søndag 26. september 2010

Veke 38.

Vekene går utruleg fort. Hausten er definetivt over oss, med dagar fulle av regn og ruskever, mens andre er fine og solrike. Fargane ute er i ferd med å skifte, og det er lett å kose seg inne!Kvar dag er ei gåve, det gjeld bare å utnytte den godt, slik at det blir ein god dag! Forutan det som bilda nedeunder viser, har eg fått tid til 3 turar på stranda denne helga (den eine var sundag morgon kl. 8.30! Då var der fantastisk flott ute!), sendt gubben på jakt- og fisketur, vore på kinaen med minstejenta, vore "taxi-sjåfør" til Vigrestad seint lørdagskvelden, fått forlenga sjukemeldingen i ein måned til - og endeleg bakt nye knekkebrød.
Måndag 21.september
Min fana-bollero
(me likar å kalle det bollero)
er ferdig! Hurra.
Tysdag 22.september
Eg har lært meg kontstrikk!
Ein gammal strikketeknikk frå Finnskogane.
Nå kan eg strikke begge veier
utan å snu strikketøyet!
Dette er ein prøvelapp!

Onsdag 23.september
Maren har gitt meg eit oppdrag!
Ny jakke i litt tjukt garn.
Oppskrifta ligg ved!

Torsdag 24.september
3 mnd til jul!
Ynden som me fekk i sommar
har blomstra uavbrutt!
Kjempekjekt!
Fredag 25.september
Ny mikrobølgeovn.
Det gamle var blitt til ei brannfelle!

Lørdag 26.september
Besøk av storesyster til kaffi & vaffler
og strikketøy!
I kveldinga var himmelen fantastisk!
Sundag 27.september
Endelig bakte eg knekkebrød!
Godt og sunnt!

søndag 19. september 2010

Veke 37.

Så var det søndag igjen, og tid for eit blogginnlegg!
Kva har skjedd i denne veka då?
Jo, det har:
- vore ei litt roligare veke,
- lite oppdrag på kveldane
- mykje regn
- tid til å feste trådar i ferdige strikketing
- 5 treningsøkter
- vore på ein "baderomsrunde" og henta inn prisar og idèar til oppussing av badet på loftet
- hatt besøk av gode venner på lørdagskvelden.
- jobba i "vaskeriet" vårt. Ein evige jobb som aldri tar slutt!
- vore på ein fantastisk flott gudstjeneste!

Måndag 13.september Min møbius er ferdig!
Skal brukast som skjerf på kalde vinterdagar!

Tysdag 14.september
Ein titt på storsjalet til Matilde
som vart ferdig i sommar!
Jammen nådde eg 17.mai slik eg hadde lova!
Mye arbeid med frynsene.

Onsdag 15.september
Oppvaskefiller
(Dette var bilstrikketøy i sommar!)
Kor er resten av produksjonen?
Dei har fått nye heimar.
Dei er kjekke å gje vekk!

Torsdag 16.september
Terje hadde komitèmøte her!
Meny: ambrosia med brunost + kaffi/te.
Me andre koste oss i loftstova.

Fredag 17.september
Min fana-inspirerte bolero nærmar seg ferdig!
Eg held på med broderinga.
Turkis og lilla - flotte fargar!

Lørdag18.september
Rydde-sjau på vaskerommet.
Oppbevaringa av jente-sokkane i huset har blitt revurdert!
Og jammen fant eg to ledige
skuffer til alle sokkane våre!
Enkelt og greit!

Sundag 19.september
Kjempegod frukost i lag med jentene våre!
Med egg og nysteikte bagels!
Og ørten sortar syltetøy.

tirsdag 14. september 2010

Bergenstur!

Me har hatt ein snartur til Bergen, og fekk endeleg besøka dei nygifte i leiligheita deira! Kjekt å sjå korleis dei hadde fått det! Utruleg så godt plassen kan bli utnytta når ein bare vil! Foruten den høytidelege vitnemåls-sermonien med Jern-Erna som hovedtalar, fekk me med oss ein ny matopplevelse: nemleg sushi. Interessant! Me var på bytur, me overnatta på City-box sjølvbetjente hotell, rusla morgontur og fekk frukost i Gamle Nøstegaten, og fant tid til prat og strikketøy! Takk for ei koselig helg! Aleksander i yndlingshjørna sitt!
Me telde 11 datamaskinar!
Imponerandes.
Ny sofa - og bord fra
Gjenbruken på Klepp!
Knallkoselig!
Stolte studentar - pynta for anledningen.
På sushi-restaurant.
Mora var pysete og bestilte kylling og nuddel-rett!
Steikt og kjempegodt!
Frå kjøkkenhylla i Nøstegaten!
Mange nyttige ting.
Te-lys må til.
Mange gode middagsforslag!
Matilde er glad i ulike lister!
Aleksander er glad i kaffi!
Me fekk smaka god nybrygga cappuchino.
Gamle Nøstegaten låg i eit
veldig koselig boligstrøk!
Mange gamle trehus.
Me fann oss ein glimrandes
parkeringsplass!
Like utfor huset!

Veke 36.

Så var me til veis ende igjen - av ei ny veke. Stadig nye hendingar pregar dagane, og gjer at dei blir gode og innholdsrike. Eit av høgdepunkta denne veka var turen til Bergen, der me fekk besøka Matilde og Aleksander og vere med på "Bacherlor-sermoni". Men ein god tur på stranda ein tidleg morgon var og ein god opplevelse, pluss små kvardagslige ting som modne aprikoser og at eg ferdig med regnbueteppe. Desse gylne kvardags-øyeblikka er ein del av livet, som me må øva oss i å sjå og fryda oss over! Ha ei fortsatt fin veke!
Måndag 6.september
Nydelig kveldshimmel.
Tysdag 7.september
Ferdig! Hurra!
Onsdag 8.september
Morgonlys på stranda.
Torsdag 9.september
Aprikosa som veks på ferskentreet vårt,
nærmars seg modne.
Me trudde treet var eit ferskentre i 10 år!
Fredag 10.septemberDei to seriøse studentane våre,
glade for eit flott vitnemål!
Lørdag 11.september
Frokost i Gamle Nøstegaten 20,
2.etasje - hos de nygifte!
Kjempekoselig!
Sundag 12.september
Tur på stranda!
Det blei den 5.treningsøkta mi denne veka!
Eg er ganske stolt!
Godt for ryggen!

mandag 6. september 2010

Tur til Eidenburgh.

I helga var med på tur - til Eidenburg med Malm Orstad. Eige chartra fly med mange jærbuar ombord! Men me hadde ei flott helg i nydelig ver, fekk med oss både litt kultur og spesiallitetar for byen, såg enormt med kiltar i ulike fasongar, åt god mat, var ilag med kjekke folk, tok masse taxi( For å spara føtene/ryggen min) og kom velberga heim igjen! Kjekt å lufte seg litt ute i den store verden! Me fløy over Jærens strender!
Flott syn!
Flotte blomsterbed!
Kanskje noko for hagen vår?
Piersing-dama!
Kanskje me skal begynna med det -
på våre gamle dagar?
(Trykk på bilde for å få det større)
På pub - med "Fish and chips"
på menyen!
Faktisk veldig godt!
Sekkepipene høyrdes lang vei!
Tidlig krøkes!
Herr og fru - på skotsk aften!
Flott middag med underhaldning!
Skotske dansara!
Imponerandes beinføring.
Blomsterfryd!
Frå eit lite kapell.
Utsikt over byen -
from the castel!
Pausestund på benken!
Søndag vart det litt kald vind.
Skotsk fleece varma godt!
Heldigvis selde dei garn i denne byen!
Viktig suvenir frå utlandet!
Deilig nachos -
med ufrivillig ekstra chili på!
Godt - og sterkt!
På tide å dra heim.
Eit lite kongelig vink må til!
Dessverre ingen kongelig
frisyre i vinden!

Veke 35.

Nok ei veke er over! Det har vore ei veke med litt forskjellig innhald, både kjekke og litt dumme hendelsar. Det dumme er at ryggen og beina har verka ein del, og eg har fått beskjed om å ta det litt meir med ro! Så nå er eg nere i 50 % sjukemelding. Jaja, det må jo bare gå ein veg - oppover! Plutselig er eg tilbake i full jobb! Dei kjekke hendelsane kan du kikke på her - på vekas blinkskudd!
Måndag 30.august
Maren var i bakehumør!
Pluselig var kjøkkenbenken
full av deilige scones!

Tysdag 31.august
Bokpakke i posten!
Nå skal eg læra meg noko nytt:
Kontstrikk!
Ein slags flettestrikk.

Onsdag 1.september
Hårfarging på gang!
Godt med ein heime-frisør!
Torsdag 2.september
Grønnsaksuppe til middag!
Med heimedyrka løk.
Kjekt å ha sjølvplukk i hagen.
Fredag 3.september Helgetur til Eidenburgh.
Smakte på "Fish and chips"
for første gong:
Smakte kjempegodt -
sjølv om fisken var enorm!
Lørdag 4.september
Shoping i Eidenburg!
I år er det lilla som
er yndlingsfarge!
Sundag 5.september
Eg fant heldigvis ein garnbutikk!
Kjekt å kjøpe med nokre nøster heim!
Legg merke til posen.
Gjennbruk frå India, av gamle aviser!