tirsdag 4. august 2015

Sommarstrikk

Sommaren er på hell - det er allereie august. Den gode lange ferien min nærmar seg og slutten. Men eg har fått brukt den godt - både til ferie, rydding og småprosjekter heime, turliv - og innimellom strikking. Akkurat nå minkar det på påbegynte arbeid på pinnane, og det er faktisk ganske godt. Eg likar jo å bli ferdig og få ta i bruk det eg har laga.

I sommar - som så mange gonger før - hadde eg pakka med meg ein stor bag med strikketøy. Må jo vere førebudd på dårleg ver, god tid og skapartrang. Eg fekk ikkje brukt for alt, men det gjer ikkje noko. Eg likar ikkje å ha for lite garn, då blir eg så rastlaus. Eg greier dårleg å bare sitte i ein stol og ikkje gjere noko, iallefall når muligheta til litt strikketid er til stades.

Men her er det som har vore på pinnane denne sommaren:

Gubbejakken er ferdig,
Den manglar bare ein fargerik glidelås.
Kjem nok eit eige innlegg om den snart.
Med Gubben som fotomodell.

Eg er glad i striper -
og har masse tynt bomullsgarn.
Det er god kombinasjon.
Rillestrikk passar utmerka til bilstrikk.
Til og med inni tunellar.
Eller i sosiale settingar.


Eg strikka 3 slike håndkle,
og starta på det 4.
Kjekt å ha.....
Ikkje symmetri

Symmetrisk mønster.
Begge deler fungerer.
Kjekke å ha som presangar.
Og gode å bruke på kjøkken eller bad.

Det nærmar seg skulestart.
Eg skal i gang med ny 1.klasse.
Då pleier me å ha med oss ein Bamse-venn.
Den måtte sjølvsagt ha seg ein ny genser.

Tynn-flette-puta er ferdig!
Trur denne og skal få bli med til hytta.
Eg fann bilde av ei slik på Pinterest,
og lagte min eigen vri.


Kjekt å putte eit strikketøy i sekken,
særleg når det er lite.
Kan ver me får god tid undervegs.
Og særleg om Gubben har med fiskestanga,
då tåler eg å vente litt når eg har eit strikk med.
Det gjekk til og med fint å strikke på seiltur.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar