fredag 22. juli 2011

Sommar.

Nå har eg vore her! Flotte dagar, mange inntrykk, mykje metro, mange folk, koselig leilighet, nydelig garnbutikk, kjempegod mat, mykje trasking og flott picknikk. Paris var kjekt!

Eg tok det likegodt med heim!


Mykje trasking. Her ved Triumfbuen!

Flott garn. Noko fekk vere med heim!

Vår holdeplass!



Nå satsar me på flotte dagar resten av ferien. Øverst på ønskelista:
SOL!

søndag 10. juli 2011

Prøvefarging.

I dag klarte eg ikkje halde meg lenger. Måtte bare prøve. Fant fram alt utstyret og sette igang. Med prøvefaring av garn. Eg hadde plukka mykje ryllik på stranda her ein dag, og tørka det fint i eldhuset. Kokt ute på den nye kokeplata på grillen, blei det ein fin gulfarge. Eg gler meg til fargeriet som me skal etablera på hytta! Kanskje eg får nok garn til eit teppe i Domino?
Kvit, fint ullgarn - kjøpt i Seljord for 26 år sidan!


Tørka ryllik

Garn + ryllik + alun i gryta.
 
Etter ei stund begynte den gule fargen å vise seg.

Gul, gulare.......

Gulast! Klar til bruk!

lørdag 9. juli 2011

Sommar-beising!

Nokre regnfulle sommardagar kan brukast til så mangt. Eg har hatt ein prosjekt på planleggingsstadiet over lengre tid, og endeleg greide eg å rive meg laus frå strikketøy og sommar-lektyre, og sette igang. Me har ein stor og god kjøpmannsdisk i gangen, i luta furu eller noko slikt. Nå var den ganske sleten, og eg var lei av å sjå den slik. Så etter ein innkjøsrunde var det bare å gå igang. Tre små boksar med beis - i ulike fargar. Blå, lilla og grå! Spennandes. Kjekt å svinge malekosten innimellom. Og resulatet? Sjå sjølv! Eg er kjempegodt fornøgd!
Kva er den optimale plasseringen av dei ulike fargane, tru? Det kan nok diskuerast!

Nå gjeld det å huske kven sine skuffer det er. Me har kvar våre.

Den lilla beisen vart litt mørk, men fin likevel.

torsdag 7. juli 2011

Sommarlektyre.

Det nærmar seg ferietid. Eg har rektignok hatt ferie lenge! Det er jammen fint å vere lærar om sommaren! Men nå får endeleg gubben og ferie og me kan dra ut på tur. Etter nokre dagar i storbyen Paris, skal me ut på kjøretur. Bare oss to eldste i familien. Me skal ein tur nordover vestlandet, til kjekke slektningar på mørekysten. Det kan jo bli kjedeleg me ein så lang kjøretur, (eg kan jo strikka, då), men  kva i all verden skal me snakke om heile tida? Og så skal me jo kjøre heim igjen og, det er like langt det. Så nå har biblioteket fått eit besøk, og to lydbøker er lånte. I år skal me altså prøve ut det - å høyre lydbok underveis. Kanskje det vert vellykka? Kanskje må me ta ein ekstra omveg for å høyre ferdig?  Me får evaluera etterkvart!
To lydbøker - ca. 21 timar høyretid.




tirsdag 5. juli 2011

Morgontur.

Idag hadde eg meg ein flott morgontur på stranda. Det er deilig å stige ut  av bilen ved hengjebrua ved Sele, og leggje i veg sørover. Eg likar best å gå i dei graskledde sanddynene. Det er god trening for ryggen. Idag var det heilt spesielt. Sjeldan har eg sett så mange ulike blomstersortar som i dag. Turen tok litt lenger tid enn den pleier, eg måtte stoppe opp og nyte synet + ta bilder! Men kva gjer vel det? Ferietid er jo gode, late dagar!
Blodstorkenebb
Gulmaure

Ukjent av meg, men fin.

Blåklokker

Rødkløver

Nyperoser

Stien går tett inntil kornåkeren.

Ryllik - eg plukkte store mengder her ein dag - til fargeriet.

Gult er kult!

Ein slags -vikke.


Og her kjem ein liten videosnutt - 
eg har kalla den 
" Ein grønn morgon"!
(Eg holdt visst telefonen opp/ner då eg filma!
Sånn er det med amatørar!)

søndag 3. juli 2011

Nye strenger!

