søndag 16. oktober 2011

Haustferie.

Det er sundag, og ei god pauseveke er over. Jammen er me heldige me som jobbar i skulevesenet (flott ord!) og som får ha ein god pause midt i semesteret. Men eg har jobba litt, laga klart formingsoppgåver til 50 ungar, og vore på biblioteket og lånt mange spennandes bøker til dei lesehungrige 9-åringane. Men tid til ein hyttetur i lag med gubben og strikketøyet, blei det  likevel. Samt gode dagar heime, med rolege morgonar med både strikketøy og kaffikoppen. Det er jammen godt med pausar frå 
kvardags-travelheita innimellom.
Tomt i båtstøene. Det er tid for vinteropplag for båtane.

Skyer med gullkantar!

Me fann flotte danskeroser uti hagen. Fantastisk!

Eg er alltid redd for å ha for lite handarbeid med på tur. Det resulterer i at kanskje litt for mange prosjekt vert putta i sekken.

Me hadde eit fantastisk ver. 25 grader målte me her i solkroken!

Danske-tunikaen er ferdig! Nå er eg klar til julekos.

Gubben likar og å ha prosjekter. Denne gong malte han kjøkkenet. Flott og grått!

Litt haustfangst. Kjekt å få hummar. Den ein måtte me hive uti, det var ein rognhummar.
Den andre smakte fortreffeleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar