onsdag 28. september 2011

På pinnene.

Nok eit prosjekt er avslutta! Når ein har mange ting på pinnane samtidig, tar ting litt tid, men plutselig er kanskje fleire ting ferdige på nesten ein gong. Det er ganske deilig å festa trådar, rydda pinnar og garn - og sei: FERDIG! Danskeskjerfet var kjekt  og enkelt å strikka. Eg kjøpte garnet på Danmark-turen i sommar. Blonden gjorde susen, og prikken over i-en. Sjalet kan anbefalast! Gler meg til kaldare dagar.


Fin blonde.

Sjalet vart ganske langt!

Dette blir godt og varmt til vinteren.

søndag 25. september 2011

Heime "aleine".

Denne helga har det vore jentehelg i huset. Gubben har dratt på fjelltur med ein kompis. Då er det litt av kvart me finn plass til på programmet. Fredagskvelden var avsett til kjempekoseleg strikke- og pratekveld med ei god venninne.
Laurdag var vaskedag. I dag var det kjøkkenet som fekk gjennomgå. I sommar var det mange kokkar i aksjon her i huset, og det sette sine spor. Nå er dei fjerna! Ein liten tur på hagesenteret vart det og tid til, samt litt strikking (eller isamansying av misjons-lappe-teppe-til-nepal),  og innliming av bilder i album.
Sundag: tur på stranda og øvelseskjøring  med veslejenta, 
middag, data og strikktøy!
Ei god og avslappandes helg, men nå gler me oss til fjell-gubben kjem heim!

Det gamle bordet utfor døra har blitt haustpynta!

Lite haustfargar i naturen i år. Då må me ordne opp sjølv.

Det er masse kvite rognebær i år!

Lavendelen blomstrar fremdeles.

Hortensian - siste blomst.

Eg fann grønn og blå lyng! Artig, men ikkje heilt naturleg! Men dei passa godt til det blåe huset vårt.

tirsdag 20. september 2011

"Stranda" er klar!

Eg har avslutta! Nå er eg ferdig. Domino-prosjektet i lag med dei kreative damene i "Kari-klubben" er avslutta! Fantastisk. Dei lause trådane og dei rødglødandes strikkepinnane vitner om iherdig strikking og festing av trådar nå på slutten. Nå kan eg bare vente på ein god og kald haustkveld der eg kan tulle meg inn i teppet og nyte varmen. Bare synd at gubben har installert ny varmepumpe i stova. Nå er her ofta godt og varmt! Men eg kan jo sette døra oppe til terrassen, bare for å få den gode kalde trekken:-) Tenkte det skulle gå lenge til eg strikkar eit stort teppe igjen, men eldstejenta har eit på ønskelista.....
Det er som eit bilde over stranda: Sjøen nederst, så sanden med marehalm og blomar, og til slutt himmelen. Rundt kanten leikar bølgene.

Eg har brukt mykje alpakkagarn + Delight frå Drops.




Litt av trådane. Mange har blitt festa undervegs.

søndag 18. september 2011

Haustklar!

Eg er klar for haust! Mykje regn og vind. Nå kan det bare storme ute! Og eg kan ut og nyte veret utan å bli blaut. Eg har nemleg innvestert i nytt utstyr - regnkåpe og gode støvlar! Farge: det måtte bare bli lilla! På mørke regnfulle dagar er det godt med ei kåpe som lyser opp og gjer godt humør. Og i tillegg: Støvlane matcher:-) Det er viktig å ha orden på detaljane. Men eg er glad i sola og. Ønsker meg nokre solfylte klare dagar innimellom. Men kåpa er fin å ha på då og! Guro måtte stille som fotograf!
Klar for uteliv! Nå kan ikkje veret vere ein unnskyldning.

Glad (eller vill) haustdame.

Den lilla pynten kan faktisk skiftast ut - rød, svart, stripete og turkis! Det blir jammen travelt å "matche"!

søndag 11. september 2011

Haustens grøde.

I år har hagen fått lite stell. Gubben likte  bedre å vere inne (les: jobba på vaskerommet) denne sesongen. Og eg er visst ikkje så glad i hagearbeid som eg trudde. Men noko klarer heldigvis å vokse uten dagleg og omsorgsfullt stell. Løk er av den sorten. Kvart år puttar me mange småløkar nedi molda om våren - og drar opp store løkar om hausten. Like kjekt kvart år. Og så smakar dei ekstra godt når dei har vakse i vår hage! Aprikoser er ein annan sort som utruleg nok trivst hos oss. Me har eit tre som me lenge trudde var fersken-tre. Men kvart år kom det nokre aprikoser på. I år og. Det er verkeleg kjekt å hauste frå eigen hage!
Gode søte frukter! Med nydeleg farge.

Løk frå "Konglevegen Løkfarm".

Til og med rødløken trivdest!


søndag 4. september 2011

Hyttehelg i september.

Me har hatt ei koselig hyttehelg i lag med kjekke slektningar! Me har vore på "Teppe og Jærstol-festivalen", eller" Laks og fruktfestivalen" som den offisielt heiter! Men bilen vart full av billige jærstolar (med feil) og tepper då me drog heim. Me har gått tur, ete god mat, plukka alle eplene på treet vårt, funne masse bjørnebær og mimra frå gamle dager då me eigde hytta i lag. Takk for ei koseleg helg:-)

Gode venner.

Gøy på landet.



Danskesjalet - eg har begynt på blonden rundt.
Eplehausten.

Store ruter.

Teppet er ferdig. Etter ein liten tur til Selestranda på foto-shoot, var teppet klart for hytteliv. Det vart godt og mjukt og deilig! Eg blei kjempefornøyd med det! Garnet som det er strikka i er Abuelita Tjukk Merino, kjøpt på Pickles.no. Lettvint og greit, tilsendt i posten!