mandag 31. oktober 2011

Gubbesokkar!

Gubben har fått nye sokkar. Han blei kjempeglad! Eg er ikkje så veldig glad i å strikke sokkar, men når eg først er i gang går det jo ganske bra. Garnet eg strikka med heitte  Hot Sock Tweed. Fint og
tynt ullgarn med polyamid.

Varme føter

Glad gubbe

søndag 30. oktober 2011

Systertur i november.

Det nærmar seg raskt november, og ein av tradisjonane me har i denne måneden, er ein systertur til Ulsteinvik. Det er ei fin tid å reise på, me får som regel mykje for pengane. Veret har ofta vist seg frå ei heisen side på desse turane. Storm, forsinkelsar, nattferjer osv er ting me må kalkulere med! På fredag dreg eg og "gamle-syster" av stad, for å besøke "halv-gamle-syster". Kjekt for dei at yngste-systera tar seg av dei ei helg! (Småsystre kan vere plagsomme som små, og ertne som store og!) Men jammen er eg glad i dei to systrene mine, og me har det veldig trivelig og kjekt i lag. Så nå må eg finna kofferten, pakka ner turkler, strikketøy og kanskje julegåver (dersom eg får ordna det denne veka) - og lade opp til ei koseleg helg med tur,  strikkepausar, handletur , kaffikos og gode samtalar!
Frå 2010 - gule blad på trea, og snø på fjelltoppane. Litt uvanleg for oss rogalendingar! På handletur til Volda.

søndag 23. oktober 2011

Lys i mørket.

Tjukke pinnar og tjukt garn = varme vottar.
Fem par er ferdige, dei er raske og veldig  enkle å strikke. Så nå kan eg lage pakke til Kirkens Bymisjon som ynskjer seg varme ting til utdeling. Kjekt å kunne bruke strikkinga til noko som varmar 
litt utenom det vanlige!




Nepaltepper

Eg er med i ein misjonsforening - med unge damer på min eigen alder! Ein kveld fortalte eg dei om prosjektet Nepaltepper som eg har blitt inspirert av. Og dei og lot seg engasjere. Eg håpte me greide å få til eit teppe i lag. Nå har eg 8 ferdige tepper liggandes, + eit påbegynt og ein haug med lappar!  Det blei ein liten teppevegg her heime! Eg er imponert. Kjekt å kunne smitta andre med strikkelyst. Eg har bare strikka eit av dei, men eg har sydd nokre av teppene i saman, og hekla kantane rundt. Nå ventar ein runde i vaskemaskinen før me skal levere dei i Bergen til Teppe-Jorunn like før jul.

Flotte fargerike tepper.

Blondekantar høyrer med.



søndag 16. oktober 2011

Haustferie.

Det er sundag, og ei god pauseveke er over. Jammen er me heldige me som jobbar i skulevesenet (flott ord!) og som får ha ein god pause midt i semesteret. Men eg har jobba litt, laga klart formingsoppgåver til 50 ungar, og vore på biblioteket og lånt mange spennandes bøker til dei lesehungrige 9-åringane. Men tid til ein hyttetur i lag med gubben og strikketøyet, blei det  likevel. Samt gode dagar heime, med rolege morgonar med både strikketøy og kaffikoppen. Det er jammen godt med pausar frå 
kvardags-travelheita innimellom.
Tomt i båtstøene. Det er tid for vinteropplag for båtane.

Skyer med gullkantar!

Me fann flotte danskeroser uti hagen. Fantastisk!

Eg er alltid redd for å ha for lite handarbeid med på tur. Det resulterer i at kanskje litt for mange prosjekt vert putta i sekken.

Me hadde eit fantastisk ver. 25 grader målte me her i solkroken!

Danske-tunikaen er ferdig! Nå er eg klar til julekos.

Gubben likar og å ha prosjekter. Denne gong malte han kjøkkenet. Flott og grått!

Litt haustfangst. Kjekt å få hummar. Den ein måtte me hive uti, det var ein rognhummar.
Den andre smakte fortreffeleg!

søndag 9. oktober 2011

Juleprosjekt.

Eg har tatt pinnane og islandsgarnet fatt, og latt meg inspirere til å gjere noko fornuftig. Medlemsbladet i Hobbykluben kom i posten ein dag, med ein artikkel om Kirkens Bymisjon og det arbeidet dei driv blant mennesker som strever med livet sitt. Oppfordringen var at me som strikkar kan vere med å bidra. Ved å strikka ting som vottar, lue og skjerf og senda inn, kan nokon få ein betre og varmare tilværelse. Eg har latt meg engasjera. Nå er det første paret med vottar ferdig. Raske og enkle å strikke, varme og gode å ha på. Så herved gjer eg oppfordringen vidare: Strikk - og gjer ein forskjell. Kjekt om du og lar deg inspirera til litt "dugnadsarbeid"
Grønt er skjønt!

Eg har visst nok til fleire par. Me får sjå etter kvart kor mange det blir.

søndag 2. oktober 2011

1.oktober

Det er haust, men i det siste har me hatt nokre utrulege dagar. Over 20 varmegrader, og sol. Kan det bli betre? Så gårsdagen måtte bare nytast på terrassen, med strikketøy, gubben og Pepsi Max. Var forresten innom ein garnbutikk igjen...... fant sjølvsagt nokre fine nøster. Denne gong er det gubben som skal få sokkar. Kanskje det vert kaldare ein gong seinare og han frys på føtene?   Inspirert av mi kjære venninne, Kari, fant eg og ein artig vase. Ho er ein mester på interiør! Ennå er det nokre småblomster igjen i hagen.

Ikkje kvart år me sitt slik den 1.okt. Kjekt med sjølvutløysar!

Flott vase.
Gubbe-sokkar.