søndag 10. juli 2011

Prøvefarging.

I dag klarte eg ikkje halde meg lenger. Måtte bare prøve. Fant fram alt utstyret og sette igang. Med prøvefaring av garn. Eg hadde plukka mykje ryllik på stranda her ein dag, og tørka det fint i eldhuset. Kokt ute på den nye kokeplata på grillen, blei det ein fin gulfarge. Eg gler meg til fargeriet som me skal etablera på hytta! Kanskje eg får nok garn til eit teppe i Domino?
Kvit, fint ullgarn - kjøpt i Seljord for 26 år sidan!


Tørka ryllik

Garn + ryllik + alun i gryta.
 
Etter ei stund begynte den gule fargen å vise seg.

Gul, gulare.......

Gulast! Klar til bruk!

2 kommentarer:

  1. Så spennande Tone! Var ikkje det kjekt? Me hadde mykje plantefarging medan eg gjekk på husflidsskuleni si tid:))

    SvarSlett
  2. Kjempekjekt å farge garn. Og spennandes. Det blr nok meir av dette.

    SvarSlett