onsdag 18. juni 2014

Feriestrikk.

Det er på tide å pakke. Me skal jo på ferie. Då er det jo mange ting som det er kjekt å ha med seg. Men noko av det viktigaste for meg når me skal ut på tur, er  å ha strikketøy. Det må planleggast nøye. Eg har mange kriterier for utvelging: Me skal pakke i koffert denne gong, og då er det viktig å ikkje fylle opp heile plassen med garn.  Kan jo vere at me finn noko fint på turen som me må ha plass til heim igjen. Det er  og greit at det er litt lite slik at eg har arbeid ei stund. Bomull er fint å strikke i om sommaren, så vert det ikkje så varmt. Og eg må ha nok garn til heile ferien. Mange hensyn å ta, med andre ord. I år har eg jo eit garnslankings-prosjekt: eg kjøper ikkje nytt garn - eg strikkar bare av det som allereie finns på Kammerset. Så då måtte eg leite litt i korger og posar for å finne passandes feriestrikk. Eg har ikkje sett igang med noko store, spennandes greier, men ting eg har tenkt på og planlagt tidligare.  I sommar kjem det til å handle ein del om Gryteklutar! Veldig kjekt å ha til presangar. Eg har strikka nokre få par før. Eg har ganske mykje bomullsgarn, og fann ei koseleg Drops-oppskrift før jul med engle-gryteklutar. Garnet kjøpte eg mens det ennå var 2013. Så då passar det å tenke på jula i juli! Litt tynnare bomull blanda med lin fann eg og - det kan passe til fille-strikk på flyet. Og garn innkjøpt for to år si på Kreta, blir kraftige gryteklutar i Senja-mønster. Så nå kan ferien bare starte:-)

Julestrikk
Fine nøster fått av Veslejenta.


Bommullsgarn kjøpt på Kreta.
80 gram i kvart nøste.
Det er heilt gresk for meg kva det står på lappen.....
(hahaha)

Blir ganske tjukke og gode.
Skal ikkje brenne oss på fingrane då.

God strikkesommarferie ønskes til alle strikkeglade.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar