Ein gong fekk ein blå pose med Duo vere med heim. Det er eit fint garn - blanding av ull og bomull. Alt eg har tenkt eg skal bruke dette garnet til! Forslaga har vore mange, men så har eg ombestemt meg før eg har sett i gang. Det vart liksom ikkje til noko. Innimellom har eg og irritert meg over denne posen som eg ikkje har brukt opp. Og så har eg lagt garnet på plass i hylla igjen.... Denne hausten har eg gjort noko med det. Det er ein fantastisk følelse. Nå har garnet blitt til eit fin blått fletteteppe! Ikkje superlangt, men i grunnen akkurat passe. Det skal få bu på hytta.
Nå er det bedre plass i strikkekorga, og mindre i lageret på Kammerset.
Med små nøster vart det mange trådar å feste. |
Så langt vart det. Akkurat passe stort. Men nederste kanten har ein litt anna blå-tone..... Det er sånn eg ikkje likar. Men - dette er jo til hyttebruk. |
Flotte beine fletter. Minner om ein nypløyd jær-åker. |
![]() |
Passar fint her. Bilde er tatt før teppet var ferdig! |
Denne utfordringa løste du godt! Synes teppet ditt ble kjempefint! Skulle gjerne bodd i nærheten av et garnutsalg med tilbudspriser, men det er kanskje like greit at slike fristelser er langt unna. Har mer enn nok i lageret.
SvarSlettHar begynt på en Eskimo-genser til meg selv, og det er så morsomt å strikke.
Ønsker deg en fin onsdag! Her er det vinterferietid i uke 8 og 9, og vi har åpent på Stugu hver dag. Litt jobb for en pensjonist, men det er bare hyggelig.
Klem fra Ingunn