søndag 30. august 2015

På tur igjen.

Ut på tur igjen! Sundag, god tid, fint ver, Jærkysten kalla.  Joggesko, shorts, flaske med vatn i, og litt frukt i sekken, og så var me klare. Me må stadig kjøyre lenger for å parkere bilen, sidan me som oftast går sørover. I dag parkerte me ved  Nærlandparken, og gjekk ytterst ved havet, forbi Hå gamle prestegård og til Kvassheim fyr. Her hadde me pause, før me gjekk tilbake til bilen. Me tok nokre snarvegar på heimveg, men turen vart på 9,3 km. Ein flott ettermiddagstur.

Sidan eg hadde hoppt over tur nr. 45, 
så må denne få det nummeret.
Men snart er me klar for tur nr. 51!

Flott natur.


Ved Hå gamle Prestegård.


Ved Obrestad fyr fekk me
flott paragliding-oppvisning.
Fasinerandes.


Kornet er snart modent!

 

Jakke til Gubben

Noko av det eg har strikka inntenst på i sommar, er Gubbe-jakken. Eg syns kanskje eg av og til er litt egoistisk når eg bare strikkar til meg, så nå var det Gubben sin tur. Me fann ein fin jakke i eit litt gammalt Sandnes hefte for menn, og kjøpte inn passandes garn. Nydelig jeansblå i Sisu. Litt tynt garn, og derfor tok det litt lang tid. Men nå er den ferdig - etter litt småjusteringar undervegs. Måtte strikke den litt lenger + halskanten 2 gonger. Men sånn høyrer med. Me skal vere fornøyd - både eg og brukaren. Me fann fargerik glidelås  - og på andre i-syings-forsøk, blei den og fin. For at  ikkje glidelåsen skulle vere så prangande på baksida, strikka eg eit tynt belegg og sydde på. Fann eit tynt ullgarn i lik farge (alà sytråd).  Så nå er Gubben fornøy - og då er eg og det!

Gubben i Eldhuset.
Her likar han seg godt!



Tynt belegg på innsida.


Strikketid

Det har vore stille på bloggen i det siste. Men det betyr ikkje at me ikkje har noko å finne på. Men det er nok kanskje andre ting som har hatt fokuset ei stund.  Men uansett - strikketøyet er aldri langt unna.
Nå er kvardagsrutinene på plass igjen, det er bare oss to besteforeldre som har fast adresse her i huset igjen, Veslejenta er reist til Tromsø for studentliv, Reisejenta har starta i ny jobb - og Eldstejenta kosar seg heime i permisjon med vesle Tordis.

Oppi strikkekorga ligg nokre nye prosjekt. Eg har vore ganske flink i sommar og strikka ferdig noko av det halvferdige, og det likar eg godt. Av og til tenker eg "at så greit det hadde vore med bare eit strikketøy!" Men kva skal eg då gjere i bilen, eller når eg ser TV og ikkje orkar å sitte i heilt i ro med hendene, eller når me er mange i lag som kosar oss med spøtet, eller når eg er ledsager for ei gammal mor og me må bruke mykje av dagen til venting?  Eg er visst avhengig av fleire påbegynte strikketøy - eit til kvar anledning. Så får det heller vere at enkelte ting tar litt lenger tid.

Akkurat nå er det dette eg har i strikkekorga:
Mest  ego-strikk - og litt mormorstrikk.
Kåpa mi veks.
Men litt stort og varmt å strikke på i sommar.
Nå er det fint frukoststrikk.

Eg likar godt mønsteret.
Kanskje det kan brukast til ei pute og.

Ny Arangenser.
Eg har alltid hatt ein lys arangenser i skapet.
Akkurat nå manglar eg ein,
då er det på tide med ein ny.

Eg har "designa" mønsteret sjølv -
dvs funne fram og sett saman dei flettene
eg likar og vil ha.
Dei med "hol" i lærte eg på kurs med Linda Marveng.
Litt stas:-)

Garnet vart kjøpt på Pickles i Oslo i fjor.

Blåveispiken.
Denne kosar eg meg med når eg er aleine.
Eg likar ikkje å vere for opptatt av spøtet i sosiale settingar.
Må jo ha tid til den gode praten då.

Spennandes med mykje mønster.
Litt mormorstrikk.
Vesle Tordis skal få seg ein heil dress.
Blir nok god og varm i vinter.
Garn frå Pickles.

Restegarnsprosjekt:
Nytt håndkle.
Kjekke å ha som presangar.
Og gode å bruke på kjøkken eller gjestetoalett.
Litt rare fargar - ikkje heilt "mine".
Eg er nok ei meir blå-grønn-lilla-dame.

Nye nøster - i nydelege haustfargar.Farleg å gå innom Sandnes garn sitt fabrikkutsalg.
Her finn eg ofta fine nøster.
Desse blir nok til fleire håndkle.
Desse låg i ei restekorg.
Rowan-garn


Eit hekle-prosjekt.
Ikkje ofta eg finn fram heklekroken.
Får litt meir vodt i hendene av det.
Dette er snart ferdig - må nok ha eit eige blogginnlegg om det.
Stikkord her er :
KRAKK
Det handlar om ein krakk.
Eit lite, hemmeleg prosjekt:
Meir riller - meir striper - i bumull - artig liten sak.
Meir info etterkvart.
     

lørdag 29. august 2015

Meir tur - nr.47 og 48

Me nærmar oss målet - 52 turar i løpet av 2015. Men  i det siste har me hatt litt travle dagar - med oppstart for 20 nye 1.klassingar på skulen for meg - og ny jobb for Gubben. Og nå når me har blitt besteforeldre,  så er me jo ganske gamle - og treng å kvile oss litt innimellom! Kanskje! Eller tida har ikkje strukket til for dei lange utskeielsane. Jammen godt me fekk gått litt i sommar. Men me er nok snart i gang igjen.

Me litt småturar har det blitt - og tur nr. 48, 49 og 50 er unnagjort. Men eg trur jammen me har hoppa elegant over tur nr.45..... Den må me ta neste gong!


Tur 48: Stranda vår - 5 km.
Ingen bilder....

Tur 49: Langs sjøen på hytta.
4,5 km

Tur nr. 50 : Hafrsfjord - Kvernevik
 6km i pøsregn.
Minnesmerke over Aleksander Kielland-plattformen.
Brutte lenker


Det blei ganske vått etterkvart


Nydeleg lyng langs ruta,


Kjekt å lufte seg litt - i all slags ver.

onsdag 12. august 2015

Sykkel og strand

Nye turar - det er jammen godt å ha sett seg ein mål, då er det lettare å komme seg ut. Her ein ettermiddag med fint ver, lokka eg Gubben med på årets første sykkeltur - ilag. Andre år har me tråkka rundt mange mil, men i år er han visst mest opptatt av seiling. Dermed har eg hatt sykkelturane i fred. Men denne dagen var han med - og me tok runden rundt Sola flyplass. Flott tur, mest sykkelstiar, ein del motvind, og godt å komme heim til ein god og varm dusj. Me er jammen heldige som har muligheten til å få oss ein luftetur i ny og ne.   Tur nr. 46 vart dermed 32 km på sykkel.

Flystripa i bakgrunnen.
Godt å ha klatretrøye på når ein syklar rundt på flate Jæren.
Mi er innkjøpt i Nice - på "Tour de France" i 2013.
Passa godt når eg sykla min eigen "tour in France"
 Tur nr. 47 gjekk langs kystlinja vår. Turen gjekk frå Viste strandhotell til Tungenes fyr, og er det nordligaste strekket på ruta. Denne strekningen har me gått ein gong før, men ikkje i år. Me har jo lyst å ha heile strekket dette året. Så då var det ut på tur på ny. Me greide å lokke syster Rønnaug og svoger Sigve med oss, det er kjekt med turlag. Oppholdsver, ein del vind, blomsterfryd langs ruta, mange gamle trebåtar og naust som Gubben måtte sjekke opp, god nistemat, gode samtalar og 13 km tilbakelagt. Me gjekk på rullestein, sandstrand, kulturbeiter, stiar og mange svaberg - ganske variert løype. Denne gong slapp me å gå begge vegar, me hadde planlagt godt og sett ein bil i kvar ende av rutetrasèen.



Lyngen hadde begynt å blomstre.
Det er snart haust.


Målet for turen -
Tungenes fyr



tirsdag 4. august 2015

Fleire turar

Me har nådd over nokre turar til. Når veret har vore såpass dårleg i sommar, fann me ut at det var lurt å komme seg ut på tur. Det er ofte betre å gå på tur når det ikkje er så steikandes varmt. Ikkje plager fluene oss heller når det er litt kjøligare  Me har greid å tyde vervarslingane ganske bra, og funne dei solglimta som kom innimellom, og jammen vart det ofte betre enn dei melde.

Me har vore ivrigaste på føtene, men me har og hatt 2 roturar. Innimellom har me brukt "Malena" som seilbåt, men det kan nok ikkje reknast med her. Eg sat i baugen og koste seg med strikketøyet, mens Gubben drog litt i tauene. Ikkje særleg anstrengandes. Og til nå har me heller ikkje hatt nokre sykkelturar i lag. Eg har hatt meg nokre rundar aleine, så dei får vere bonusturar.

Tur nr. 40:
Rotur til Børøy ( eller Trille-børøy)
3,2 km.



Tur nr.41
Sopptur  på Randøy - på ein hemmeleg plass.
4,5 km.
Eit lånt bilde frå Google.
Me gløymte å ta bilde...


Tur nr. 42:
Trodla Tysdal - tur/retur 
16 km
Det blei ein del høgdemeter på denne turen og,
Men herifrå var det bare unnabakke -
uansett kva veg ein gjekk.

Ein fin foss langs ruta.
Kjekt med "fjellfi" då.
Flott og avsidesliggandes gardsbruk
som er i drift
.

Godt med ein kvil -
med litt mat og strikk i sola.
Denne dagen vart veldig mykje betre enn kva yr.no meinte.

"Løftet"
Her stod det skilt om at ein
sterk mann kunne løfte alle tre på ein gong.
Dette måtte Gubben sjølvsagt prøve.
Alle tre var oppe i frå bakken.
Såvidt.


Tur nr. 43
Rotur rundt Børøy-vika.
4,5 km
Hadde ingen bilder frå denne turen.....


Tur nr. 44 
Refsnes - Nærland
10 km

Flott tur langs havet.
Neste gong kan me starte på Nærlandsheimen.


Sommarstrikk

Sommaren er på hell - det er allereie august. Den gode lange ferien min nærmar seg og slutten. Men eg har fått brukt den godt - både til ferie, rydding og småprosjekter heime, turliv - og innimellom strikking. Akkurat nå minkar det på påbegynte arbeid på pinnane, og det er faktisk ganske godt. Eg likar jo å bli ferdig og få ta i bruk det eg har laga.

I sommar - som så mange gonger før - hadde eg pakka med meg ein stor bag med strikketøy. Må jo vere førebudd på dårleg ver, god tid og skapartrang. Eg fekk ikkje brukt for alt, men det gjer ikkje noko. Eg likar ikkje å ha for lite garn, då blir eg så rastlaus. Eg greier dårleg å bare sitte i ein stol og ikkje gjere noko, iallefall når muligheta til litt strikketid er til stades.

Men her er det som har vore på pinnane denne sommaren:

Gubbejakken er ferdig,
Den manglar bare ein fargerik glidelås.
Kjem nok eit eige innlegg om den snart.
Med Gubben som fotomodell.

Eg er glad i striper -
og har masse tynt bomullsgarn.
Det er god kombinasjon.
Rillestrikk passar utmerka til bilstrikk.
Til og med inni tunellar.
Eller i sosiale settingar.


Eg strikka 3 slike håndkle,
og starta på det 4.
Kjekt å ha.....
Ikkje symmetri

Symmetrisk mønster.
Begge deler fungerer.
Kjekke å ha som presangar.
Og gode å bruke på kjøkken eller bad.

Det nærmar seg skulestart.
Eg skal i gang med ny 1.klasse.
Då pleier me å ha med oss ein Bamse-venn.
Den måtte sjølvsagt ha seg ein ny genser.

Tynn-flette-puta er ferdig!
Trur denne og skal få bli med til hytta.
Eg fann bilde av ei slik på Pinterest,
og lagte min eigen vri.


Kjekt å putte eit strikketøy i sekken,
særleg når det er lite.
Kan ver me får god tid undervegs.
Og særleg om Gubben har med fiskestanga,
då tåler eg å vente litt når eg har eit strikk med.
Det gjekk til og med fint å strikke på seiltur.