Eg har tatt i bruk nye (les:gamle) sider av meg sjølv. 
Eg fekk ein utfordring for ei tid si, 
av min gode kollega Siri.
Ska me begynna som spelemenn?
Og sidan me begge to hadde ei fortid 
som lovandes fiolinistar på høgt plan - 
og med ei lysande framtid i sikte, 
var det lett å slå til på eit slikt tilbud.
Nå har me fleire opptrinn bak oss, 
og responser ha vore formidabel.
Ståandes applaus  og trampeklapp, 
ein kan fort venne seg til slikt!
Så dersom nokon har brukt for eit artig innslag
- bare ta kontakt.
Repetoaret er variert -
Fader Jacob med ulike bevegelsar og måtar å 
traktera instrumentet på!

To feler - ein bue! Avansert!

Kanon - med hatten på snei!

Blindpassasjer!

Eg har vore blindpassasjer! Det var ein artig opplevelse. Gubben skulle på bedriftsbesøk i Danmark, eller foretningsreise som eg likar å kalla det. Det høyrtes ganske fornemt ut, syns eg. Og jammen klarte eg å snike meg med! Ledige plass i forsete - og på hotellrommet, og med ein varebil som framkomsmiddel der det var enormt god plass til varer - dette kunne eg bare ikkje motstå! Så mens turkammeraten min jobba, utforska eg danske småbyar. Eg hadde drevet litt research på forhånd (søkeord: garnbutikk i Horsens), og eg fann ein utruleg flott strikkebutikk i byen! Det var ein fantastisk opplevelse! Utruleg mye flott garn, veldig hyggelige og hjelpsome strikkedamer bak disken, så eg gjekk ikkje tomhendt ut herifra! 3 flotte strikketøy + ei spennandes bok ville vere med meg heim! Ellers fann eg jo andre spennande butikkar og, det var nemleg "UDSALG" over alt. Koseleg å rusle rundt og ha litt god tid til shopping. Men aller helst kunne eg tenkt meg å sette igang strikkinga med det same! Me hadde bryllupsdag mens me var "der sør", og det er jo og alltid  koseleg. 27 år, jammen har tida gått! Nydeleg tre-rettar middag på Hjørring Kro sette ein ekstra spiss på dagen! Bilka måtte og utforskast, me følte me var med i tv-serien frå Sverige. Skikkeleg "Harry-handling." Men noko fornuftig ville vere med heim nemleg ny grill til hytta og god mat! Godt med god plass i bilen! Heimturen vart over gyngandes grunn, og for første gong såg eg reiseledaren min spy. Interessant. Det var lurast å bli verandes i setet med augene igjen. Ferjemannskapet hadde ei travel tid!

Ut på tur - i firmabil.
Ei strikkestund på kroa!
Det var ganske mykje trafikk, og mykje regn nedover motorvegen.

Her var den nydelege strikkebutikken som eg fant! Inni eit smau, så eg måtte leite litt etter den.
Ein titt oppi posen viser masse nydeleg ullgarn.

Dette skal bli til ein Marianne Isager-jakke. Blå bol, og stripete armar! Eg gler meg til å setta igang!

Julerødt garn - ein fin tunika til jul!

Det hang eit nydeleg sjal i butikken. Det ville bli med heim, iallefall mønster og garn. Nederst skal det vere ein strikka blondekant.
Bilka hadde eigen"Haveavdeling" og. Her fann me nydelege roser og masse lavendel!






Ein 100 mils lang biltur kan resultera i så mangt. På denne turen greide eg å strikka nesten 5 oppvaskfiller. Den gule vart ikkje ferdig - eg måtte vere sjåfør for gubben var kvalm :-)
Desserten etter ein knallgod middag!
Bytur med cafèbesøk. Club Sandwich er alltid ein favoritt!

Store prosjekter!

Eg liker store prosjekter! Ting som tar litt tid! Slik som tepper i domino. Her ein dag fekk eg prøve meg med ekstra grove pinnar og tjukt garn. Heskjestaurar som strikkepinnar, og klatretau som garn. Det måtte samarbeid til for å mestre denne oppgåva.  Men jammen var det artig. Og heldigvis slo me mennene som me konkurrerte mot!