søndag 25. september 2011

Heime "aleine".

Denne helga har det vore jentehelg i huset. Gubben har dratt på fjelltur med ein kompis. Då er det litt av kvart me finn plass til på programmet. Fredagskvelden var avsett til kjempekoseleg strikke- og pratekveld med ei god venninne.
Laurdag var vaskedag. I dag var det kjøkkenet som fekk gjennomgå. I sommar var det mange kokkar i aksjon her i huset, og det sette sine spor. Nå er dei fjerna! Ein liten tur på hagesenteret vart det og tid til, samt litt strikking (eller isamansying av misjons-lappe-teppe-til-nepal),  og innliming av bilder i album.
Sundag: tur på stranda og øvelseskjøring  med veslejenta, 
middag, data og strikktøy!
Ei god og avslappandes helg, men nå gler me oss til fjell-gubben kjem heim!

Det gamle bordet utfor døra har blitt haustpynta!

Lite haustfargar i naturen i år. Då må me ordne opp sjølv.

Det er masse kvite rognebær i år!

Lavendelen blomstrar fremdeles.

Hortensian - siste blomst.

Eg fann grønn og blå lyng! Artig, men ikkje heilt naturleg! Men dei passa godt til det blåe huset vårt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar