lørdag 6. august 2011

Randøy Fargeri.

Sommarens store fargeprosjekt er gjennomført. Det var spennandes og kjekt. Eg hadde brukt ein del tid på forhånd til å plukke inn ulike planter som skulle gje fin farge, eg hadde lest meg opp, kjøpt inn alun som er eit teknisk middel som bind fargen betre til garnet, kjøpt ny nøstemaskin, og eg hadde bunta garnet i fine hesplar - 50 gram i kvar. Så då jentene  kom på hytteferie, sette me i gang. Kokeplata fekk stå ute i sola, då gjorde det ingenting om det vart litt søl! Resultatet vart bra, men det meste gav gul farge! Så nå er utfordringen å hauste inn nye sortar som kan gje feks. brune, grønne, røde og lilla fargar. Ja, me veit om potteblå, men me prøvde ikkje ut dette denne gongen. Kanskje ein annan gong? Dette var iallfall kjekt å halde på med, og det var definitivt, ikkje siste gong! Helst kunne eg tenkt meg eit kurs. Så om nokon har gode tips til spennandes fargar, mottas dei med takk!

Masse fint ullgarn frå Hillesvåg ullvarefabrikk
Reinnfann - skulle gje grønnt garn, men det og vart gul.
Pors og blåbærlyng - klar til bruk.

Spennandes å putta garnet i gryta!
Høymol - gav flott gul farge.

Ei spennandes "suppe".
Tørking pågår!

Dette garnet farga me to gonger - først med blåbærlyng, då vart det gult, og så med blåbær og litt solbær.
Då såg garnet lilla ut, men det vart grønnt!
Me skylte ut alle planterestar + den fargen som var til overs.

Masse flott garn.
Lav gav nydeleg fersken farge.

Kjekt med hesplatre og nøstemaskin

Flotte nøster:-)

Og kva kan så dette brukast til? Eit domino-teppekanskje?

1 kommentar:

  1. Hei og takk for sist! Kluten er i flittig bruk. Liv Inger måtte få oppskrift, men me lurer på kva garn du har brukt.Dine ble mye finere enn den eg prøvde meg på! Masse nydelig garn du har farga!Eg har og Farga for mange år sidan, Har en del litteratur og oppskrifter, du kan få låna og kopiera!Lykke til videre!!! Hilsen Margrete

    SvarSlett