lørdag 6. august 2011

Sommaren er på hell....

Jammen går desse sommarvekene fort. Det nærmar seg slutten av ein god ferie og me har vore mykje på farten. Me har vore heimom nokre gonger for å vaske litt kler, pakke om og fylle opp kjøleskapet. Sjølv om det har vore ein del regn og kaldt ver denne sommaren, har me kost oss, særleg på hytta. Det er nok den plassen me slappar aller best av på og ladar godt opp. Då har eg i tillegg god tid til strikking! Og når det i tillegg er 20 grader i sjøen - då er det knallgodt med eit bad!
Guro og Sebastian kom inn ei helg! Koselig!

Maren, Matilde& Aleksander kom. Veldig kjekt med ei familiehelg.


Makrellfangst.

Tøff jente.
Bålkos.
Nye puter - desse strikka eg ferdig i ferien. Manglar bare pynteknappane.
Hytte-sengeteppet er nesten ferdig. Bare ei remse igjen.

Heimelaga. Godt til vinteren når me "ligg i hi"!

Gode kveldar med lys og lykter på terrassen.
På sykkeltur rundt Finnøy! Litt øyhopping i år og.
Gubben som skipper. Då kjem me oss trygt fram.
Nyslått gras.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar