tirsdag 14. september 2010

Bergenstur!

Me har hatt ein snartur til Bergen, og fekk endeleg besøka dei nygifte i leiligheita deira! Kjekt å sjå korleis dei hadde fått det! Utruleg så godt plassen kan bli utnytta når ein bare vil! Foruten den høytidelege vitnemåls-sermonien med Jern-Erna som hovedtalar, fekk me med oss ein ny matopplevelse: nemleg sushi. Interessant! Me var på bytur, me overnatta på City-box sjølvbetjente hotell, rusla morgontur og fekk frukost i Gamle Nøstegaten, og fant tid til prat og strikketøy! Takk for ei koselig helg! Aleksander i yndlingshjørna sitt!
Me telde 11 datamaskinar!
Imponerandes.
Ny sofa - og bord fra
Gjenbruken på Klepp!
Knallkoselig!
Stolte studentar - pynta for anledningen.
På sushi-restaurant.
Mora var pysete og bestilte kylling og nuddel-rett!
Steikt og kjempegodt!
Frå kjøkkenhylla i Nøstegaten!
Mange nyttige ting.
Te-lys må til.
Mange gode middagsforslag!
Matilde er glad i ulike lister!
Aleksander er glad i kaffi!
Me fekk smaka god nybrygga cappuchino.
Gamle Nøstegaten låg i eit
veldig koselig boligstrøk!
Mange gamle trehus.
Me fann oss ein glimrandes
parkeringsplass!
Like utfor huset!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar