søndag 28. april 2013

Ei lysanedes framtid!

Årets mest ufornuftige prosjekt er over! "Du er ganske sprø!" sa systera mi ein dag! Og det er kanskje sant. Men innimellom er det litt herleg å gjere noko som ikkje er forventa, og litt artig å få mange ulike reaksjonar. Prosjektet som eg starta i slutten av februar er avslutta, og i restegarnskorga mi er det blitt betre plass. Nesten 5 meter er oppstrikka, i glattstrikk. Det meste går i blåe og grønnlige fargar, men innimellom finn me litt brunt og grått og sånn, måtte jo bruke opp dei restenøstene og! "Slangen" har vore ferdig ei lita stund,  i påvente av fint ver og god tid - og i går var begge desse to tinga til stades. Nydeleg ver på ein lørdag - det passa fint. Så då var det bare å rigge seg til ute, med stoppenål, saks i ein tråd rundt halsen, campingsstol, kamera på sjølvutløysar og gode vindtette kler. Litt kaldt å stå i ro på samme plassen i mange timar! Naboane lurte litt på kva i alle dager eg held på med, og eg fekk fleire koselege samtalar i løpet av dagen. Ein god  innfallsvinkel til ein god prat! Eg lurte litt på korleis eg skulle få opp den siste delen, men eg sydde alt på stolpen først, før eg skudde remsa oppover. Tilslutt var Gubben komen heim frå kyrkjedugnaden, så  han tok stigen og klatra til topps og retta ut alle skrukkene. Restegarnskorga vart ikkje tom - nå må nye sprøe prosjekt klekkast ut.

Klar, ferdig, SY!

Greit med ein stol i starten.

I gang......

Her går det unna.


"Sokkaseg"!


Oppå denne steinen vart eg ståandes lenge.


Natuleg trådhaldar - slik at dei ikkje fauk vekk i vinden.
Sjølv om det var eit "tøyseprosjekt" der det ikkje var
så nøye med festing av trådar og slikt:
Eg likar at ting er skikkeleg, alle trådar er nydeleg festa!

Hit, men ikkje lenger.
Det var det høgaste eg greide å skubbe "sokken".

Skikkeleg fasongstrikk.
Må ha god passform til ein stolpe og.

Dagens  knestrømper stod i stil.

Nesten ferdig - sjå kor fint strømpene mine matchar!

Gubbehjelp.
Eg haldt stigen.

Lett å finne mitt hus nå - eg bur der med den strikka stolpen!

Nå er eg spent på smitteeffekten -
tar nokon utfordringen  om ein eigen strikka stolpe?

Etterpå blei det tid til ein tur til hagesenteret.
Herleg å pynte med litt blomar igjen!
Og ja - blått er verkeleg min farge.

lørdag 27. april 2013

Eit skritt fram og to tilbake.....

Innimellom går ikkje alt på skinner. Kvardagen kan møta oss med ulike utfordringar. Slik er det på strikkefronten og. Av og til går det superlett mot målet, innimellom ser me at dette blei ikkje heilt som forventa. Eg held på med eit slikt prosjekt nå. Eg har tenkt og målt og målt og tenkt, men likevel strikka vidare. Men nå var det slutt. Eg såg at jakken min blei litt smalare enn det eg hadde lyst den skulle bli. Eg likar ikkje å gjere ferdige ting eg ikkje er fornøyd med. Då er kort prosess det beste : opprekking. Fort gjort å komme tilbake til utgangspunktet. Nå har eg starta på ny, litt tregt å komma igang, eg innrømmer det. Men eg er igang. Blir nok ferdig eingong likevel:-)

Nesten oppe med armhola.....

Det går fort å rekke opp og lage nye fine nøster!

