søndag 21. april 2013

Vårhelg

Ei god helg er snart over, me skal snart starte på ei ny arbeidsveke. 40 skuledagar igjen til sommarferien, det er jammen ikkje lenge. 1.klassingane mine tell kor mange dagar me har gått på skulen, derfor veit eg det så nøyaktig. Ingen nedteling til ferien for eigen del her i huset, nemleg. Ei travel veke er over, 18 kjekke samtalar med elevar og foreldre tar litt ekstra tid, men det er kjekt og. Derfor har det blitt lite strikking denne veka..... Men det gjer ikkje så mykje, nye dagar kjem, nye gode øyeblikk der eg kan ta ein pust i bakken og slappe av med strikketøyet. Men helga har vore innhaldsrik: kjekke samvær med gode venner, både fredag og lørdag, elggryte servert her i heimen til jentene våre og svigersønner/kjærastar, sykkeltur rundt Orrevatnet (2.2 mil),  kaffibesøk av mor og syster, litt planlegging av den store 50 årsdagen som nærmar seg med stormskritt, og lørdag vart kjøkkenet omgjort til bakeri! Herleg å bake opp litt som me kan ha på lur i fryseren. Eg er ikkje særleg aktiv på den fronten! Men eg har lite nyheter å vise fram frå strikkekorga denne gong, derfor tok eg meg ein runde i hagen på leit etter våren. Den har jammen vore sein i år. Men HURRA - den kjem i år og!
Nydelig nytt liv!

Krokusane

Når andre sine snøklokker visnar, titter mine opp.
Litt lite sol i ein norvendt hage om våren!

Gjennsynsglede:
Det blir gressløk i eggerøra i år og!

Minner frå i fjor:
Gubben har ikkje hatt tid til hagearbeid i år, han bygg på kyrkja.
Kanskje det blir løk seinare likevel.

Minstejenta er blitt russ.
Ho har brodert bunadssøm på russebuksa.

Ei ny strikkekorg, forresten - fekk lov å bu i stova.
Her ligg strikketøya som er dagleg i bruk!
Eg ønsker alle ei fin arbeidsveke
- nyt dagane
- det er dei som er livet!

1 kommentar:

  1. Nydelige vårblomster! Her ligger det snøflekker rundt huset fremdeles, og skiene er ikke rydda bort. Fant fram sykkelen i dag forresten.

    God ny arbeidsuke!

    Klem

    SvarSlett