få ikkje meir moro enn me lagar sjøl!"


Håret litt på snei - og hatten blåst av!

Ikkje lett å hoppe i fotsid kjole!!

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med jubileet! Flott par!! :-)

    SvarSlett
  2. Dette var sprekt gjort, Tone og Terje!!
    Gratulera!!

    Tormod og Siri

    SvarSlett