søndag 28. august 2011

Seinsommarhelg.

Det er definnitiv  snart slutt på sommaren. September nærmar seg med stormskritt og kvardagen er i gang igjen. Denne veka har vore litt ekstra travel. Men ting pleier å roe seg etterkvart, når ein bare finn den gode kvardagsrytmen. Men litt strikking eg bare ha tid til innimellom. Leste nettopp at strikking er avslappandes og meditativt, det gjer fryd og glede og skaparglede. Det er hjernetrim (må av og til rekne og berekne litt). Og til slutt: Lykkefølelse når du er ferdig! Og så har ein noko å gje vekk til dei me er glad i! Eg likar sånne innlegg, med kloke ord om strikking! Ein liten titt i strikkekorgene viser at eg har nokre prosjekt på gang denne hausten og. Og eit stort prosjekt er ferdig, sengeteppe til hytta blei både stort og flott! Gubben gler seg til å krype under ei god og varm hyttedyne med teppet oppå ein kald vinterkveld. 
Det blei stort og varmt å ha i fanget.

Lykke:-)

Garn til frukost. Bare strikke litt i lag med frukosten. Den raude tunikaen tar form - og strikkast ovanfra.

Misjonsvenninnene mine har latt seg engasjere. Nå strikkar me lappeteppe til Nepal i lag. Eg syr det i saman!
"Strandteppet" nærmar seg og slutten. Nå strikkar eg "bølgekanten rundt!
Innimellom maskane lager eg feriedagbok. I år var dataen med på ferie. Raskt og effektivt. Mykje skrivearbeid er spart. Nå bare printar eg ut og limer inn:-)

Eg har begynt på ein yndlings-flettegenser. Frå ein av posane under senga.

Danskesjalet tar form. Skal snart begynna på blonden rundt!

Ein nydeleg kveldshimmel. Av og til kan det vere slik her på Jæren.

Stilling ledig her i huset! Kan ikkje sei eg har fått så mange søkara.... Inntil vidare får eg vere "vikar". Håpar lønna er god!

søndag 21. august 2011

Plommehaust.

Me har eit nytt plommetre i hagen. Planta det i fjor. Og jammen fekk me plommer på det i år. Tre-fire  stykker. Men nokre datt ner og sneglane stakk av med dei. Men ei fekk eg smake. Og den var god! Me får gleda oss til ein bugnandes plommehaust eit anna år. Kanskje neste år?

Plommå 2011

søndag 14. august 2011

Hurra for Matilde!

Gratulera så mykje med 24-års dagen! 
Eit år eldre - og bare eit år igjen som student! 
Lykke til med dagen og året!
Håpar begge deler vert flott.

Mannen som steller heime - del 2!

Eg er gift med ein handy-mann! Det er ganske deilig! Han likar å holde på med noko støtt. Enten svingar han mureskeia, eller sager ved,eller snekkrar,  eller steller i hagen. Innimellom koblar han røyrer og ledningar, eller maler og tapetserer. Og om noko er sundt, fikser han jammen det og. Ein og annan gong trår han til på kjøkenet. Ein av dei tinga han liker å lage er syltetøy. Nokre av dei som høyrer til i dette huset likar å ha mange sortar syltetøy. Eldstejenta påstår me har 10 ulike sortar i kjøleskapet til einkvar tid. Kanskje litt overdrivelse, men ofta er det mange. Og for å ha eit variert utvalg har gubben tatt sleiva i eiga hand (det gjekk for tregt før, når eg hadde ansvaret...) Denne gong sette gubben igang med plommesyltetøy. Han kom heim frå hytta med fleire bøtter fulle med blåplommer. Nydelege å ete, og gode som sylt! Så idag har deler av dagen gått med til rensing og koking av kjempegodt syltetøy!

"Dette ska bli godt!"

Helle på glass

Ferdig! Dei må stå på hovudet til dei er kalde, men kvifor?
                         Jammen er eg glad det er eg som får bu med denne handy-mannen!

lørdag 13. august 2011

"Se ka eg har lagt!"

Desse orda er ein ynda setning her i huset. Me likar godt å "putle" med ting som kan bli til noko, for så å vise det fram til dei andre i familien. Denne veka, som er den sisteferieveka mi, har eg fått ripsa plukka. Gunbben slo til i år og. Men safta har eg laga sjølv! Ca 30 liter råsaft som me har putta i frysaren. Nå ventar me  masse besøk som er rips-tørste! Så kom gjerne på besøk.
Flott farge og god smak.

fredag 12. august 2011

Rallarveien.

Me har vore på tur, sykkeltur denne gongen. Me har sykla Rallarveien for 2. gong. Det var ein flott opplevelse. Ikkje like godt ver heile tida, men avslutningen på turen var fantastisk flott. Nydeleg solskinn og godt og varmt! Me starta på Haugastøl, på leigde syklar som var kjempegode, og sykla inn til Finse i pøsregn. Her fant me eit flott hotellrom på "Finse 1222", ein god og varm dusj, 3-rettars middag, og eit godt og varmt badegolv til å tørka alle dei våte kleda på! Neste dag gjekk turen vidare over fjellet, over det høgaste punktet på 1343 meter, og så nedover mot Hallingskeid og Myrdal. Her sykla me ner 21 bratte hårnålssvingar, før me var nede i flatare terreng. Nedover Flåmsdalen gjekk det i fin fart, mellom geiter, flotte fossar, sjarmerandes gardsbruk og fotturistar. I Flåm fant me nok eit flott hotell, med ein god varm dusj. Me leverte syklane tilbake, og fekk oss ein fantastisk buffèmiddag til kvelds. Store cruise-skip og masse turistar sette sitt preg på bygda. Artig for oss og! Tilbaketuren over fjellet tok vi med tog. Først Flåmbana og så Bergensbanen! Takk for godt reisefølge til våre gode venner frå Ålgård. Nå er me spente på kor neste tur skal avviklast! Gler meg allereie:-)
Ein blid gjeng!
 
Skodda hang tung over fjella.

Nydelig dessert på Finse.

Gammalt og ærverdig hotell.

Gubben på sykkeltur! Han tok like godt all baggasjen!

Høgaste punkt!

Ein god lått for dei lilla damene!

Flott hotellmiddag.

Er det neste tur som er under planlegging, tru? Me gler oss;-)

Neste morgon hadde me denne utsikten frå rommet vårt. Nye turistar!

På togtur.

Turvennene "lurte" seg med på bilde!

Godt med lilla fleece og varme pledd! Klare for middag i Eidfjord.

Heimvegen gjekk gjennom Hardanger. Då måtte me kjøpe masse moreller.

lørdag 6. august 2011

Randøy Fargeri.

Sommarens store fargeprosjekt er gjennomført. Det var spennandes og kjekt. Eg hadde brukt ein del tid på forhånd til å plukke inn ulike planter som skulle gje fin farge, eg hadde lest meg opp, kjøpt inn alun som er eit teknisk middel som bind fargen betre til garnet, kjøpt ny nøstemaskin, og eg hadde bunta garnet i fine hesplar - 50 gram i kvar. Så då jentene  kom på hytteferie, sette me i gang. Kokeplata fekk stå ute i sola, då gjorde det ingenting om det vart litt søl! Resultatet vart bra, men det meste gav gul farge! Så nå er utfordringen å hauste inn nye sortar som kan gje feks. brune, grønne, røde og lilla fargar. Ja, me veit om potteblå, men me prøvde ikkje ut dette denne gongen. Kanskje ein annan gong? Dette var iallfall kjekt å halde på med, og det var definitivt, ikkje siste gong! Helst kunne eg tenkt meg eit kurs. Så om nokon har gode tips til spennandes fargar, mottas dei med takk!

Masse fint ullgarn frå Hillesvåg ullvarefabrikk
Reinnfann - skulle gje grønnt garn, men det og vart gul.
Pors og blåbærlyng - klar til bruk.

Spennandes å putta garnet i gryta!
Høymol - gav flott gul farge.

Ei spennandes "suppe".
Tørking pågår!

Dette garnet farga me to gonger - først med blåbærlyng, då vart det gult, og så med blåbær og litt solbær.
Då såg garnet lilla ut, men det vart grønnt!
Me skylte ut alle planterestar + den fargen som var til overs.

Masse flott garn.
Lav gav nydeleg fersken farge.

Kjekt med hesplatre og nøstemaskin

Flotte nøster:-)

Og kva kan så dette brukast til? Eit domino-teppekanskje?

Sommaren er på hell....

Jammen går desse sommarvekene fort. Det nærmar seg slutten av ein god ferie og me har vore mykje på farten. Me har vore heimom nokre gonger for å vaske litt kler, pakke om og fylle opp kjøleskapet. Sjølv om det har vore ein del regn og kaldt ver denne sommaren, har me kost oss, særleg på hytta. Det er nok den plassen me slappar aller best av på og ladar godt opp. Då har eg i tillegg god tid til strikking! Og når det i tillegg er 20 grader i sjøen - då er det knallgodt med eit bad!
Guro og Sebastian kom inn ei helg! Koselig!

Maren, Matilde& Aleksander kom. Veldig kjekt med ei familiehelg.


Makrellfangst.

Tøff jente.
Bålkos.
Nye puter - desse strikka eg ferdig i ferien. Manglar bare pynteknappane.
Hytte-sengeteppet er nesten ferdig. Bare ei remse igjen.

Heimelaga. Godt til vinteren når me "ligg i hi"!

Gode kveldar med lys og lykter på terrassen.
På sykkeltur rundt Finnøy! Litt øyhopping i år og.
Gubben som skipper. Då kjem me oss trygt fram.
Nyslått gras.