På an igjen!


søndag 21. april 2013

Vårhelg

Ei god helg er snart over, me skal snart starte på ei ny arbeidsveke. 40 skuledagar igjen til sommarferien, det er jammen ikkje lenge. 1.klassingane mine tell kor mange dagar me har gått på skulen, derfor veit eg det så nøyaktig. Ingen nedteling til ferien for eigen del her i huset, nemleg. Ei travel veke er over, 18 kjekke samtalar med elevar og foreldre tar litt ekstra tid, men det er kjekt og. Derfor har det blitt lite strikking denne veka..... Men det gjer ikkje så mykje, nye dagar kjem, nye gode øyeblikk der eg kan ta ein pust i bakken og slappe av med strikketøyet. Men helga har vore innhaldsrik: kjekke samvær med gode venner, både fredag og lørdag, elggryte servert her i heimen til jentene våre og svigersønner/kjærastar, sykkeltur rundt Orrevatnet (2.2 mil),  kaffibesøk av mor og syster, litt planlegging av den store 50 årsdagen som nærmar seg med stormskritt, og lørdag vart kjøkkenet omgjort til bakeri! Herleg å bake opp litt som me kan ha på lur i fryseren. Eg er ikkje særleg aktiv på den fronten! Men eg har lite nyheter å vise fram frå strikkekorga denne gong, derfor tok eg meg ein runde i hagen på leit etter våren. Den har jammen vore sein i år. Men HURRA - den kjem i år og!
Nydelig nytt liv!

Krokusane

Når andre sine snøklokker visnar, titter mine opp.
Litt lite sol i ein norvendt hage om våren!

Gjennsynsglede:
Det blir gressløk i eggerøra i år og!

Minner frå i fjor:
Gubben har ikkje hatt tid til hagearbeid i år, han bygg på kyrkja.
Kanskje det blir løk seinare likevel.

Minstejenta er blitt russ.
Ho har brodert bunadssøm på russebuksa.

Ei ny strikkekorg, forresten - fekk lov å bu i stova.
Her ligg strikketøya som er dagleg i bruk!
Eg ønsker alle ei fin arbeidsveke
- nyt dagane
- det er dei som er livet!

søndag 14. april 2013

Aprilstrikk!

Det er egentlig lang uti våren, men jammen har den latt vente på seg i år. Kuldegrader om nettene og ei stund utover dagen, før sola har fått sleppe til. Så hage-vår-onna har blitt utsett. og dermed er det tid for å sette seg ner innimellom med eit strikketøy! Lett å finne ein unnskyldning for å kose seg litt.  Eg er ganske fornøgd med alle dei påbegynte prosjekta som eg har greid å avslutta. Og dermed er pinnane blitt ledige til nye prosjekt. Veldig kjekt å legge opp med nye fine nøster og sette igang. Akkurat nå er det desse tinga som er på pinnane:

Nå manglar eg bare ein liten meter
- så vert det ullen opplysning i Konglevegen.

Flotte, nydelege fargar - slike som eg likar!

Litt igjen i restekassa enda!

Nytt bilstrikk - i fine haustfargar.
Men lite langturar i det siste -
kanskje det blir ferdig til hausten.

Teppe til minstejenta nærmar seg slutten.
Siste remsa er under strikking.
Som frukoststrikk.

Blir dei like lange tru?
Me får hale og dra litt.

Snart ferdig!

Min "Røkejakke".  Er snart oppe under armene.
1.armen.

Siste tilskudd i strikkekorga.
Skal bli ein god kvardagsjakke til jobbruk!
I Kvardagsalpakka.
Virka som eit godt og stødig garn.

søndag 7. april 2013

Sykling i Provence.

I sommar skal me på langtur. Me fekk smaken på "det gode liv" frå sykkelsete i fjor då me sykla til Skagen. Nå er årets tur planlagt, i år blir det sykkeltur i Provence. Gjett om me gler oss. Tormod Turleiar og Siri Sykklist skal vere med. Å sykla frå by til by, i god temperatur, kjenne lavendellukt, ete makroner (og ikkje sneglar!), stoppe for  koselege rastepausar undervegs, snakke eit språk me ikkje forstår, få all baggasje kjørt frå hotell til hotell, ete nybakte baguetter til frukost....... Det kan fort bli mange kjekke opplevingar! Etterpå blir det late dagar i Nice! Det kan og bli nice:-) Syklar, kart  hotell og flybillettar er bestilte, nå må me bare øve opp bakdelen for mange mil på sykkelsetet.  I dag starta me  - årets første treningstur gjekk til Voll - Skjæveland - Engelsvoll - Klepp Stasjon og tilbake til Verdalen. Ein god runde, på 1,8 mil! Plutseleg er me klar - til "Tour de France"! (Bileta er funne på nettet!)






Me skal starte i byen Orange.
Og så bærer det nedover
bakkane til sjøen
- eller Middelhavet!
Håpar det blir tid til mange gode dukkertar.