tirsdag 20. september 2011

"Stranda" er klar!

Eg har avslutta! Nå er eg ferdig. Domino-prosjektet i lag med dei kreative damene i "Kari-klubben" er avslutta! Fantastisk. Dei lause trådane og dei rødglødandes strikkepinnane vitner om iherdig strikking og festing av trådar nå på slutten. Nå kan eg bare vente på ein god og kald haustkveld der eg kan tulle meg inn i teppet og nyte varmen. Bare synd at gubben har installert ny varmepumpe i stova. Nå er her ofta godt og varmt! Men eg kan jo sette døra oppe til terrassen, bare for å få den gode kalde trekken:-) Tenkte det skulle gå lenge til eg strikkar eit stort teppe igjen, men eldstejenta har eit på ønskelista.....
Det er som eit bilde over stranda: Sjøen nederst, så sanden med marehalm og blomar, og til slutt himmelen. Rundt kanten leikar bølgene.

Eg har brukt mykje alpakkagarn + Delight frå Drops.




Litt av trådane. Mange har blitt festa undervegs.

3 kommentarer:

  1. Nydeleg blei det Tone:) Eg er imponert over alle teppene du produserer:)Liv Oddny

    SvarSlett
  2. Teppe vart fantastisk flott. Du er knall flinke både med farger og teknisk!!!

    SvarSlett